Hopp til innhold

3500 grisar skulle slaktast, men så vart ein tilsett koronasmitta

Etter lang tid utan smitte i området fører korona no til at Nortura Rudshøgda denne veka stoppar griseslaktet. Grisar må fraktast til eit anna slakteri.

Nortura Rudshøgda|

FLYTTE SLAKT: Grunna koronasmitte blant tilsette på Nortura Rudshøgda blir noko av griseslaktet flytta til Tønsberg.

Foto: Jørgen Bae Nesset / NRK

– Me må stoppe slakting av gris. Me har godt samarbeid med Tønsberg, så dei tar mykje av det for oss, seier Simen Aaslund som er arbeidsleiar ved slakting ved Nortura Rudshøgda.

Simen Aaslund er arbeidsleiar ved slakting ved Nortura Rudshøgda

KONSEKVENS: Koronasmitte ved anlegget gjer at slakt blir flytta til Tønsberg. Det stadfestar Simen Aaslund som er arbeidsleiar ved slakting ved Nortura Rudshøgda.

Foto: Jørgen Bae Nesset / NRK

Den tilsette ved anlegget fekk svar på prøven sundag 18. juli.

HR-sjef Brede Dokken i Nortura Rudshøgda i Ringsaker kommune seier dei har gode rutinar på smittevern og å halde dei tilsette i kohortar, og at dette difor skal få minimalt med konsekvensar.

– Det er ein stor fabrikk med mange avdelingar, og kjem til å gå som normalt. Det er ingen grunn til å tru at det får konsekvensar verken for leverandørar eller leveranse av produkt, seier Dokken.

Stoppar slakt av gris

Det jobbar rundt 650 personar på anlegget Rudshøgda. 3500 grisar skulle denne veka ha blitt slakta på avdelinga der den smitta jobbar. Det blir det endring på no.

Rundt 400 grisar vart slakta måndag, av andre personar enn dei som no er i karantene. Resten av det planlagde slaktet blir flytta til det andre Nortura-slakteriet på Austlandet, i Tønsberg.

Nokre bønder kan også velje å slakte grisane sine neste veke når nytt mannskap er på plass.

Griseslakt på Nortura

FLYTTAST: Deler av slaktinga som skulle skje på Nortura Rudshøgda blir flytta til Tønsberg grunna koronasmitte blant tilsette ved anlegget på Rudshøgda.

Foto: Frode Meskau / NRK

– Nokon vidare konsekvensar får det ikkje. Me slaktar som normalt på storfe, og i forhold til leveransar skal det gå veldig bra, seier Aasland.

Fire tilsette ute

Den siste tida har det vore aukande koronasmitte på Hedmarken. Berre sundag 18. juli var det åtte nye smitta der, og sju av desse var i Ringsaker kommune. Det har vore påvist smitte ved fleire spisestader i regionen i veka som gjekk.

Simen Aaslund stadfestar at i tillegg til den tilsette som er smitta er tre nærkontaktar som er i same kohort, i same avdeling, i karantene.

Han seier smittetilfellet ikkje får ytterlegare konsekvensar for andre tilsette.

– Smittekjelda er stadfesta. Den kjem frå privat kontakt, og er ikkje internt på anlegget, seier Aasland.

Styret i Nortura bestemte i juni at dei skulle samle dei to slakteria på Austlandet i Tønsberg. Årsaka er mellom anna økonomi, og at begge slakteria treng oppgradering.

Ifølge planen skal den nye slaktelinja i Tønsberg stå klar i august 2022. Fram til då vil grisane i Innlandet bli slakta på Rudshøgda som vanleg.

Flere saker fra Innlandet

Steinras-Gjende

Tre personer evakuert etter steinras ved Gjende i Jotunheimen