Hopp til innhold

Har kjempa mot denne i årevis: – Kan vere for seint

Statens vegvesen sådde den på 80-talet og har prøvd å avgrense den i årevis. Utan hell.

Lupiner langs E18 i Vestfold

SVARTELISTA: Lupiner langs norske vegar er eit vanleg syn. Blomen er fin å sjå på, men er ikkje bra for naturmangfaldet.

Foto: Yngve Tørrestad / NRK

Du har sikkert sett den. Rosa, lilla, høg og rank. Fin for så vidt, men det du kanskje ikkje visste, er at blomen øydelegg for naturmangfaldet.

– Om dette fortsett, får vi aldri sjå grøftekantar med norske villblomar igjen. Problemet er stort, seier Kristina Bjureke, botanikar ved Naturhistorisk museum.

Sidan 2007 har lupinen vore svartelista. I 2016 vart det forbode å plante den.

Og den høyrer eigentleg ikkje til her. Likevel har blomen fått spreie seg i fleire år.

Spisse olbogar

Bjureke samanliknar lupinen med «bølla» på jobben eller skulen.

Botaniker Kristina Bjureke

STORT PROBLEM: Botanikar Kristina Bjureke, fryktar at vi ikkje får sjå grøftekantar med norske villblomar igjen.

Foto: Erik Engen / NRK

– Du har den som alltid brøytar seg fram. Det er den ein ser og høyrer, medan dei andre forsvinn.

Lupinen tek inn nitrogen frå lufta og gjer jorda under seg svært næringsrik. Det er ikkje bra for norske villblomar som ikkje er vane med det.

Blomar som blåklokke og prestekrage blir utkonkurrert. Lupinen kan også utrydde meir sjeldne plantar som solblom, som er raudlista.

Villblomster langs veien

VILLBLOMAR: Det er framleis mykje villblomar langs vegen, men om lupinen får fortsette å sprei seg kan dei bli borte.

Foto: Marit Kolberg / NRK

Vegvesenet sådde dei

Lupinen vart for fyrste gong oppdaga i Noreg i 1913. Dei første åra spreidde den seg lite, men på 1980-talet eksploderte det.

For i tillegg til at mange planta blomen i hagane sine, sådde Vegvesenet dei i midtrabattar og skråningar rundt om i landet.

– Den gongen trudde ein det var bra fordi den kunne hindre erosjon. Det er seinare at ein har skjønt at det har negative konsekvensar for naturmangfaldet, seier Grete Sponga i Statens vegvesen.

Laster Giphy-innhold

Løyver millionar av kroner

Bjarte Rambjør Heide

FELLES ANSVAR: Bjarte Rambjør Heide i Miljødirektoratet fortel at det er eit felles ansvar å avgrense lupinen.

Foto: Lars Erik Skjærseth / NRK

Årleg løyver Miljødirektoratet millionar av kroner for å prøve å overvinne artar som truar den norske naturen.

I år fekk fylkesmenn til saman i overkant av 9,5 millionar kroner til tiltak mot framande planter utanfor verneområde.

– Fylkesmannen prioriterer frå kriteria til Miljødirektoratet, samt sin lokalkunnskap kva slags artar og kva slags område det skal gjerast tiltak i, seier Bjarte Rambjør Heide, leiar i seksjon for framande arter og internasjonal handel i Miljødirektoratet.

Vil avgrense, ikkje utrydde

Å avgrense lupinen er eit felles ansvar. I områda kor lupinen har fått spreie seg vilt, som langs jernbanelinjer og i vegkantar, har jernbanesektoren og Vegvesenet ansvaret.

Foto: Knut Opheim/Statens Vegvesen

AVGRENSE SPREIINGA: Vegvesenet sitt arbeid mot lupinen går på å avgrense spreiinga, ikkje utrydde den.

Foto: Knut Opheim / Statens Vegvesen

Vegvesenet sin strategi er å avgrense spreiinga av blomen når dei slår kantane langs vegen.

– Vi har ikkje som mål å fjerne den. Vi skal slå oftare, kanskje to gonger og ikkje éin. Det gjer vi også langs åkerkantar og andre stader med høg vegetasjon, seier Sponga.

Kristina Bjureke meiner det ikkje hjelper.

– Om ein berre klipper det og ikkje får med seg alt, så kjem den igjen. Skal ein bli kvitt den heilt må ein faktisk grave den opp, seier ho.

Kan vere for seint

Kristine Bakke Westergaard, forsker ved avdeling for terrestrisk økologi NINA

FOR SEINT: Botanikar Kristine Bakke Westergaard, trur det er for seint å overvinne lupinen.

Foto: Anne Heidi Røstad / NRK

– Eg trur ikkje vi kan bli kvitt lupinen, seier Kristine Bakke Westergaard som er botanikar på Norsk institutt for naturforsking.

Ho seier den nok er komme for å bli, og at ein heller bør fokusere på å halde den utanfor område der vi absolutt ikkje vil ha den.

Dette gjeld spesielt verneområde og plassar der det veks sårbare artar.

– Lupinen produserer mykje frø, spreiar seg lett og tek over nye område, seier ho.

Lupiner i veikanten

VANSKELEG Å BLI KVITT: Det er vanskeleg å kvitte seg med lupinen. Den produserer mykje frø og kan overleve som rotfragment.

Foto: Yngve Tørrestad / NRK

Kristina Bjureke har ei klar oppmoding til folk:

– Er ein hageeigar og har lupin som har vokse seg ned til vegkanten bør ein ta ansvar. Då bør ein grave dei opp og kaste dei i restavfallet så det blir sendt til forbrenning, seier Bjureke.

Flere saker fra Innlandet