Hopp til innhold

Dette asylmottaket hadde stengt naudutgang med hengelås

Sel asylmottak hadde så mange avvik og feil at brannvesenet ville forby bruk av bygget deira. Det er har blitt sett inn døgnvakter for å passe på.

På Sel mottak hadde dei mellom anna låst ein naudutgang med hengelås.

I andre etasje på asylmottaket var ei dør merka som naudutgang blitt låst med hengelås.

Foto: Bilete frå brannvesenet

Då brannvesenet besøkte Sel mottak Rondeslottet var dei der for å avklare kva som hadde skjedd under brannutrykking kvelden før.

Dei fann i staden fleire feil.

– Brannvesenet er uroa over situasjonen, seier Arne Reitan Sæther som er brann- og redningssjef i Sel og Vågå.

– Når me kjem på synfaringar utanom tilsyn, er det naudutgangar som ikkje kan opnast og det er ikkje kompetente personar til å vareta branntryggleiken på staden.

Sel asylmottak Rondeslottet.

Sel asylmottak Rondeslottet.

Foto: Even Lusæter / NRK

Alvorlege feil

NRK har fått innsyn i eit dokument brannsjefen har skrive.

Sæther viser til i ein telefonsamtale den 27. februar i år der brannvesenet informerte det dei i skrivet omtalar som eigar av bygget, Jesper Jeppesen, at dei ville forby bruken av bygget.

Sæther skriv at sjølv om eigar sette i verk strakstiltak «ser brannvesenet på dette med det største alvor».

Arne Reitan Sæther er brann- og redningssjef i Sel og Vågå.

Arne Reitan Sæther som er brann- og redningssjef i Sel og Vågå skriv at brannvesenet har «også ved tidlegare anledningar uttrykt skriftleg bekymring til eigar om forhold som brannvesenet har avdekt».

Foto: Even Lusæter / NRK

Det mest alvorlege funnet var at fleire av naudutgangane og romkorridorane var sperra av snø og is, og hadde vore det i lang tid.

– Slik det har vore fram til no, har ikkje folk kunne komme seg ut næraste rømmingsveg dersom det hadde byrja å brenne, seier Reiten.

Han presiserer at dette no er tatt hand om. Men seier det framleis er ein veg å gå.

Snø og is sperra for naudutgangane på Sel mottak.

Snø og is sperra for naudutgangane på Sel mottak.

Foto: Bilete frå brannvesenet

Forstod ikkje alvoret

Vidare i skrivet frå brann og redningssjefen står det den som hadde ansvaret ikkje forstod alvoret.

Vedkommende som hadde brannansvaret skjønte ikke at dette var et problem, og argumenterte for at det var bra at disse dørene ikke gikk opp siden det var farlig for barn å gå ut der.

Brannansvarlig hadde heller ikke forståelse for at branndører ikke skulle stå på kiler, eller hvordan magnetopphenget til disse dørene fungerte.

I andre etasje var en skiltet nødutgang avlåst med hengelås og merket som branndør som skulle være lukket.

Arne Reitan Sæther Brann og redningssjef, Sel og Vågå kommuner
Ein brannutgang var sperra av ein stol og eit bord ved Sel mottak.

Ein brannutgang var sperra av ein stol og eit bord ved Sel mottak.

Foto: Bilete frå brannvesenet

Brannsjefen skriv også at det under besøket observerte brannvesenet det som blei oppfatta som forsøk på å skjule kjetting og hengelås, som visstnok vart nytta til å fysisk låse branndør mellom første og andre etasje ved resepsjonen.

Vidare ber brannsjefen om at eigar og brukar av Rondeslottet går gjennom rutinar og systemet for å kvalitetssikre at liknande hendingar ikkje skjer igjen.

Det vart også varsla om tilsyn kunne kome kort tid etter brevet.

– I samråd med eigarar har vi einige om at dei er nøydd til å etablere eit vaktselskap med to vektarar på staden som går døgnkontinuerleg til alle avvik er laust.

Ved naudutgangen på Sel mottak låg det ei madrass og sperra vegen.

Ved ein av naudutgangane på mottaket låg det ei madrass og sperra vegen.

