Hopp til innhold

Berre to tredjedelar av norske tannlegar har blitt prioritert i vaksinekøen

Kasper Vork er tannlege med astma, men kommunen han jobbar i har ikkje vaksinert han. Hadde han jobba i heimlandet, Danmark, hadde han vore vaksinert no.

Tannleger ber om koronavaksine

GODE PÅ SMITTEVERN: Tannlegar må beskytte seg grundig før dei skal sjå inn i munnen til folk.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Utstyr må på før Kasper Vork kan sjå pasientane sine. Han er tannlege ved den private klinikken Odontia på Lillehammer.

– Vi er gode på smittevern, men går alltid og uroar oss for om ein pasient kjem inn med korona utan at vi veit om det, seier tannlegen.

Han er ikkje åleine i uroa si. I ei undersøking publisert i mai frå Tannhelsetenesten sitt Kompetansesenter Aust fann dei 71,9 prosent av tannhelsepersonell er redde for å bli smitta, og 85,4 prosent er redde for å smitte andre.

Kasper fortel at dei er spesielt utsett sidan dei arbeider i munnen til folk.

Opp til kommuneoverlegen

NRK forklarer

Korleis blir tannlegar prioritert til koronavaksine?

Korleis blir tannlegar prioritert til koronavaksine?

Av dei vaksinedosane kommunane får, skal opp til 20 prosent bli brukt på helsepersonell. Kommuneoverlegen har ansvar for å vurdere kven innan primærhelsetenesta dei skal prioritere.

Korleis blir tannlegar prioritert til koronavaksine?

Det er stor variasjon i korleis kommunar prioriterer dei innan tannhelse, seier fylkesansvarlege NRK har vore i kontakt med.

Korleis blir tannlegar prioritert til koronavaksine?

Dei som arbeider ved beredskapsklinikkar og anna tannhelsepersonal kopla på spesialhelsetenesten er prioritert fram.

Korleis blir tannlegar prioritert til koronavaksine?

Resten varierer. Nokre blir rekna som helsepersonell, og vaksinert saman med dei. Andre får beskjed om at dei må vente på vaksine saman med befolkninga.

Korleis blir tannlegar prioritert til koronavaksine?

I visse tilfelle har kommuneoverlegar foreslått å berre vaksinere tannlegar, sjølv om tannhelsesekretærar har hovudansvaret for hygiene og smittevern ved eit kontor, og ofte er like nær pasienten.

Korleis blir tannlegar prioritert til koronavaksine?

I tillegg kjem den private tannhelsetenesta. Dei fleste vaksne nyttar seg av dei, og 70 prosent av norske tannlegar er tilsett privat. Dei har ingen felles fylkesadministrasjon som kan formidle vidare informasjon til kommunane.

Korleis blir tannlegar prioritert til koronavaksine?

Dei er avhengige av at kommunen veit kven som er aktuelle for prioritering. Nokre stader tek kommunane kontakt for å få oversikt, men ofte må private klinikkar aktivt ta kontakt med kommunen.

NRK har kontakta alle fylkesansvarlege for tannhelse i Noreg, og ni av elleve har svart. Alle desse seier det er stor variasjon i korleis kvar kommune prioriterer vaksine til tannhelsepersonell. Kvar kommuneoverlege gjer forskjellige vurderingar, ut frå kriterium frå FHI. Det får varierande utslag.

  • Beredskapsklinikkar som skal kunne behandle koronapositive pasientar, saman med tannhelsepersonell knytt til spesialhelsetenesten, har for det meste blitt prioritert i heile landet.
  • I nokre kommunar har kommuneoverlegar ønskt å berre vaksinere tannlegar, ikkje anna tannhelsepersonell.
  • I andre kommunar får tilsette innan tannhelse beskjed om å vente på å bli vaksinert i ordinær kvote.

Ifølgje FHI har 67 prosent av tannlegar fått første dose med vaksine, men det varierer etter geografi, og inkluderer ikkje anna tannhelsepersonell.

Anna prioritering i Danmark

Tannleger ber om koronavaksine

ANNLEIS ENN I DANMARK: I Noreg varierer det frå kommune til kommune om tannlegar blir prioriterte til vaksine.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Kasper har astma, og skulle gjerne hatt vaksine, men korkje han eller dei han arbeider med har fått eit tilbod. Sidan han er dansk, og utdanna i Danmark, har han lett for å samanlikne landa.

– Det er frustrerande, for eg veit at kollegaene mine der har fått første dose.

Den danske Tandlægeforeningen bekreftar at dei aller fleste tannlegar har fått første vaksinedose i Danmark.

Vaksineringsstrategien er ikkje sentralisert på same måte i Noreg som i Danmark, og kvar enkelt kommuneoverlege er avhengige av å ha oversikt over dei innan tannhelsetenesta dersom dei blir vurdert til vaksinering.

Pernille Lysaker

OPPRETTA KONTAKT FOR PRIVATE: Kommunalhelsetenesten har i utgangspunktet ikkje oversikt over den private tannhelsetenesta.

Foto: Privat

– I fjor starta vi dialog med dei lokale tannlegeforeiningane, inkludert dei private, for å sørgje for at kommunane hadde oversikt over dei, seier Pernille Lysaker, tannhelsesjef i Rogaland.

Ho hadde ikkje ansvar for å formidle denne informasjonen, men såg det var lurt, sidan kvar enkelt kommune ikkje hadde oversikt over dei private klinikkane. Det at dei no har informasjonen, tyder derimot ikkje at tannhelsetenesta blir prioritert til vaksine.

Morten Bergkåsa, kommuneoverlege i Lillehammer, seier dei først og fremst har prioritert risikogruppene i kommunen. Når dei blir ferdige med det, kan dei få ei annleis prioritering på helsepersonell.

Morten Bergkåsa

HAR PRIORITERT RISIKOGRUPPER: I Lillehammer har anna helsepersonell også blitt nedprioritert.

Foto: Ragnhild Moen Holø / NRK

– I vår og vinter har det vore mange grupper av helsepersonell som vi har måtte seie nei til.

Må reknast som helsepersonell

Leiar i norsk tannlegeforeining, Camilla H. Steinum, seier at dei burde bli vurdert på lik line som anna helsepersonell.

President i Den norske tannlegeforening Camilla Hansen Steinum.

TANNHELSE ER HELSE: Dei som arbeidar innan tannhelse utfører viktig helsearbeid, påpeiker tannlegeforeininga.

Foto: Kristin Aksnes / Tannlegeforeningen

– For oss er det viktig å følgje FHI sin vaksinekø. Det er litt merkeleg at ein prioriterer andre yrkesgrupper, som stortingspolitikarar, når ein veit at vi ikkje har kome så langt som vi ønsker med helsepersonell og risikogrupper.

Smitteverndirektør i folkehelseinstituttet, Geir Bukholm, presiserer at tannhelsetenesta ikkje skal bli nedprioritert, men at målsettinga i første fase var å bevare dei kritisk viktige funksjonane i helsetenesta.

Geir Bukholm, FHI

VAKSINERING KJEM: Frå veke 22 og utover vil mange tannlegar få tilbod om vaksine, ifølgje FHI.

Foto: Stian Lysberg Solum / Stian Lysberg Solum

– Kommunane må sjølv kunne vurdere rekkefølga i vaksinering av helsepersonell. I noverande fase vil det inkludere ei breiare vaksinering, og dei tannlegane som enno ikkje har fått tilbod om vaksine, skal få det frå veke 22 og utover.