Slik vil fjellbygdene unngå nytt hytteforbod

I norske fjellkommunar børstar dei nysnø av skiheisane etter ein amputert fjorårssesong. No er dei små kommunane betre rusta til å takle eit mogleg koronautbrot.

Øystein Tjørhom, dagleg leiar i Sirdal Skisenter

Snøen er komen, men nokre varmegrader den kommande veka kan skyve litt på oppstarten av Sirdal Skisenter. Men dagleg leiar, Øystein Tjørhom, forsikrar om at alt anna er klart.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

– Eg har eigentleg mest lyst til å gløyme heile 2020, seier Øystein Tjørhom, dagleg leiar i Sirdal Skisenter.

Med nysnø under skoa og sesongopning i sikte er smilet tilbake, men årets langfredag vart ekstra lang for sirdølen.

– Det var strålande sol, me hadde masse, masse snø. Eg gjekk ut på terrassen heime, kikka meg rundt, og eg såg ikkje eit einaste menneske. Me skulle ha hatt 3000 menneske i anlegget. Den kjensla der var ikkje god. Det var heilt forferdeleg, seier Tjørhom.

Næringa tapte fleire hundre millionar kroner

Nokre veker før påske hadde det lokale brannvesenet stått portvakter langs vegen frå Rogaland og inn til Sirdal. Forsøk på å bryte hytteforbodet som vart innført veldig plutseleg i mars skulle stansast.

Sirdal og andre fjellkommunar med få innbyggjarar var redde for at deira lokale helseberedskap ikkje ville takle eit større smitteutbrot rundt omkring på hytter i fjellet.

For skisentera var inntektstapet stort. Alpinanleggenes Landsforening skreiv i ei pressemelding i april at norske alpinanlegg gjekk glipp av rundt 400 millionar kroner etter sesongen vart avslutta rett før den mest inntektsbringande delen av sesongen skulle starte.

Sirdal brann- og redningsvesen ved grensepost i Hunnedalen

Det lokale brannvesenet stod vakt for å stanse folk som planla å bryte hytteforbodet før påske. Det viste seg at det var få som prøvde seg på det.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

I Sirdal Skisenter anslår den daglege leiaren at ein tredjedel av inntektene gjekk tapt. Noko av det tapte vart redda inn gjennom permitteringar og andre tilpassingar, men langt frå alt.

Førebudd på smitte, men vil hindre utbrot

Planane for årets sesong har blitt jobba med sidan snøen smelta bort i vår. Hyttekommunar, skisenter og andre som livnærer seg av skiturisme rundt om i landet har samarbeida om å lage eit sett retningslinjer.

Målet er å hindre smitte, men også å førebu små kommunar på å takle eit stort smitteutbrot.

– Det handlar om å trygge drifta og ha ein raud tråd gjennom heile gjesten sitt opphald, seier Camilla Underland, som er kommunelege i Hemsedal, og som har vore med på å utarbeide retningslinjene for alpintbransjen.

Ho ramser opp andre næringar i skiområda som også blir omfatta av reglane: Taxi, buss, serveringsstader og butikkar.

– Me må vere realistiske. Det kan kome smitte inn i desse områda. Men målet gjennom til dei tiltaka som er innførte er at ein ikkje skal kome i ein situasjon der det blir eit større utbrot, seier Underland.

Hytte, sjusøen

Slik kan Sjusjøen sjå ut. Der, og i mange andre småbygder, har dei gjort alt for å kunne ønske hytteturistane velkomne til fjells gjennom pandemien.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Bruk oss, men bruk oss med fornuft

Assisterande helsedirektør, Espen Rostrup Nakstad, seier at norske fjellkommunar har gjort mykje for å sikre aktivitet gjennom vintaren.

– No har ein mykje betre system for testing og smittesporing. Og me har mykje betre kontroll i landet enn mars og april, så moglegheita til å handtere norske gjestar på hytter mykje betre, seier Nakstad.

Også ved ei eventuell tredje smittebølge vil dei små kommunane vere meir klare enn dei var i vår, seier den assisterande helsedirektøren.

Skisentera har innført ein del reglar som gjestane må følge i vinter. Dette er nokre av dei:

  • I stolheisen må to som ikkje er frå same husstand ha ein stol mellom kvarandre, eller ta heisen åleine.
  • Restaurantar og varmestover får ikkje plass til like mange folk.
  • Heiskort må kjøpast digitalt.
  • Det må vere ein «stavlengdes» avstand mellom folk i køane.
  • På dei mest travle dagane kan det også bli aktuelt å sette eit tak på kor mange besøkande som kan vere i anlegget.

– Bruk oss, men bruk oss med fornuft. Me har restriksjonane og me skal stå gjennom det økonomiske tapet me sannsynlegvis får i år også, men bruk oss gjerne i vekedagane også, så kjem me gjennom dette på fornuftig vis, seier Øystein Tjørhom i Sirdal Skisenter.

For ordens skuld: Journalisten i denne saka og dagleg leiar i Sirdal Skisenter er begge frå Tjørhom i Sirdal. Dei deler etternamn, men er ikkje i nær slekt.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger