Hopp til innhold

Helsedirektøren: – I siste instans kan ikkje-vaksinert helsepersonell omplasserast

Tre av fire helsearbeidarar har ikkje teke influensavaksine. Derfor ber helsedirektør Bjørn Guldvog sjukehus og kommunar om å vurdere om dei som ikkje er influensavaksinert, kan jobbe med utsette pasientgrupper.

Helsepersonell får influensavaksine

INFLUENSAVAKSINE: Helsepersonell som ikkje vil vaksinerast kan rekne med å bli omplassert.

Foto: Ruth Barsten/NRK

På barneintensivavdelinga på Rikshospitalet ligg 13 år gamle Martin. Han har leukemi og for omtrent ein månad sidan fekk han beinmergtransplantasjon. Han er heilt avhengig av at dei som behandlar han er vaksinert.

– At dei som jobbar med Martin er vaksinert mot influensa har alt å seie for oss, seier Monica Hennum Steen til NRK.

Ho er mor til Martin.

Monica Hennum Steen

UTSETT: Monicas son Martin har leukemi og er veldig utsett for smitte. Ho håpar helsepersonell ser viktigheita kring det å vaksinere seg.

Foto: Gard Brox Jensen/NRK

– Han har ikkje noko immunforsvar. Han toler ingenting. Han har nok med å kjempe mot sine eigne bakteriar, fortset Monica.

Kjersti Langmoen er seksjonsleiar på barneintensivavdelinga.

– Vi er den avdelinga i Noreg som behandlar dei sjukaste og svakaste. Dei er svært utsett for den type smitte og da spesielt influensa, seier ho.

Kjersti Langmoen

90 PROSENT: Ved barneintensivavdelinga på Rikshospitalet er omtrent 9 av 10 helsepersonell vaksinert mot influensa.

Foto: Martin Roalsø

På barneintensivavdelinga er ikkje vaksinasjonsmotstand eit stort problem. Der er dei aller fleste vaksinert mot influensa. Men slik er det ikkje alle stader i det norske helsevesenet. Helsedirektoratet har, med foreløpige tal, opplyst til NRK at berre ein av fire i det norske helsevesenet tek influensavaksine.

Kan bli omplassert

Direktøren i Helsedirektoratet, Bjørn Guldvog, opnar no for at ikkje-vaksinert personell i siste instans kan bli omplassert til andre arbeidsoppgåver.

– Vi ber dei som er arbeidsgivarar om å vurdere om det er forsvarleg at personellet deira ikkje er vaksinert mot influensa viss dei behandlar pasientar som har nedsett immunforsvar.

– Viss det er slik at dei ikkje kan tilby ei forsvarleg behandling, så bør dei vurdere å omplassere deler av personellet som ikkje er vaksinert. I siste instans så kan det vere nødvendig, seier Bjørn Guldvog.

Helsedirektør Bjørn Guldvog

INGEN TVANG: Sjølv om berre ein av fire helsearbeidarar er vaksinert mot influensa, vil ikkje direktøren i Helsedirektoratet, Bjørn Guldvog, tvangsvaksinere helsepersonell.

Foto: Rebecca Ravneberg / Helsedirektoratet

Ingen tvang

Laurdag tok helsebyråd i Oslo, Tone Tellevik Dahl (Ap), til orde for «obligatorisk vaksinasjon» av alle kommunens helsepersonell mot sesonginfluensa.

Så langt vil ikkje Bjørn Guldvog gå.

– Nokre land har gått så langt at dette er obligatorisk for dei som jobbar på sjukehus. Blant anna i Frankrike og i USA. Vi har ei anna tilnærming basert på tillit og fri vilje.

– Men da må vi sikre at vi har gehør og at helsepersonell reagerer slik at pasientens sikkerheit blir vareteken, seier Bjørn Guldvog.

Han får støtte frå kommuneoverlegen i Lillehammer, Morten Bergkåsa. Der tilbyr dei no gratis vaksinasjon til alt helsepersonell.

– Generelt har vi god effekt av vaksinasjonsprogrammet i Noreg, og det er jo basert på fri vilje. Eg meiner godt informasjonsarbeid og kommunikasjon er vegen å gå for at flest mogleg skal vaksinere seg, seier Morten Bergkåsa.

Morten Bergkåsa

GRATIS VAKSINE: I Lillehammer får alt helsepersonell tilbod om gratis vaksinasjon, fortel kommuneoverlege Morten Bergkåsa.

Foto: Ruth Barsten/NRK

Skepsis

Verdas helseorganisasjon har eit mål at tre av fire helsepersonell skal vaksinerast mot influensa. Men mange er skeptiske.

– De fleste lar vere rett og slett fordi dei ikkje trur at dei treng det. Heldigvis er det ganske få som er aktive vaksinemotstandarar, seier smitteverneoverlege ved Oslo Universitetssykehus Egil Lingaas.

Egil Langaas

SKEPSIS: Egil Lingaas er smittevernoverlege ved Oslo Universitetssykehus. Han fortel om at mange er skeptiske med tanke på biverknader.

Foto: Gard Brox Jensen/NRK

Hege Amdahl var ein skeptikar.

– Eg tenkte berre på meg sjølv.

Ho er tidlegare hjelpepleiar. No sit ho i administrasjonen på Lillehammer helsehus.

– Eg tenkte ikkje på konsekvensen. Eg ber jo med meg sjukdomen sjølv om eg ikkje er sjuk. No vaksinerer eg meg. Det var eit år da eg jobba som hjelpepleiar at mange eldre døde som følge av komplikasjonar av influensa. Etter det har eg vaksinert meg, seier ho.

Hege Amdahl

TIDLEGARE SKEPTIKAR: Hege Amdahl(t.h) var tidlegare skeptisk til vaksiner. Ho har endra meining. Ho vart stukket i armen av sjukepleier Malene Bruskeland(t.v)

Foto: Ruth Barsten/NRK