Stenger omsorgssentera for besøkande etter smitteutbrot på Gjøvik

GJØVIK (NRK): 16 personar er bekrefta smitta med koronaviruset og over 250 er i karantene. Fleire blir testa fortløpande og dei fryktar at fleire er smitta.

Gjøvik kommune Rådhus

SMITTE: Kommunen jobbar med smittesporing etter fleire har fått påvist korona. Dei fryktar mange fleire kan ha fått viruset.

Foto: Anders Bakkerud Larsen / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Ordføraren og kommuneoverlegen i Gjøvik informerte om nye tiltak under ei pressekonferanse torsdag.

Kommunetilsette i Gjøvik blir bedt om å ha heimekontor i tida framover. Dei oppmodar også alle andre som kan til å bli heime for å avgrense smitta.

Omsorgssentera blir stengt for besøkande.

– Besøkande kan berre komme i særskilde tilfelle og avtalast med den enkelte avdeling. I helga skal det vere ei stor samling i Gjøvik med konfirmantar. Den blir ikkje avlyst. Men dei som deltek må halde god avstand og syte for god hoste- og handhygiene, seier ordførar, Torvild Sveen.

Han seier dei er klare for å sette inn fleire tiltak om det blir naudsynt.

Smittesporinga har vore krevjande, seier kommuneoverlege, Siri Fuglem Berg.

– Vi har vore ein gjeng som har jobba på spreng til seint på kveld. Smittesporinga er krevjande og tar mykje tid og ressursar, seier Berg.

FC623DF9-0B3A-43F2-849A-04DE0BE94607

PRESSEKONFERANSE: Kommuneoverlege i Gjøvik, Siri Fuglem Berg og ordføraren i Gjøvik, Torvild Sveen, hadde pressekonferanse om smittesituasjonen i Gjøvik torsdag.

Foto: Dag Kessel / Dag Kessel

Ingen nye tilfelle torsdag

Fredag 17. oktober fekk fire personar i kommunen påvist smitte. Sidan har det dukka opp nye tilfelle i dagane etter og rundt 250 personar er sett i karantene.

Rundt 350 personar er testa for viruset i løpet av denne veka.

Det har vore snakk om at ein fryktar at viruset som har dukka opp i Gjøvik kan vere av ein type «superspreiar». Det avviser ordføraren under pressekonferansen.

– Det er ingen superspreiar i området. Situasjonen er alvorleg i den grad at nokon har blitt smitta, og dette må kartleggast raskt. Det er ingen grunn til å skape panikk, seier Sveen.

To elevar ved Gjøvik vidaregåande skule er blant dei smitta. Klassane og faglinjene til dei to er testa.

– Situasjonen er for tida litt uoversiktleg og det er ein stor jobb med smittesporing for å finne ut korleis dei har fått smitte og korleis det har spreidd seg, seier ordførar i Gjøvik, Torvild Sveen.

Alvorleg situasjon

Ordføraren seier dei ikkje har kontroll på situasjonen no, sidan dei ikkje har fått kartlagt smitten enno.

– Det er svært viktig at alle innbyggarar tek alle forholdsreglane. Det er kritisk for dei som har fått det og at det i løpet av så få dagar kan spreie seg så fort det er alvorleg, seier Sveen.

Kommuneoverlege i Gjøvik, Siri Fuglem Berg, seier det var veldig uoversiktleg i byrjinga. No begynner dei å få meir oversikt. Og det kan vere snakk om at nokon av tilfella er knytt til andre utbrot rundt om i fylket.

Kommuneoverlege i Gjøvik, Siri Fuglem Berg

SMITTESPORING: Kommuneoverlege i Gjøvik, Siri Fuglem Berg seier dei jobbar på spreng med å finne ut korleis smitten har spreidd seg. Dei begynner å nøste opp i det, seier ho.

Foto: Anders Bakkerud Larsen / NRK

– Men vi har nokon tilfelle som er heilt utanfor dette og. Det er ein som har vore i utlandet som har fått det påvist, seier ho.

Ho seier også at det er nokon som har fått smitte i Oslo. Førebels veit ho ikkje det er snakk om at viruset er ein «superspreiar», sidan dei ikkje har fått testa viruset som herjar enno.

– Folk flest som er sjuke smittar berre nokon få så lenge dei er flinke til å gå i isolasjon. Men vi har dei tilfella der dei ikkje har noko særleg symptom, men er smittsame. Men det er ikkje det det er snakk om no, seier ho.

Tilsette ved sjukeheim smitta

Tre av dei smitta er tilsett ved eit omsorgssenter i kommunen og ein annan er tilsett ved ein sjukeheim. Kommuneoverlegen fortel at alle pasientar som har vore i nærkontakt med desse er i karantene.

– Det er alltid alvorleg når det er smitte blant tilsette som jobbar ved sjukeheim. Vi testar breitt både pasientar og tilsette. Så håpar vi det ikkje er nokon pasientar som er smitta, seier Siri Fuglem Berg.

Den første runda med testsvar var negative, men dei testar alle jamleg.

Både kommuneoverlegen og ordføraren er tydelege på å oppmode folk i Gjøvik no til å vere ekstra forsiktige med smittevern.

– Det er viktig å halde på smittevernreglane. I alle fall no, at vi skjerpar inn litt ekstra når det er meir smitte i Gjøvik enn vi er vand med, seier Fuglem Berg.

Fleire smitta på Toten

Det har også vore smitteutbrot i Vestre og Østre Toten den siste tida. I Østre Toten vart sju nye påvist smitta tysdag, etter å ha vore i karantene sidan måndag 12. oktober. Dei var i same hus som ein som var smitta frå før.

Torsdag vart to nye bekrefta smitta på Østre Toten.

Ifølge Oppland Arbeiderblad er det også fem personar i karantene i Vestre Toten etter ein person fekk viruset der. 50 er testa for korona.

Torvild Sveen, ordfører Gjøvik

UTBROT: Ordføraren i Gjøvik fryktar mange fleire smittetilfelle i Gjøvik.

Foto: Anders Bakkerud Larsen / NRK

Ordføraren i Gjøvik ser ikkje vekk frå at smitten som har spreidd seg der kan ha samanheng med dei smitta i Toten-kommunane.

– Østre, Vestre og Gjøvik er felles bu- og arbeidsmarknadsområde. Dette er veldig viktig at vi snarast mogleg får avgrensa.

Status Norge

Sist oppdatert: 25.11.2020
2 946
Siste uke
128
Innlagt
314
Døde