– Det er heilt forferdeleg det som har skjedd

Folk i Kvam strevar med å setje ord på naturkatastrofa som nok ein gong har nådd dei. Etter to års gjenoppbygging må dei starte på nytt.

Flomofrene i Kvam

– Det er akkurat det same som skjedde for to år sidan, eg trudde ikkje at eg skulle måtte oppleve dette ein gong til. Det er heilt forferdeleg, seier Irene Brendstuen. Ho fekk store skader på huset sitt også under flaumen i 2011.

Det vesle samfunnet midt i Gudbrandsdalen var blant dei som var hardast råka under pinseflaumen for to år sidan. Onsdag ettermiddag gjekk fleire småelver nok ein gong over sine breidder, og øydela for millionar.

Dagen derpå er Kvam som eit katastrofeområde å rekne.

Krisemøte på Kvam

Torsdag har det vore fleire krisemøte på Kirketeigen på Kvam.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Gjørme og vatn

Vi er med Ingrid Bergum ned i kjellaren på huset hennar ikkje langt frå ei av fleire villfarne elver i Kvam sentrum. På golvet ligg eit fleire centimeter tjukt lag med gjørme. Vatnet har gjort stor skade.

– Vatnet har kome i stor fart. Du ser frysaren står heilt på skeiva. Her blir det ikkje soverom på ei stund, seier ho stille.

– Kva tenkjer du om det som har skjedd?

Det er frykteleg. Heilt forferdeleg.

Krisemøte

Krisemøte på Kvam

Folk på Kvam treng all den hjelp dei kan få.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

I alt 260 personar av Kvam sine 800 innbyggjarar har måtte forlate husa sine. 170 husstandar er evakuert, melder Nord-Fron kommune. I dag var det krisemøte på overnattingsstaden Kirketeigen, der folk fekk nedslåande informasjon.

Skadane er større enn for to år sidan, mange hus er øydelagde, framtida er uviss.

– Katastrofen er eit faktum. Vurderinga mi er at det ikkje kan bu folk i Kvam meir etter dette. Heile bygda er rasert, seier ein djupt fortvila og rådlaus Ola Kamp.

Nå ventar uansett ei ny lang periode med gjenoppbygging for folk i Kvam.

Flomskader i Kvam

Kvam ser ut som eit katastrofeområde torsdag.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK