Hopp til innhold

Feirar jul på hytta: – Eg vart juleglad langt inn i hjarterota då eg kom opp her

HAFJELL (NRK): Truleg kjem svært mange til å feire jul på hytta si i år. Dei er velkomne, men blir bedt om å ta ekstra smittevernomsyn.

Familien Schmidt Eriksen på hytta i Hafjell

JULESTEMNING: Morten Eriksen, Wenja Schmidt Eriksen og Felix Schmidt Eriksen har inntatt hytta på Hafjell for å feire jul. – Her er det snø på trea og fortryllande stemning, seier Wenja.

Foto: Roar Berntsen / NRK

– Det var fantastisk å komme hit. Det kjennest ut som at det har regna i tre månader i Oslo.

Det fortel Wenja Schmidt Eriksen. Ho og familien er frå Oslo, men jula blir feira på hytta i Hafjell kvart år.

Og i år blir dei etter alt å dømma langt frå åleine. Difor tek kommunane ekstra atterhald før storinnrykket.

For få dagar sidan vart denne tekstmeldinga sendt ut til alle som oppheldt seg i Øyer kommune, der det kjente hytteområde rundt alpinanlegget Hafjell ligg:

Tekstmelding fra Øyer kommune om smittevern

TEKSTMELDING: Denne tekstmeldinga vart sendt ut til alle som oppheldt seg i Øyer kommune. Der vart alle oppmoda til å bruka munnbind når dei er tett på andre utanfor husstanden sin.

Storinnrykk

Vanlegvis gjer NHO Reiseliv ei undersøking blant nordmenn om planane deira for julefeiringa, men på grunn av situasjonen i år valde dei å la vera.

Ove Gjesdal

MANGE: Ove Gjesdal i Visit Lillehammer ønsker alle velkomne, og har inntrykk av at folk er flinke til å tenke på smittevern. – Det blir tidenes hyttejul, men omsetningsmessig har vi ikkje tru på rekordtal. Grunnen til det er at vi trur mange kjem til å ha med seg mykje av det dei treng heimanfrå, seier han.

Foto: Visit Lillehammer

Men Ove Gjesdal i Visit Lillehammer har sjølv rekna på tala, og han trur det er svært mange som vil feire jula på hyttene sine i år.

– Det er nok sannsynleg at det kjem om lag 200 000 til Innlandet, seier Ove Gjesdal.

Talet kom han fram til ved å rekne at det er om lag fire personar per hytte og at om lag halvparten av dei kjem til å bli brukt.

Innlandet er det største hyttefylket i landet med om lag 85 000 fritidsbustader.

Begynte med munnbind

Stein Plukkerud er hytteutviklar og innbyggar i Øyer kommune. No har mange allereie innteke hyttene sine på Hafjell.

Meldinga ordføraren sende ut til alle som oppheldt seg i kommunen, med råd om å bruka munnbind, blir følgt av dei fleste, meiner Plukkerud.

– Eg var i butikken sjølv for to dagar sidan utan munnbind og vart flau. Alle som var på butikken hadde det. I går, då eg skulle på Coop i Hafjell på nytt, hadde eg munnbind på meg eg òg, seier han.

Stein Plukkerud

UT AV OSLO: Stein Plukkerud er hytteutviklar i Øyer kommune. Han meiner det er bra at folk kjem seg ut av Oslo.

Foto: Privat

Plukkerud snakkar mykje med hytteeigarane i Hafjell og seier det er viktig for dei å kunne vere på hytta si no. Hytteutviklaren seier det berre er bra at folk kjem seg ut av Oslo.

– Vi fordeler jo folka på 600 kilometer med skiløyper i eit fjell som er 264 000 mål stort. Det er vanskeleg å sjå for seg at det skal vere stimulerande til smittespreiing, seier han.

Ekstra opptekne av smittevern

Familien Schmidt Eriksen seier dei alltid følgjer smittevernreglane slavisk.

– For oss som er frå Oslo ligg dette litt i kvardagen vår. Det er utenkeleg å gå i butikken utan munnbind og utan å halde avstand, seier Wenja Schmidt Eriksen.

Ho fortel at då dei kom til Innlandet følte dei at dei var meir forsiktig enn innbyggarane sjølv. Det endra seg då det vart fleire smitteutbrot i regionen.

– No er folk mykje meir opptekne av avstand og reglar. Men det er mykje folk i fjellet. Det merkar vi, seier Morten Eriksen.

Familien Schmidt Eriksen på hytta i Hafjell

PLANLEGGING: Wenja Schmidt Eriksen fortel at det var ein del planlegging som måtte til for å kunna feire jul på hytta i år. – Denne jula valde vi å komme opp litt før og sette oss i ei slags heimekarantene for å kunne feire jul med nokon som er litt utsett i familien vår. No reknar vi med at vi har greidd å halde alle friske, fortel ho.

Foto: Roar Berntsen / NRK

– Sjekk reglane i hyttekommunen

Kommuneoverlege i Lillehammer, Morten Bergkåsa seier dei i helsevesenet no er førebudd på storinnrykket av folk.

Morten Bergkåsa

FØREBUDD: Kommuneoverlege i Lillehammer, Morten Bergkåsa seier dei er førebudd på storinnrykk av folk, men at dei har gode system for testing og smittesporing.

Foto: Ragnhild Moen Holø / NRK

– Vi veit det er høg risiko for lokale utbrot. Men vi har gode system for testing og smittesporing, seier han.

Likevel oppmodar han igjen folk til å tenke seg om, følge reglane og ha minst mogleg sosial kontakt.

– Det er viktig at hyttefolket set seg inn i reglane som gjeld i kommunen dei skal til, seier kommuneoverlegen.

Flere saker fra Innlandet