Hopp til innhold

Stor pågang av ukrainske flyktningar skapar trøbbel for kommunane

Nataliia og familien vil integrerast så raskt som mogleg. Men fleire kommunar slit med å ta seg av alle ukrainarane som kjem til Noreg.

Ukrainske Nataliia Hushchina og sonen David (3) kom til Noreg for kort tid sidan.

NYLEG KOMEN: Nataliia Hushchina og sonen David kom til Noreg for kort tid sidan. Det er dei ikkje aleine om. Derfor slit mange norske kommunar med å gi familien og dei andre flyktningane barnehageplassar og andre elementære ting ein treng i eit nytt land.

Foto: Ruth Barsten / NRK

– Eg vil ha ein heim. Eit stad eg kan vere for alltid, fortel Nataliia Hushchina.

Ho kom til Noreg med mannen sin og deira tre år gamle son David for to veker sidan. Den ukrainske familien er ivrige på å kome seg ut i det norske samfunnet så raskt som mogleg.

Men det er lettare sagt enn gjort.

Dei mange ukrainarane som har komen til Noreg sidan Russland invaderte Ukraina i 2022 fører til økt press på mange kommunar, som ikkje har bemanning nok til å ta vare på flyktningane.

Raphamn asylmottak

Nataliia ser fram til å leve i Noreg, men ho ynskjer å komme raskt ut i jobb og vanleg liv. Det kan bli vanskeleg fordi Sel kommune ikkje har mange nok lærarar og legar.

Foto: Ivar Arne Nordrum / NRK

Ordførar: – Vi greier ikkje å ta oss av fleire

Fjellkommunen Sel nord i Gudbrandsdalen, har to store asylmottak. Nå er begge heilt fulle. Til saman bur det 440 asylsøkarar og flyktningar der. Dei aller fleste er flyktningar frå Ukraina.

I ein kommune med 6.000 innbyggjarar er ikkje det berre enkelt, meiner ordføraren som seier nei til eit tredje asylmottak i kommunen.

– Det som er krevjande for oss er å få fagfolk til å ta vare på asylsøkarane, seier ordførar Eldrid Siem i Sel.

– Vi greier ikkje å ta oss av fleire, seier ho.

Ordførar Eldrid Siem, Sel kommune

Ordførar Eldrid Siem i Sel seier at det største problemet med å ta imot fleire flyktningar er nok kvalifiserte folk til helsetenesta og skule.

Foto: Ruth Synnøve Barsten / NRK

For kommunane har et lovpålagt ansvar for å gje bebuarane helsetenester, skole og barnehage.

– Vi manglar fagfolk både innan helse og skole, seier Siem.

70 av flyktningane på dei to mottaka i Sel er barn og unge som har rett på undervisning og skoleplass.

– Nå er det så mange på mottaka våre at vi faktisk ikkje har nok kvalifisert personell i helseomsorg og i skolen til å gje dei eit ordentleg tilbod. Blant anna har vi ikkje nok lærarar. Så nå har vi invitert pensjonerte lærarar til å komme tilbake og undervise flyktningbarn, fortel Siem.

Nasjonalt mottakssenter i Råde

Nå kommer det mer enn tusen flyktninger i uken

Press på kommunane

Sidan Russland starta krig mot Ukraina har det komme over 65.000 fordriven til Noreg. Rundt 29.000 av desse har komme i år.

I august oppretta UDI 28 nye akuttmottak for å ta imot flyktningstraumen. Og i haust har mengda auka, det kjem rundt 1.000 flyktningar i veka.

UDI jobbar på spreng for å skaffe asylplassar. I løpet av oktober har dei oppretta mellom 2.000 og 3.000 ekstra plassar. Det betyr i realiteten at det kjem fem nye mottak i veka.

– I Innlandet etablerar vi fire nye nå. I Åmot, I Etnedal, Nord-Aurdal og Tynset, fortel regiondirektør i UDI Indre Østland, Siv Kjelstrup.

Vira Haievets sitter ved pulten sin i klasserommet. Hun slår ut hendene og smiler bredt til kamera. Rundt henne sitter flere andre elever.

Testar ny måte å lære norsk på: – Eg kjenner vi har lykkast litt

Får ikkje skuleplass

Rondane asylmottak på Raphamn i Rondane, er eit etablert mottak som har vore i drift over lengre tid. Nå bur det 200 der.

Mottaksleiar May Jorun Sætherbø seier dei har eit godt samarbeid med kommunen.

Men at det er eit problem med mangel på skole og barnehage for barn og unge på mottaket.

– Trass i at Sel har heilt ny barne- og ungdomsskole og ny barnehage får ikkje alle elevane som bor hos oss plass. Årsaka er mangel på lærarar.

Sætherbø seier ho høyrer at dette er eit problem mange andre stader i landet.

Mottaksleiar May Jorunn Sætherbø, Rondane asylmottak

Mottaksleiar ved Rondane asylmottak på Raphamn, May Jorun Sætherbø seier at både mottak og kommunar gjer så godt dei kan med å ta imot flest mogleg.

Foto: Ruth Synnøve Barsten / NRK

Nytt mottak på ei veke

På Savalen hotell på Tynset i Nord-Østerdal er det travelt. For dei skal ta i mot 150 flyktningar frå Ukraina innan 15. november. Det fekk dei beskjed om for ei veke sida.

Men assisterande kommunedirektør Amund Aarvelta i Tynset kommune seier det er utfordrande.

– Helsetenester må vi ha på plass frå første dag. Borna som skal gå i grunnskolen må ha eit tilbod innan ein månad, seier Aarvelta.

Amund Aarvelta, assisterende kommunedirektør i Tynset.

Amund Aarvelta, assisterande kommunedirektør i Tynset kommune seier at ei veka til planlegging er kort tid, men at dei gjer det best ut av det.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Vil kome i gang med livet i Noreg

På mottaket i Rondane har familien til Nataliia Huschina funne seg til rette. Dei er klare for å starte eit nytt liv i Noreg.

Sonen David treng ein barnehageplass.

– Alle treng eit godt liv. Vi ønsker oss eit vanleg liv, som alle har, seier Huschina.

Ukrainere som er glade for å vere på Rondane asylmotta

PÅ ASYLMOTTAK: Den ukrainske familien er glad for å komme til asylmottaket i Sel.

Foto: Ruth Synnøve Barsten / NRK