Hopp til innhold

Har snart brukt opp årets fellingsbudsjett

Nærmare 900.000 har gått med i fellingsforsøka så langt i år. På Ringebu, der ulven har skada 41 sauar, meiner dei pengane ikkje strekk til.

Sauebonde Ole Johan Bjørge har mista et titalls dyr til ulven i år

VANSKELEG TID: Sauebonde Ole Johan Bjørge har brukt heile veka på å leite etter skadde og døde dyr. Han er av dei som etterlyser meir pengar til fellinga av ulven.

Foto: Anna Kvarberg Ekre / NRK

– Å sleppe sauen ut i fjellet nå er ikkje spesielt koseleg, og attpå til så er det ikkje pengar til å ha mannskap ute til å få felt ulven. Det er så frustrerande at det ikkje finst ord, seier sauebonde Hege Trosvik, som onsdag var med og leitte etter døde og skadde sau.

Ho får støtte av fellingsleiar i Ringebu, Tore Kleven som fortel at dei natta etter ulveangrepet hadde ti til tolv personar med seg ut på jakt etter ulven, men at dei siste nettene berre har vore to til fire personar ute, for å prøve å halde seg innanfor budsjettet.

Hege Trosvik er med å leiter etter skadde og døde dyr

REDD: Sauebonde Hege Trosvik syns det er vanskeleg å sende dyra sine ut på beite slik situasjonen er i Ringebu nå.

Foto: Anna Kvarberg Ekre / NRK

Har brukt opp 55.000 kronar

I Ringebu fekk dei 40.000 kronar då fellingssøknaden vart innvilga. Då det viste seg at dette ikkje var nok, fekk dei innvilga 15.000 til. Men onsdag var det tomt, ein dag før fellingsløyva gjekk ut.

Kleven skjønar at pengesekken ikkje kan vere vidopen, men meiner at dei må kunne sette inn folk når det er behov.

Leder for det kommunale jaktlaget i Ringebu, Tore Kleven

KRITISK: Fellingsleiar i Ringebu, Tore Kleven, meiner det er naudsynt med meir pengar skal dei få tak i ulven som tok 41 sau i helga.

Foto: privat

– Det er beiteprioritet i området, beitedyra skal ha førsterett der, seier Kleven og understrekar at området dei arbeider i er langt frå bilveg, er stort og har dårleg telefonsamband. Det gjer at fleire folk er naudsynt, ifylgje fellingsleiaren.

Uvanleg skadesituasjon

Fylkesmannen har avsett 900.000 til skadefelling i år, basert på erfaringstal frå tidlegare år. Desse skal, ifylgje rådgjevar hjå fylkesmannen si miljøvernavdeling, Marte Conradi, snart vere brukt opp.

For Gran, Hurdal og Vestre Toten har også hatt problem med ulv denne sommaren, og 120 sauar har vorte drepen.

– Talet på skadefellingsløyve på ulv er like stort som tidlegare år, men så store og omfattande skadesituasjonar som den vi har på ulv no på Hadeland er ikkje vanleg, seier ho.

Conradi estimerer at det har vorte brukt ein halv million kronar på skadefellingsforsøket på Hadeland så langt. I tillegg kjem skadefellingsforsøka på rovvilt andre plassar i fylket, deriblant Ringebu.

– Men vi har tett dialog med miljødirektoratet, og vi har fått ekstra middel for å dekke utgifter i forbindelse med skadefelling og forsinka beiteslepp på Hadeland, seier rådgjevaren.

Utvidar fellingsløyva

Torsdag formiddag vart fellingsløyva utvida til måndag klokka tolv, og Ringebu fekk 30.000 kronar til fellinga.

Rovviltvakt i Ringebu, Sør-Fron og -Nord-Fron, Geir Johan Groven, fortel at skal potten halde til over helga, må dei disponere mannskapet deretter.

– Dei er avhengige av ferske skadar eller observasjon før dei kan sette inn eit større trykk, seier han.

Slik ser skadene etter ulven ut.

SKADD: Bildet til venstre viser korleis lammet til Ole Johan Bjørge så ut då han fant det i Samdalen tysdag. Han såg seg nøydd til å skyte dyret. Først da de flådde dyret, såg dei kor omfattande dei indre skadane var.

Foto: Ole Johan Bjørge / Privat