Kaukinga hennar vart til Frost-musikk

LILLEHAMMER (NRK): Heilt tilfeldig introduserte Christine Hals Disney-filmskaparar for kauking. I film nummer to har kauking ei stor rolle, og Hals fekk også den norske stemma til ein karakter.

Artist og komponist, Christine Hals

FROST: Christine Hals er filmkomponist og har fått ei rolle i Disney-filmen Frost.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Det er litt spesielt at geitelokkeropa eg lærte som barn har inspirert manuset til ein Disney-film, seier Christine Hals.

I den første filmen i Frozen-universet, «Frost», kauka ho, og i film nummer to fekk ho gjere den norske stemma Dronning Idun, mor til hovudkarakterane Anna og Elsa.

Alt byrja med lokkeropa ho brukte på geitene i Tromsø som barn.

– Eg lokka geiter ned frå fjellet. Eg hadde ei bestemor som hadde ei fantastisk flott stemme, og både ho og pappa viste meg korleis eg skulle lokke.

Høyr «I elven finnes alt» med Christine Hals:

Introduserte Disney for kauking

Før Frost kom ut gjekk Hals på ein filmmusikkutdanning i USA, og brukte å synge på nokon av spora ho komponerte.

Artist og komponist, Christine Hals

KOMPONIST: Hals vart fødd i Drammen, og bur i periodar både i Elverum, i Los Angeles, i Stockholm, og i Tromsø. Ho har studert musikk i ni år, og skriv musikk til film.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Iblant passa det med ein nordisk vikingstil, og då brukte eg stemma mi.

Ein som høyrde musikken hennar tipsa om henne til Christophe Beck som då skreiv filmmusikken, eller «scoret» som er bakgrunnsmusikken, til Frozen.

– Christophe Beck leita etter norske musikarar og spurte meg om hjelp. Eg fann fram hardingfele, seljefløyte, og alt mogleg eg kunne få tak i. Og så sa eg at eg som barn lærte å synge for geiter.

Ho forklarte korleis ein brukte denne lokkinga mellom fjordar og fjell for å få dyra heim, om korleis ein kunne skremme vekk ville dyr med lydane.

– Han syntest det var kjempefascinerande, og det gjorde Disney også.

I film nummer to har lokkinga, altså det som blitt kalla kauking eller kulning, fått mykje plass.

– I ein av trailerane stod det «Follow the call», så det er litt kult å kunne seie at eg er kanskje verdas einaste geitelokkar som har inspirert til eit Disney-manus, seier Hals.

Komponist Christophe Beck sjølv er klar på at kauking spelar ei viktig rolle i film nummer to.

– Denne gongen var filmskaparane nokså gira, og dei hugsa kor effektiv denne typen song var i den første filmen. Dei lét det til slutt bli ein del av historia, sa Beck til magasinet Forbes tidlegare i desember.

– Ropa driv verkeleg historia og Elsa i byrjinga av denne sjølvoppdagande historia der ho finn ut meir om fortida hennar. Synginga er ikkje akkurat kauking, men ein liknande kauke-songstil. Det er litt meir pop, men er svært inspirert av kaukinga i den første filmen, sa han.

Idun, Elsa og Anna i «Frost II».

KARAKTER: Idun (midten), med Anna (venstre) og Elsa (høgre) i Frost II.

Foto: © 2019 DISNEY. ALL RIGHTS RESERVED

Høyr intervjuet med Hals:

«Alt falt på plass»

Rolla som Dronning Idun fekk Hals også tilfeldig. Ein dag i Santa Monica skulle ho mellom anna feire at ho hadde fått synge i Frozen.

Ho og ei venninne kom i snakk med nokre norske gutar, og gutane jobba tilfeldigvis med å legge dei norske stemmene på Frost. Då Hals kom heim den kvelden såg ho det største stjerneskotet ho nokon gong hadde sett over huset sitt.

– Eg tenkte at det blir ikkje meir Disney enn dette.

Seinare fortalde Hals historia til Jennifer Lee, ein av regissørane til Frozen. Lee meinte dette ikkje var tilfeldig, og sa Hals måtte gjere ein audition for Elsa og Anna i Noreg.

Audition blei det, men Hals fekk ikkje rolla. Seinare fall valet også på Aurora Aksnes når lokkeropa i Frost II skulle spelast inn.

Christine Hals i ei elv i Tromsø, då ho spelte inn videoen "Calling The Aurora" med fotograf Ole C. Salomonsen.

Christine Hals i ei elv i Tromsø, då ho spelte inn videoen til «Calling The Aurora» med fotograf Ole C. Salomonsen.

Foto: Ole C. Salomonsen

Seks år etter første audition skulle det endeleg snu for Hals. Ho fekk invitasjon til audition til Frost II. Låten ho skulle synge gjorde ho overvelda, for den handla om ei magisk elv.

Hals hadde nemleg tidlegare spelt inn ei låt der ho lokkar på nordlyset, låten «Calling The Aurora», medan ho stod i ei elv.

– Då tenkte eg, «no fell ting på plass». Då var det ein grunn til at Aurora fekk gjere lokkeropa, seier Hals som fekk rolla som Dronning Idun i den norske versjonen.

Sjå «Calling The Aurora» med Christine Hals:

Sjå video med Aurora, om å få synge i Frozen:

Aurora har ei sentral rolle i filmen «Frost», der ho bidrar med den lyse stemma ein kan høyre over den dramatiske filmmusikken. New York Post kallar artisten filmen sitt «hemmelege våpen».

Sjå låten Aurora syng i Frozen:

Les også: Håper på turistboom etter «Frost 2»

Les også: «Elsa» fra «Frost» beklager til foreldre