Hopp til innhold

Varslar sol over heile landet i starten av påska

Har du fri første del av påska, kan det vere lurt å ta fram solkremen.

Framleis vinter i Mosjøen

Sol i Mosjøen i Nordland og framleis snø i fjella rundt.

Foto: Sissel Breiland

Med ei knapp veke igjen til starten av palmehelga, har meteorologen danna seg eit bilete av korleis starten av påska kjem til å bli.

Førebels ser det særs lovande ut.

Bortsett frå litt regn i Agder sør i landet, og litt snø i Troms og Finnmark lengst nord i landet, blir det truleg mykje opphaldsvêr og sol, seier statsmeteorolog Dina Stabell.

– Særleg søndagen ser det ut som det blir fint ver i heile landet – og ein god start på påska.

Sol i Lærdal

Det kan bli fleire fine dagar som dette ved inngangen til påska. Biletet er frå Lærdal i Vestland.

Foto: Jan Christian Jerving

Varmen held seg unna

Allereie dei neste dagane blir det fint ver i ulike delar av landet, men varmen let vente på seg.

Nokre plussgrader på dagtid – og i hovudsak minusgrader på natta.

Med andre ord slepp ikkje vinteren heilt tak enno, men det kan bli litt varmare inn mot neste helg.

Store snømengder over Valdresflya

Det er framleis store snømengder over Valdresflya. Våren let framleis vente på seg.

Foto: Svein Helle

Meteorologen trur det kan bli varmast på Vestlandet med maks dagtemperaturar på mellom fem og åtte plussgrader. Det blir noko kjøligare på Austlandet og enda kaldare i Nord-Noreg.

I delar av Nord-Noreg blir det truleg minusgrader på dagen også gjennom palmehelga, ifølge meteorologen.

Allereie denne helga går temperaturen betydeleg ned.

– Temperaturen vil falle natt til søndag, og så held det seg lågt fram mot neste helg. Det gjeld eigentleg for heile landet.

I Tromsø har det aldri kome så mykje snø i mars hittil som i år, med 158 centimeter. Den førre rekorden er 150 centimeter frå 2000.

Snøbilete i nord

Tromsø har hatt snørekord så langt i mars.

Foto: Meteorologisk institutt

Plassert mellom lågtrykk

Akkurat no er Noreg plassert mellom ulike lågtrykk, som held seg unna oss. I tillegg kan det bygge seg opp eit høgtrykk gjennom helga, som gir stabilt og fint ver neste veke.

Også måndagen etter palmehelga ser bra ut, men prognosane så langt fram er meir usikre.

– Det vi ser på dei neste dagane er kor høgtrykket legg seg. Dersom det legg seg litt lenger aust, så kan lågtrykka som no ligg i vest kome inn.

Vårstemning på Sandane

Teikn til vår på Sandane i Vestland, men neste veke blir det kaldare.

Foto: Randi Ryssdal

Det ser heller ikkje ut til å bli vindfullt den neste veka, så personar som skal på topptur kan vente seg ei god oppleving.

Snøskredvarslinga til varsom.no viser faregrad 2 i store delar av landet, med unntak av Jotunheimen og ulike delar av Vestlandet som har faregrad 3.

Med såpass gode meldingar for starten av påska, kan det også vere verdt å minne om å følge med på UV-strålinga der du bur, som blir dagleg oppdatert.