På vaktrommet på Lillehammer er Maren klar for ein ny dag.
22-åringen frå Bergen studerer sosialt arbeid på Høgskolen i Innlandet, men akkurat no er ho på plass som frivillig for Kirkens SOS.
Dei er ein av fleire frivillige organisasjonar som tilbyr samtalar over telefon og chat for dei som treng nokon å snakke med.
– Eg veit at eg ikkje er ein psykolog eller nokon som skal fikse problema på lang sikt, men eg er her, her og no, seier ho.
I den andre enden sit det mange fortvila menneske. Nokon har kjærleikssorg, andre kjenner seg einsame.
Nokon har tankar om å avslutte livet.
– Alvorsgrada aukar
Kvart år er det rundt 300.000 som tek kontakt med Kirkens SOS. Leiaren i Innlandet, Hilde Stokke Lothe fortel at førespurnader på chat aukar særleg.
Nasjonalt hadde dei 31 prosent fleire samtalar på chat i 2021 enn året før. Der er det stort sett unge i alderen 10–20 år som tek kontakt.
I fjor auka talet på førespurnader med over 10.000 frå året før.
Lothe seier at også alvorsgrada i samtalane aukar. Rundt halvparten av samtalane på chat i fjor var om sjølvmordstankar:
«Eg har ikkje nokon verdi lenger».
«Det er viktig at de minner meg på at livet faktisk tek slutt dersom eg tek livet av meg».
– I 2021 tok 39 unge mellom 0–19 år og 86 unge mellom 20 og 29 år livet sitt. Dette svarer til fire fulle klasserom med unge menneske. Det understrekar viktigheita av at vi er til stades og at vi har dei frivillige som kvar dag, heile året deler av si tid med andre.
ALVORLEG: Leiar hos Kirkens SOS Innlandet Hilde Stokke Lothe seier at alvorsgrada i samtalane aukar.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRKOgså bekymringar for dei auka kostnadane går igjen:
«Ting byrjar å bli betre, men no har det toppa seg igjen på grunn av det økonomiske. Kjenner at skamma er så stor at det er lett å tenke dei «mørkaste» tankane».
Nokon ringde og fortalde at dei sa nei takk til julefeiringa for «å sleppe å kjenne på skamma over å ikkje ha råd til gåver eller kunne bidra».
Luftar ut etter tøffe samtalar
Sjølv om samtalane om sjølvmord er nokon av dei tøffaste synest Maren det er dei viktigaste.
– Når ein snakkar og klarer å finne nokre lyspunkt som gjer at samtalen endar med at dei ser at det kan bli betre – då kjenner eg at det har vore viktig at eg har vore der for dei, seier 22-åringen.



LYSPUNKT: Maren meiner det er givande å kunne bidra til at folk ser nokon lyspunkt.
FOTO: ALEKSANDER NEDBAEV / NRKDei frivillige har tilgang til fleire ressursar som skal hjelpe dei med å omarbeide og takle dei vanskelegaste samtalane.
Det viktigaste er at dei aldri er åleine på vakt.
På vaktrommet på Lillehammer er også 68 år gamle Aage på plass. Han valde å bli frivillig då han vart pensjonist – og fekk meir tid til å vere eit medmenneske.
HÅP: Aage synest det er meiningsfylt å kunne gi folk håp. Han synest det er fint at dei frivillige alltid snakkar saman og kan lufte ut etter ei samtale.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRKAage fortel at arbeidet gir mange inntrykk.
– Vi som sit på vakt er jo folk med kjensler, og vi har jo vondt av dei som har det så vanskeleg.
Sjølv om nokre samtalar er vanskelege å ta, meiner Aage at det er verd det.
– Vi har eit ønske om at nokon si håpløyse kan bli til håp. At nokon som opplever mørke kan få sjå nokre lysglimt som gjer at dei ønsker å leve vidare.



AUKER: Talet på folk som tek kontakt på chat hos Kirkens SOS øker.
FOTO: ALEKSANDER NEDBAEV / NRKFleire studentar tar kontakt
Mental Helse har også opplevd ei auke i talet på førespurnader frå folk med behov for å snakke med nokon om psykiske plager.
I fjor fekk dei 374.000 førespurnader. Det er ein auke på 25.000 frå 2021.
– Vi har aldri hatt så mange førespurnader på Mental Helses svartenester som i fjor, seier dagleg leiar for Hjelpetelefonen Aslaug Timland Dale.
Dei melder på sine sider at fleire studentar har teke kontakt med dei enn før.
Vi veit at mange studentar har det vanskeleg. Etter to år med pandemi er det no mellom anna økonomien som bekymrar studentar, står det.
– På vår svarteneste for studentar hadde vi i 2022 ein auke på 15 prosent samanlikna med året før. Dette er eit viktig tilbod der studentar kan ta kontakt både på telefon og chat når alt anna er stengt, seier Timland Dale.
STØRRE REPRESENTASJON: Også menn er høgare representert no enn før. – Det er veldig gledeleg, særleg då vi veit at gutar og unge menn dessverre er dei som ligg høgast på sjølvmordsstatistikken. For Hjelpetelefonen er 34 prosent av dei som tek kontakt menn, mot 33 prosent i 2021. Chatten har auka frå 22 prosent gutar og menn til 26 prosent, seier Aslaug Timland Dale.
Foto: Eskil Wie Furunes / NRKReddar liv
Adrian Lorentsson er kommunikasjonssjef i Mental Helse Ungdom. Dei tilbyr ei chatteteneste for ungdom mellom 18 og 36 år.
Sidan chat-tenesta vart starta for tre år sidan har dei fått over 7000 førespurnader. I motsetning til dei fleste andre slike tenester, har ikkje denne nokon tidsavgrensing. Dette gjer at dei til ein kvar tid kan vere der for dei som tek kontakt.
– Vi har oppdaga at folk har vore midt i eit sjølvmordsforsøk i chatten. Det har jo gitt oss eit unikt høve til å kunne hjelpe folk i ein veldig vanskeleg livssituasjon der dei er, seier Lorentsson.
UNIK: Lorentsson fortel at chattetenesta deira gir eit unikt høve til å hjelpe unge der dei er.
Foto: Roy Kenneth S Jacobsen / NRKMental Helse Ungdom har eit eige varslingssystem i slike tilfelle og samarbeider med politiet. Det skjer òg at dei får tilbakemelding frå politiet:
«Takk for den varslinga. De har vore med på å redde eit liv i kveld».
Tenesta blir driven av over 100 frivillige spreidd rundt i landet.
– Det er heilt fantastiske menneske med alle moglege slags livserfaringar. Dei er veldig dyktige folk som har eit stort hjarte og veldig sterkt engasjement for unge som har det vanskeleg, seier kommunikasjonssjefen.