Revyartisten og legen Ida Marie Ringerud frå Gjøvik fekk ein overraskande telefon tysdag ettermiddag. Det var frå ein veterinærklinikk i Oslo. Dei fortalde at dei hadde funne katten hennar.
– Hæ? Katten min ligg heime her hos meg på sofaen, så det kan ikkje vere min katt, svarte Ringerud.
Men det skulle vise seg at ho faktisk hadde ein katt til.
Den siste tida har mange lagt merke til ein svart katt som har tusla rundt på Grønland i Oslo. Ho såg ikkje ut til å høyre heime nokon stad.
På veterinærklinikken leste dei av mikrochipen som katten hadde. Og då var det ingen tvil.
Katten heitte Dixie og eigaren, det var Ida Marie Ringerud, busett på Gjøvik.
UNG KATT: Her er katten Dixie knipsa før ho forsvann i 2011.
Foto: Ida Marie Ringerud / Privat- For ikkje lenge sidan kom katten Narcissa til rette i Tromsø etter åtte år på rømmen:
Forsvann for 12 år sidan
Ida Marie og han ho var gift med den gongen, fekk Dixie i 2009. Ein veldig snill, roleg og folkekjær katt som likte å kose seg heime.
– Første gong ho stakk av kom ho tilbake, god og rund og i godt hald. Nokon hadde nok passa på henne.
Men så, i 2011 gjekk ho ut døra til Ringerud på Gjøvik for siste gong.
– Det var frykteleg trist, vi var så glad i den katten. Men pusen var så glad i folk at ho ofte følgde etter skuleungane som gjekk forbi på vegen, fortel ho.
Familien ropte og leita, og sørga lenge over katten.
Så dukka ho altså opp i Oslo – 12 år seinare.
Henta Dixie i Oslo
Då ho fekk beskjeden, hadde ho ikkje anna å gjere enn å sette seg i bilen og køyre til Oslo. Ho stoppa berre opp og kjøpte nytt kattebur.
Det vart lykkeleg gjenforeining mellom dei allereie på Linderud. Veterinæren hadde avslutta arbeidsdagen og tatt med seg katten heim.
– Ingen tvil, det er henne! Ho er litt tynn. Men pelsen er svart og blank. Ho er faktisk utruleg fin til å vere 14 år, sa Ida Marie glad frå bilen på veg heim til Gjøvik.
Tilbake på Gjøvik veksla Dixie på å ete, sove i klesskapet og utforske det fyrste døgnet. Det skriv Ringerud på sin Facebook-profil.
– At det går an!, skriv ho under eit bilete av den heimvende katten.
– Fantastisk og absurd i ein herlig kombinasjon. Livet er kult!
HEIMVEND: Katten Dixie er tilbake på Gjøvik etter 12 år heimanfrå.
Foto: Ida Marie Ringerud / PrivatSaka vart først omtalt i Oppland Arbeiderblad.
Sjeldan lenge
Ida Marie Ringerud fattar ikkje heilt korleis katten har hamna i Oslo. Men sidan den er så folkekjær, kan eigentleg kven som helst ha tatt henne med seg.
Bjarne Braastad er professor emeritus og kan mykje om husdyr. Han har mellom anna starta Norsk huskattforening i 1982.
Han kan ikkje hugse å ha høyrt om kattar som har komme til rette etter så lang tid som 12 år.
Men han har høyrt om tilfeller av kattar som har gått lange distansar. Til dømes skjer det at kattar går tilbake til sin heimplass. Braastad fortel om ei hending i 1978 der ein katt gjekk over 50 mil.
SJELDNARE HOKATTAR: Professor Emeritus Bjarne Braastad fortel at det er vanligst at hannkattar stikk av heime frå og går langt. Dei greier seg best for seg sjølv. Og dei forsvinn som oftast i to-tre-årsalderen.
Foto: Fotograf Audun Braaseth– Katten som gjekk lengst var ein som budde i Bærum og vart gitt til nokon i Stjørdal. Den vart borte i starten av september og i påska året etter sat han på trappa heime i Bærum igjen.
Kattar som er borte lenge kan bli mindre sosiale og meir ville. Men dei kan likevel bli seg sjølv igjen når den kjem heim.
– Når slike kattar kjem heim etter kvart, seier eigaren at katten er akkurat som før. Då får den kanskje tilbake sin gamle personlegdom når dei kjenner seg att der ein er.
Veterinær Jan Henrik Aubert har drive smådyrklinikk på Gjøvik i mange år. Han meiner også Dixie har vore borte uvanleg lenge.
– Kattar kan stikke av og vere borte i månadsvis, og også år. Men at ein katt kjem til rette etter 12 år har eg aldri høyrd om.
Aubert lurer også på kvifor katten valde å gå til Oslo når ho kunne ha det så fint på Gjøvik.
– Så teorien om at nokon har tatt henne med seg kan nok stemme bra, seier Aubert.
SJELDAN LENGE: Veterinær Jan Henrik Aubert har høyrt om kattar som er lenge borte og kjem til rette, men dei er som regel ikkje borte i så mange år.
Foto: Marianne Sigstad / PrivatVeterinæren på Gjøvik får støtte av dagleg leier i Dyrebeskyttelsen Norge, Åshild Roaldset. Ho tror noen kan ha tatt vare på katten i løpet av disse årene.
– Det er veldig røft for kattar å klare seg selv. Den har nok fått mat og varme, seier ho.
Roaldset har sett at kattar som har levd ute ei stund ofte får alvorlege helseproblem.
– Dei er underernærte, og dei har tannproblem, augebetennelsar, luftvegsinfeksjonar, frostskadar, tover i pelsen og sår i huden.
KAN VÆRE REKORD: Veterinær og daglig leder i Dyrebeskyttelsen Norge, Åshild Roaldset, har heller ikke hørt om kattar som har kommet til rette etter så lang tid før. – Vi hører om kattar som har vært borte lenge, men jeg tror dette er det lengste.
Foto: Pressefoto / Dyrebeskyttelsen NorgeDyrebeskyttelsen Norge har klare råd til dei som finn ei katt:
Får ny heim
Heime har Ida Marie både ein litt småsur katt og ein hund, så det kan bli litt for tøft for Dixie å innpasse seg i familien igjen.
– Men eg har allereie vore i kontakt med nokon eg kjenner på Toten som gjerne vil ha ein 14 år gammal katt. Der kan ho få det godt den siste tida si, på ein gard med snille folk, fortel Ringerud.