Meiner drapet på faren kunne vore unngått

OSLO/JAREN (NRK): Tom Lien meiner politiet gjorde mange feil då dei skaut og drap den psykisk sjuke faren hans. No klagar han saka inn til Riksadvokaten

Tom Lien

SONEN: Tom Lien er fortvila og lei seg over at ingen blir straffa etter at faren mista livet i ein politiaksjon i august i fjor.

Foto: Arne Sørenes / NRK

– Hadde kommunelegen blitt ringt, så hadde dette garantert fått eit heilt anna utfall.

Snart eitt år er gått sidan Tron Simen Lien vart treft av tre skot frå politiet inne i huset sitt på Jaren på Hadeland. Sonen Tom Lien er framleis opprørt over at korkje han eller kommunelegen vart kontakta under politiaksjonen.

Faren døydde som følgje av skota.

– Slik eg ser det vart heile aksjonen framprovosert av politiet. Det var dårleg samarbeid mellom etatane, seier Lien.

Politiaksjon i åtte timar

5. august 2019 kom helsetenestane på besøk til 66-åringen på Jaren i Gran kommune. Det som i utgangspunktet var ein velferdssjekk utvikla seg til ein politiaksjon som kom til å vare i over åtte timar.

Tron Simen Lien hadde forskansa seg inne i huset. Då den første politipatruljen kom til staden, vart dei angripne med machete då dei prøvde å få kontakt med Lien.

Lien skal også ha trua politiet med motorsag og etsande væske.

Tron Simen Lien bærer ved utenfor huset sitt på Jaren

SLEIT: Tron Simen Lien budde for seg sjølv og sleit periodevis med psykiske plager. Sonen Tom fortel at faren ikkje ville ha helsehjelp anna enn når han var skikkeleg sjuk.

Foto: Privat

Omkring klokka 18 kom beredskapstroppen frå Oslo politidistrikt. 13 minutt seinare vart Lien skoten i brystet og låret etter at to politimenn tok seg inn i huset. Lien skal då ha komme i mot dei med motorsag.

–Eg kan forstå at dei fekk panikk, seier sonen Tom Lien i dag. Eg har sett faren min i full klikk, og eg veit at det er svært skremmande. Men det betyr ikkje at ein har lov å drepe folk for det.

Hendinga vart straks etterforska av Spesialeininga for politisaker, og to polititenestemenn vart sikta i saka. Den eine for drap, den andre for drapsforsøk.

Etter å ha etterforska saka i ti månader konkluderte Spesialeininga i slutten av juni med at politimennene handla i nødverje og dermed på ein lovleg måte.

Saka vart dermed henlagt grunna i at « intet straffbart forhold anses bevist».

Skutt og drept på Jaren

DØDSBU: Tron Simen Lien budde i eit lite raudt hus ikkje langt frå riksveg 4 på Jaren i Innlandet. 66-åringen hadde spikra igjen vindauga sine med sponplater og forskanse seg inne i huset under politiaksjonen 5. august 2019.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Dette er ikkje terrorisme

Are Løken er kommuneoverlege i Gran. 5. august i fjor sat han oppteken med møter om psykisk helse heile dagen. Først på kvelden fekk han vite at det hadde gått føre seg ein væpna politiaksjon i kommunen.

Helsepersonellet, som først oppsøkte den psykisk sjuke Lien, varsla AMK som deretter tok kontakt med politiet.

Løken meiner politiet då straks burde ringt til han:

Are Løken, kommunelege i Gran

KRITISK: Kommunelege Are Løken er kritisk til at han ikkje vart kontakta mens politiaksjonen gjekk føre seg.

Foto: arne sørenes / nrk

– Ingen kontakta meg om at aksjonen gjekk føre seg, seier Løken. I denne saka synest eg det er kritikkverdig.

Løken fortel at kommunelegen har tilgang til kjernejournalen til alle pasientane i kommunen. Han meiner han kunne ha assistert politiet med viktig informasjon om fagfolk i spesialisthelsetenesta som tidlegare har behandla Lien.

Hadde det blitt gjort trur han at saka kunne ha fått eit anna utfall:

– Det er vanskeleg å påstå. Men sett i lys av det som faktisk skjedde, så bør alle involverte ta inn over seg at eit så tragisk utfall ikkje bør forekomme i Noreg i dag.

I staden for å kontakte kommunelegen bad lokalt politi om hjelp frå beredskapstroppen. Løken seier at ein bør prøve å unngå å eskalere situasjonar der psykisk sjuke personar er involvert:

– Dette er ikkje terrorisme, seier Løken. Det er faktisk sterkt lidande menneske.

Klagar til Riksadvokaten

Svein Holden er bistandsadvokat for dei pårørande til Tron Simen Lien.

– Politiaksjonen kunne ha blitt løyst på ein mykje betre måte dersom helsevesenet i større grad hadde vore involvert, seier han.

No klagar han avgjerda frå Spesialeininga om å leggje bort saka inn for Riksadvokaten. Han meiner kritikken frå kommunelegen er med på å styrke saka til dei pårørande:

Svein Holden

SONEN OG ADVOKATEN: Svein Holden er bistandsadvokat for dei pårørande til Tron Simen Lien. Han meiner at politiet burde involvert helsevesenet i staden for å storme huset til Lien.

Foto: Arne Sørenes / nrk

– Vi meiner at politiet med sine handlingar framprovoserte det som skjedde. Eg noterer med interesse at kommunelegen i Gran meiner noko av det same.

Tom Lien er lei seg og skuffa etter avgjerda frå Spesialeininga om å leggje bort saka. Han meiner at politiet må stillast til ansvar for at faren mista livet i aksjonen:

– Eg trur Are Løken har rett, seier Lien. Hadde han blitt ringt til hadde dette garantert fått eit anna utfall.

Politiet svarar

NRK har lagt fram kritikken frå Løken og dei pårørande for Innlandet politidistrikt. I ein e-post skriv politimeister Johan Brekke følgjande:

«En av politiets sentrale oppgaver er etter anmodning å yte andre offentlige myndigheter vern og bistand under deres tjenesteutførelse.

Politimester i Innlandet politidistrikt, Johan Brekke

PREGA AV HENDINGA: Politimeister Johan Brekke seier at slike hendingar som endar med at politiet tek liv er alvorlege og pregar alle involverte. Han fortel at politiet vil prøve å lære av hendinga.

Foto: Politiet

Politiet bistår ofte helsevesenet for å ivareta deres sikkerhet. Politiet kan anvende makt under sin tjenesteutførelse i den utstrekning det er nødvendig og forsvarlig. Denne dagen bistod politiet AMK, som skulle oppsøke avdøde etter dialog med hans fastlege.

I og med at saken er innklaget til Riksadvokaten, finner vi det vanskelig nå å kommentere nærmere avgjørelsen og uttalelser fremkommet av andre i etterkant».