Hopp til innhold

Kan gå mot rekordår for bresmelting

Dei siste 18 åra har isbreane i Jotunheimen blitt 13 meter mindre grunna høge temperaturar. Nå fryktar ekspertane at varmebølga i Sør-Noreg førar til ytterlegare smelting.

Juvfonna

SMELTER: Truleg har denne isbreen Juvfonna vore større før den begynte å smelte.

Foto: Peder Løvik

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Grunnlaget for mykje issmelting er verkeleg lagt i år, fortel forskar i hydrologisk avdeling i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), Liss Andreassen.

Ho har denne veka gjort målingar ved fire brear i Jotunheimen. Dei viser at issmeltinga ser ut til å gå mot nok eit rekordår på grunn av ekstra lang smeltesesong.

– Det er tre månader att av sommaren. Det vil smelte i både juni, juli, august og i september, fortel Andreassen.

Isen smeltar utan snø

Målingar NVE gjennomfører på ti brear to gonger kvart år, viser at dei har minska med 73 centimeter årleg sidan 2000. Totalt har over 13 meter med is smelta. Aller størst var issmeltinga i 2011. Årsaka er blant anna at isen blir stadig meir eksponert, fortel Andreassen.

– Isoverflata er mørkare enn snøoverflata så når snøen forsvinn, vil breane absorbere meir solstråling. Det vil intensivere smeltinga, seier ho.

– Jo fortare breen blir isfri, jo meir vil det smelte.

– Mai var spesielt varm

NVE gjør målinger på isbreer

MÅLER: NVE gjer bremålingar fleire gonger i året.

Foto: Liss Andreassen

Mai har vore den varmaste i gjennomsnittstemperatur for Noreg siden 1900. Statistikk frå Meteorologisk institutt viser at temperaturen låg 4,2 grader over normalen.

Statsmeteorolog Anne Solveig Andersen kallar været i Sør-Noreg uvanleg.

– Mai var spesielt varm, det er ikkje normalt at det varte så lenge, seier ho.

Varmen, kombinert med lite nedbør, har ført til tørke fleire stader. Dermed har det vore optimale smelteforhold.

– I Bergen går det mot rekord i talet på dagar med tørrvêr. Rekorden på 28 dagar frå 1913 er innanfor rekkevidde, for i dag er vi på 22 dagar utan regn, fortel Andersen.

Laster Twitter-innhold

Flere saker fra Innlandet