Hopp til innhold

Kommune har ikkje råd til å skifte lyspærer: – Eg er heilt sjokkert

Når haustmørket kjem er det vanleg for kommunar å skifte lyspærer. Det skjer ikkje i Lillehammer.

lystrøbbel

MISNØGD: Lillehammer kommune har ikkje råd til å skifte lyspærer. Ole Rasmus Dahl undrar seg over at det kan stå så dårleg til.

Foto: Arne Sørenes / NRK

I byen har fleire enn 20 personar i løpet av september skrive til kommunen og varsla om gatelys som ikkje verkar.

Ein av dei er Ole Rasmus Dahl.

Han meldte to gonger frå om at lyspæra hadde gått i gatelykta utanfor huset. Andre gongen fekk han dette svaret:

Lillehammer kommune svarer innbyggerne at de ikke har råd til å bytte lyspærer.

ÅPENT SVAR: Kommunen gjev samme svar til alle som spør på sida "Mitt nabolag"

Foto: Skjermdump fra Facebook

ÅPENT SVAR: Kommunen gjev samme svar til alle som spør på sida "Mitt nabolag"

Foto: Skjermdump fra Facebook

– Eg er heilt sjokkert over at dei gir det svaret til meg og andre som klagar, seier han.

Han meiner kommunen bør ta seg råd til såpass.

Budsjettsprekk

Svaret ligg på den åpne sida "Mitt nabolag" og har vekt oppsikt. Det har vorte delt på lokale Facebooksider, der mange lurer på om det er ein spøk.

Men det er det ikkje.

Tenesteområdeleiar for veg og trafikk, Truls Hansen, seier at dei har brukt opp alle pengane som er satt av i budsjettet til å skifte lyspærer.

No skiftar dei berre der det er lengre mørklagde strekk på vegar med mykje trafikk.

– Men kan de ikkje samle opp og skifte alle sunde pærer i løpet av ein dag eller to?

Det er det vi bruker å gjere, men nå har vi ikkje råd, seier Hansen.

gatelys Lillehammer

DÅRLEG RÅD: Truls Hansen i avdeling for veg og trafikk i Lillehammer seier kassa er tom, dei har ikkje råd til å skifte lyspærer nå.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Kommunen har eit driftsbudsjett på veglys som dekker både straumkostnadar og reparasjonar og dette seier Hansen dei må halde seg innanfor.

  • Det er ikkje berre lyspærer som kan gi budsjettsprekk

Uroa over trafikksikkerheita

Fleire ser mørkt på at gatelys blir borte i byen. David Tofthagen i Trygg Trafikk er spesielt uroa over situasjonen.

– Gatelys er eit særs viktig trafikksikringstiltak, seier han.

gatelys Lillehammer

UROA: David Tofthagen i Trygg Trafikk meiner kommune bør tenke på sikkerheita til folk i haust- og vintermørkeret. Da er gatelys viktig.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Trafikkansvarleg Morten Carolin ved Røyslimoen skole sluttar seg til dette.

– Skuleborn er utsette når dei går eller syklar til skulen og det er mørkt om morgonen. Kommunen må prioritere opplysing.

Led-lamper som løysing

Ullensaker kommune gjer det annleis enn Lillehammer. Der oppmodar dei folk om å melde frå om feil, slik at det kan bli retta opp, og dei brukar led-lys for å spare pengar.

– Kommunen har spara mellom 60 og 70 prosent på desse lysa, og dei har ei levetid på 15 til 20 år, seier rådgjevar Torbjørn Jacobsen.

Dei siste åra har dei skifta rundt 4000 gatelys. Led-lysa er kopla saman, og blir styrt digitalt. Kommunen kan ta opp og ned styrken på kvar enkelt lampe, tilpassa bustadane rundt.

– Feila som blir meldt inn blir raskt retta.

  • Politikarar vil gjere meir med både lys og straum:

Kutt i kommunebudsjettet

Lillehammer kommune har også starta med led-lys etter kvart som lamper blir bytta, men Hansen seier dei ikkje har sett av investeringsmidlar til å gå heilt over.

Grunnen til dette er at kommunen har kutta 74 millionar i driftsbudsjettet i år. Dei prøvde å spare straum med å slå av gatelysa 1. mai, men med dei mørke kveldane protesterte innbyggjarane. Lysa vart slått på att etter ei veke.

lystrøbbel

MØRKT: Det blir mørkt på vegar og gater på Lillehammer når lyspærene i gatelysa ikkje virker.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Håpar dei tenkjer seg om

Det er allereie oktober, og det blir tidleg mørkt i gatene på Lillehammer.

Ole Rasmus Dahl vil at byen også skal vere tilpassa fotgjengarar og syklistar i haustmørket.

– Eg håpar kommunen no tenkjer seg om, og sørgjer for lys i byen.

Ordfører Ingunn Trosholmen

NY VURDERING: Ordførar Ingunn Trosholmen seier at folk skal vere trygge og at kommunen må sjå på budjsettet for lyspærer på nytt.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Etter at NRK og lokale medier tok opp denne saka, seier ordførar Ingunn Trosholmen (Ap) at dei må sjå på budsjettet på nytt.

– Folk i Lillehammer skal kjenne seg trygge og ha lys i gatelysa om hausten og vinteren.