Foto: Bilete frå brannvesenet

Kravde nattevakt

Ordførar Eldri Siem (Sp) i Sel kommune skriv til NRK at ho er bekymra for brannsikkerheita på asylmottaket.

Ordførar Eldrid Siem, Sel kommune

Ordførar Eldri Siem (Sp) i Sel kommune.

Foto: Ruth Synnøve Barsten / NRK

Det er viktig at dei som har det stadlege brannansvaret på mottaket forstår sitt ansvar, skriv Siem.

Ho opplyser at ho som ordførar i møte med UDI har tatt opp krav om nattevakt ved mottaket.

Og så er det viktig å ha med i vurderingane at asylmottaket er plassert på fjellet.

Sel asylmottak ligg i dette landskapet og utsikta er fjell og grantre.

Sel asylmottak ligg i dette landskapet og utsikta er fjell og grantre.

Foto: Even Lusæter / NRK

Viser til å ha gjort endringar

Jesper Jeppesen er styreleiar i Ostra Consult AS og svarer NRK på e-post. Han har lagt ved svar på spørsmål som ein annan journalist har stilt, og svarer ikkje direkte på spørsmåla NRK har stilt.

Til dømes har NRK spurt om bruk av hengelås på dører og ikkje fått svar på dette.

Styreleiaren stadfestar at dei langt på veg er einige i brannsjefen sine merknader.

Han skriv også at dei har gjort nettopp det som brannvesenet oppmodar og ber om, og at han ser på tilbakemeldinga frå brannvesenet som relevant og god.

Han skriv at madrassen «var sjølvsagt feilplassert, og då også fullstendig uakseptabelt plassert».

Dei av dei innvendige dørpumper som manuelt av enkelte bebuarar hadde blitt kopla av, blei igjen kopla på. Døgnkontinuerleg brannvakthald etablert, skriv Jeppesen.

Snø blei fjerna utanfor alle rømmingsdører til uteareal, og slike uteareal blei måka.

Det har blitt rydda snø ved naudutgangen her ved Sel mottak.

Det har blitt rydda snø ved naudutgangen her ved Sel mottak.

Foto: Even Lusæter / NRK

Les også Helsetilsynet: – Situasjonen er uholdbar

Camilla Sønnichsen Kayed, seniorrådgiver i Helsetilsynet, ser ut i luften. Bak hennes skimtes noen vinduer og skiltet til Helsetilsynet på byggets fasade.

Gjorde endring i leiinga

Det opphavlege formålet med besøket til brannvesenet var å avklare kva som hadde skjedd under ei brannutrykking kvelden før.

Då hadde 110-sentralen ikkje fått kontakt med nokon ansvarshavande på Rondeslottet som kunne bekrefte eller avkrefte om det brann på staden.

Til det svarer Jeppesen at «feilen ligg klart på Ostra si side».

– I Ostra ligg påpeikte feil hos staben på staden. Interne konsekvensar som Ostra på noverande tidspunkt ikkje har anledning til å bringe ytterlegare til offentlegheit, vil resultere i staben si samansetning, skriv Jeppesen.

Han skuldar på personleg svikt og leiaransvar som feil i situasjonen.

Jeppesen påpeikar også at: «Rondeslottet fekk ny fungerande mottaksleiing 3 dagar etter brannvesenet si påpeiking av det alvorlege avviket».

Han skriv at «ny fungerande mottaksleiar har brei driftserfaring, og operasjonell leiingserfaring frå anna/andre asylmottak i meir kompleks bygningsmasse».

Brannsjef Sæther seier til NRK at brannvesenet har høve til å stenge bygg når det er overhengande fare for tap av liv viss brann oppstår, og ved synfaringa vurderte brannvesenet at det var overhengande fare for dette:

– I dette tilfellet blei brannvesenet og eigar blei einige om strakstiltak som kompenserer for manglane.

Brannutgang på Sel asylmottak

Då NRK var på staden hadde denne utgangen blitt rydda for at ein kunne ferdast der.

Foto: Even Lusæter / NRK

Les også Maryna flyktet til Hyen: I 2024 kommer 37.000 flere til Norge

Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap)