Hopp til innhold

Robot gjer mjølking lettare på setra

Dei har skaffa seg flyttbar mjølkerobot som gjer mjølkinga lettare på setra. Innovasjon Norge har trua på seterroboten.

Kyr blir mjølka av mjølkerobot

MJØLKEKØ: Mjølkekyrne står i mjølkekø for å mjølkast av den første flyttbare mjølkeroboten i Noreg.

Foto: Helena Heimer Rognstad / NRK

– Det er mykje lettare, seier Georg Magnus Heiberg.

Han og partnaren Ragnhil Karset Gjermshus har tatt i bruk ein seterrobot, altså ein flyttbar mjølkerobot.

Mjølkeroboten har ein skjerm som viser kor mykje mjølk som kjem ut av juret til kyra, fordelt på kvar spene.

AUTOMATISK: Mjølkeroboten Lely A5 har ein skjerm som viser kor mykje mjølk som kjem ut av juret til kua, og kor mykje som kjem ut frå kvar spene.

Foto: Bjørn Opsahl / NRK

Dei to unge bøndene brukar seterroboten i fjøset heime om vinteren, og når sommaren kjem hektar dei hengaren på traktoren og plasserer denne på utmarksbeite på setra i Vang i Hedmark.

Når kyrne går til roboten, står den for både automatisk mjølking og fôring.

– Så lenge kua har fôr på fôrbrettet og blir mjølka, så er me ikkje avhengige av å vere der på faste tidspunkt, seier Heiberg.

Georg Magnus Heiberg og familien satsar på mjølkerobot på stølen

LETTARE: Dei to bøndene sparer seg for mykje tid med mjølkerobot, og tida kan dei bruke på ungane. Dei brukar også tid med kyrne. – Dei har eit forhold til oss, sjølv om me ikkje mjølkar dei, seier Heiberg.

Foto: Helena Heimer Rognstad / NRK

– Meir fleksibel kvardag

Mjølkerobot på stølen

MJØLKING: Der det før var budeier som måtte ta seg av mjølkinga på setra, har bonden i dag moglegheit til å skaffe seg ein mjølkerobot dei kan flytte med seg til utmarksbeite. Dyra går fritt, og mjølkinga skjer automatisk medan kua får fôr.

Foto: Helena Heimer Rognstad / NRK

Innovasjon Norge forvaltar IBU-midlane som kjem over jordbruksavtalen og som skal brukast til investering i landbruk. Selskapet er difor ein medspelar når bønder følgjer utviklinga i landbruket.

Direktør Sverre Bjørnstad i Innovasjon Norge Innlandet meiner at norske bønder har vore framoverlente når det gjeld å ta i bruk ny teknologi som kan lette arbeidssituasjonen. Av det han kjenner til er Noreg den delen av verda der ein har størst andel av mjølka som blir mjølka av robotar.

Sverre Bjørnstad

FRAMOVERLENT: Sverre Bjørnstad som er direktør i Innovasjon Norge Innlandet meiner det er bra bønder er framoverlente og nyttar ny teknologi.

Foto: Ruth Barsten / NRK

– Mjølkeroboten har gjort at det er ein mykje meir fleksibel kvardag. Det er lettare for mjølkeprodusentar å delta i kvardagen på lik linje med andre, seier Bjørnstad.

Ein ny mjølkerobot kostar over ein million kroner, og difor trur Bjørnstad det å investere i ein fast mjølkerobot på setra noko han trur få kjem til å gjere. Ein flyttbar mjølkerobot, har han derimot trua på.

– I arbeidsintensive næringar og landbruk er ny teknologi ein av dei moglegheitene ein har for å vere konkurransedyktige, òg for å halde kostnadene nede, seier Bjørnstad.

– Eit bra miljømessig tiltak

Jostein Vik er professor ved institutt for sosiolog og statsvitskap ved NTNU og er seniorforskar ved Ruralis. Han har forska på landbrukspolitikk, entreprenørskap, og fiskeripolitikk.

Vik har også vore med på prosjekt knytt til mjølkerobotar, men ikkje spesifikt flyttbare mjølkerobotar. Han meiner likevel flyttbar mjølkerobot høyrest fornuftig ut.

Jostein Vik

BRA TILTAK: Jostein Vik som er professor i statsvitskap ved NTNU og seniorforskar på Ruralis meiner seterrobot er eit bra tiltak.

Foto: LEIF HATLAND / NRK

– Mjølkeroboten har fordelar med at den gir fleksibilitet og dyra kan gå fritt rundt heile dagen. Det passar eigentleg veldig godt med beiting, seier Vik.

Likevel meiner han ein flyttbar mjølkerobot krev ei tilvenning både for bonde og dyr, og at ein seterrobot difor er for bønder som alt har hatt mjølkeroboten i fjøset heime.

Han meiner det er bra at dyra kan beite proteinrikt gras i større del av sesongen. Mjølkerobot på setra meiner han er bra dyrevelferd, og at det er bra for miljøet.

– Dei haustar graset sjølv, også gras som ikkje er tilgjengeleg for maskinell hausting. Ein utnyttar ressursane betre.

Kyr på beite på stølen

FRITT: Kyrne på beite kan ete når dei vil, mjølkast av mjølkerobot når dei vil, og traske rundt når dei vil. Når mjølkinga skjer får dei kraftfôr.

Foto: Helena Heimer Rognstad / NRK

LES OGSÅ: