Hopp til innhold

Fann sjeldne jernbarrar i kjellaren

Grete Margot Sørum rydda huset til foreldra då ho fann dei nesten 1000 år gamle skattane.

Jernbarrer fra Valdres

RUSTA: Dette er jernbarrar som truleg vart brukt som betalingsmiddel både i jernalderen og i mellomalderen. Dei er laga av jern frå Valdres, og alle er smidd etter ei fastsatt norm

Foto: Mildri Een Eide / Mildri Een Eide

Grete Margot Sørum hugsar godt at far hennar fann barrane da han grov ut ein brønn ved huset på 1980-talet.

– Men så la han dei bort i ein krok. Da dei dukka opp att nå, tenkte eg vel at dette ikkje var noko eg skulle køyre på Gjenbruket!

Sørum tok med seg barrane til Valdres Folkemuseum på Fagernes. Som gav dei vidare til Fylkesarkeologen i Innlandet.

Det er 100 år sidan nokon leverte inn eit liknande stort funn av jernbarrer i Valdres.

Grete Margot Sørum fra Aurdal i Valdres

VED KONGEVEGEN: Like ved kongevegen fann far til Sørum jernet på 80-talet. Dottera skjønte dette ikkje var noko ho berre kunne kaste då ho fann det igjen no.

Foto: Privat / NRK

Mange forbind barrar med gullbarrar, litt firkanta og ganske tunge. Men dette er 32 ganske så små «pinnar».

Dei er heilt like i form og storleik og veg ca. 50 gram, som tyder på at det er eit betalingsmiddel.

I enden har dei smale gjenstandane eit hol.

– Dette tyder på at dei har vore knytt saman i eit knippe, seier arkeolog hos Mildri Een Eide Fylkesarkeologen i Innlandet.

Ho gleder seg over funnet, som minner oss om ei heilt spesiell historie.

innlandet-bidrag fra Mildri Een Eide 5

PENGAR: Mest truleg var jernbarrane brukt som ein slags betalingsmiddel. Dei var truleg knytt saman i eit knippe som ein kunne bere ned seg. Da kunne folk bytte til seg varer frå andre stader i landet.

Foto: Mildri Een Eide / Mildri Een Eide

Les også Erik (10) fant unik trebolle fra vikingtiden på badetur

Erik Briskerud så noe som ligna på ei rot i sanden. Det skulle vise seg å være en 1000 år gammel bolle.

Ein industri i fjellet

Den bergenske kongeveg går like nedanfor der far til Grete Margot Sørum fann jernbarrane i Aurdal i Valdres.

– Det er rart å tenkje på at det gjekk føre seg ein stor handel langs denne vegen for meir ein 1000 år sidan. Og at nokre kanskje grov ned barrane for å ta vare på dei akkurat her, seier Sørum.

Jern var ei veldig viktig vare i vikingtida, brukt til våpen og til reiskapar og naglar til båtbygging. I alle dei store dalføra i Sør-Noreg og i område i Trøndelag tok folk jern frå myrene i jernalderen og mellomalderen.

Valdres peikar seg ut med ein spesielt stor produksjon. Det viser kløvstiar og produksjonsplassar, som er lette å få auge på mange stader i fjella rundt dalføret.

Arkeolog Mildrid Een Eide

UNIKT: Funnet frå Valdres er eit unikt minne om ei heilt spesiell industrihistorie, seier arkeolog hos Fylkesarkeologen i Innlandet, Mildri Een Eide

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Les også Jørgen (32) fant historisk knapp på Vestre Toten

Jørgen Strande fant en flere tusen år gammel knapp på Vestre Toten

Gravemaskinar øydelegg kulturhistorie

Dei «nyfunne» barrane frå Valdres ligg nå på Kulturhistorisk Museum i Oslo.

Arkeolog og førsteamanuensis der, Kjetil Loftsgarden har forska på jernutvinninga i innlandsbygdene. Han gler seg også stort over funnet, sjølv om slike barrar finst i samlinga frå før.

– Vi kallar det eit depotfunn fordi det er tydeleg at nokon har grave det ned for å gøyme det. Da gjekk dei kanskje ikkje så langt unna der dei budde, for dei skulle jo finne det att! Før kunne ein ofte finne slikt i tilknyting til ei steinrøys, nære der det hadde vore busetting.

Kjetil Loftsgarden. Arkeolog Kulturhistorisk Musem

ARKEOLOGEN: Arkeolog og førsteamanuensis ved Kulturhistorisk Museum, Kjetil Loftsgarden. Han leier nå eit stort arkeologisk prosjekt for å kartlegge jernutvinninga i Valdres enda betre.

Foto: Mildri Een Eide

Kjetil Loftsgarden seier det er sjeldan å komme over slikt i våre dagar.

– All utgraving i samband med vegbygging, hyttebygging eller husbygging skjer med gravemaskin og grabb. Da forsvinn slike små kulturminne saman med stein og grus.

Det er få skriftlege kjelder over jernutvinninga i Valdres. Men truleg var det eit spesialisert arbeid, som kanskje bøndene og «småkongane» eigde. Før det etter kvart, i mellomalderen, i større grad vart styrt av stat og kyrkje.

Men minna om jernutvinninga ligg der, midt mellom hyttebyar og vegar. For det er tusenvis av kolgroper etter jernutvinning i fjella.

Grete Margot Sørum er på si side gler seg over at dei gamle jernbarrane faren fann no blir tatt vare på.

– Dette synest vi i familien er spennande og veldig stas

Les også Har funnet vikinggrend i fjellheimen: – Vi ble i fyr og flamme

Langhus fra Vikingtiden - slik det kan ha sett ut.

Etter publisering er NRK blitt kjent med at dette er det første funnet av slike jernbarrer på hundre år i Valdres, og ikkje i Noreg som vi skreiv i ei tidlegare versjon av saka.

Flere saker fra Innlandet

Steinras-Gjende

Tre personer evakuert etter steinras ved Gjende i Jotunheimen