Hopp til innhold

Han har kjempa mot DNT-hytte i 50 år

I 55 år låg DNT-hytta Gråhøgdbu midt i villreintrekket på Venabygdsfjellet. No er ho fjerna.

Erik S. Winther

HYTTE PÅ GLID: DNT-hytta Gråhøgdbu har fått meier under seg og er på tur ut av fjellet. Erik S. Winther er rørt.

Foto: Arne Sørenes / nrk

– Det er ein stor dag både for meg personleg og for villreinen i området, seier Erik S. Winther.

Den tidlegare ordføraren i Ringebu er ikkje mest kjent for å la kjenslene styre. Men no er 78-åringen blank i augo.

– Ja, eg blir nesten rørt, seier Winther.

Han står og ser på mens Gråhøgdbu bli transportert ut av vinterfjellet.

DNT-hytta blir flytta frå Venabygdsfjellet på ein spesiallaga kjelke. No skal hytta på museum på Maihaugen i Lillehammer.

DNT-hytta blir flytta frå Venabygdsfjellet på ein spesiallaga kjelke. No skal hytta på museum på Maihaugen i Lillehammer.

Lang prosess

Alt i 1970 byrja Winther som fjelloppsynsmann i statsallmenningen i Ringebufjellet.

Han forstod at den då nybygde DNT-hytta låg i konflikt med trekkrutene til villreinstamma i Rondane

– Men det var ingen som tenkte på villrein på den tida, legg han til.

Winther understrekar at det ikkje er hytta som er hovudproblemet.

– Problemet er oss, seier han. At vi ferdast i området.

Erik S. Winther

DEN GAMLE MANNEN OG FJELLET: Erik S. Winther har vore fjelloppsynsmann i Ringebufjellet i nesten 40 år. Han fortel at det eldgamle villreintrekket går på begge sider av fjellet Muen som er den høgaste toppen i området. På biletet kan ein sjå Muen i bakgrunnen.

Foto: Arne Sørenes / nrk

Eit forskingsprosjekt Norsk institutt for naturforsking (NINA) har hatt i Rondane sidan 2009 dokumenterer at fylkesvegen over Venabygdsfjellet er det største hinderet for villreinen. Ferdsel til og frå DNT-hytta har ikkje gjort det enklare.

No lovprisar Winther Den Norske Turistforening (DNT) for å ha stengt Gråhøgdbu:

– Dei har vist ei stor forståing for at menneske og villrein og hytter ikkje går så godt saman. No er fjellet vårt reint for denne typen trafikk.

Likevel er han uroa over utviklinga i fjellet. Sidan nasjonalparken i Rondane vart opna i 1962 er villreinområdet halvert. Truleg er det den private hyggebygginga i området som må ta mesteparten av skulda for det.

Nytt liv på museum:

No skal Gråhøgdbu fraktas til Lillehammer Museum. Der skal den pensjonerte DNT-hytta bli ein del av hyttegrenda på friluftsmuseet Maihaugen.

– Der skal den fortelje historia om DNT som går tilbake til 1870-talet i Gudbrandsdalen og Jotunheimen, seier Kjell Marius Mathisen. Han er avdelingsleiar for kulturhistorisk avdeling.

Kjell Marius Mathisen

MUSEUMSMANN: Kjell Marius Mathiesen er museumsleiar på Maihaugen.

Foto: Arne Sørenes / nrk

– Det norske friluftslivet er unikt, og DNT har spela ei stor rolle i framveksten av dette. Det er vi glade for å kunne vise fram på museet.

Louise Brunborg-Næss er rådgjevar for kulturarv i DNT. Ho er svært glad for at hytta hamnar på museum:

– Dette er eit veldig godt høve for oss til å fortelje historia om villreinen og om kvifor hytta vart flytta.

I tillegg håpar ho at folk som kanskje ikkje reiser på ubetente hytter no kan få sjå korleis dette eigenleg er:

– Kanskje vil dei då få lyst til å reise til fjells og overnatte på ei av dei mange DNT-hyttene vi framleis har i Noreg, seier ho.

– I tillegg blir det jo eit godt høve til å mimre for folk som har gode minner frå Gråhøgdbu, legg ho til.

Hytta blir frakta til Maihaugen i løpet av kommande veke.

Dnt gråhøgdbu

DNT OG HYTTA: DNT-rådgjevar Louise Brunborg-Næss gler seg til at ho kan vitje Gråhøgdbu på Maihaugen sommaren 2022.

Foto: Arne Sørenes / Nrk

Flere saker fra Innlandet