Hopp til innhold

Får hyttepåske likevel – i eigen kommune

Fleire vil leige ut hytta si til lokalbefolkninga i påska. Familien til Kaja Nyquist får hyttepåske 20 minutt heimanfrå.

Kaja Nyquist og familien i Lillehammer

LEIGER HYTTE: Kaja Nyquist bur med sambuaren og tre ungar i Lillehammer kommune, og leiger seg ei hytte på Nordseter i påska, som ligg i kommunen.

Foto: Privat

Nyquist hadde planar om å vere på familiehytta i Etnedal i Valdres i påska. Den kan dei ikkje reise til sidan dei bur i Lillehammer. 38-åringen la ut ein post på Facebook og spurte om nokon kunne tenke seg å leige ut hytta si på Nordseter.

– Eg fekk positiv respons frå veldig mange. Det var fleire som raskt tok kontakt og sa dei var interesserte. Også folk som ikkje normalt leiger ut hyttene sine, seier Kaja Nyquist.

Hytteforbodet seier at ein ikkje får overnatte på hytter utanfor heimkommunen sin.

Treng miljøskifte

Familien på fem har berre vore heime sidan 12. mars. No gler dei seg til å få nokre dagar på ei hytte i nærleiken av der dei bur, og planlegg risikofrie aktivitetar saman.

– Akkurat no er det ikkje særleg mange andre moglegheiter enn å leige hytte i eigen kommune. Med tre ungar, frå vi bestemmer oss for å reise på tur til vi er i skiløypa, tar det fort to timar. Det er lettare om vi er i naturen frå før, seier ho.

GD omtalte saka først.

hytteutleige

UTLEIGE: Fleire vil at andre skal få utnytte hytta når dei ikkje sjølv har moglegheit til å reise dit på grunn av hytteforbod.

Foto: Skjermdump, Finn.no

Leiger ut for første gong

Den siste tida har fleire lagt ut hyttene sine på utleigesider som Finn.no, slik at lokalbefolkninga kan bruke den medan forbodet gjeld. Det har også dukka opp nye «hyttebytte»-sider på Facebook.

Hilde Helene Rustad på Nordseter i Lillehammer

LEIGER UT: Hilde Helene Rustad skal leige ut den gamle hytta si. Ho var oppteken av å finne folk ho kunne stole på, som ho kanskje kan leige ut til seinare også.

Foto: Privat

– Det er synd at denne koselege hytta mi står tom i påskedagane. At ikkje den er full av liv og glade folk, seier Hilde Helene Rustad.

Oslo-kvinna eig ei gamal skihytte på Nordseter frå 1889. Ho hadde tenkt å vere der også denne påska. I staden skal ho leige den ut for aller første gong.

Ho leiger ut via ein venn, til ein Lillehammerfamilie ho veit vil ta godt vare på hytta hennar. Sjølv om det er leit å ikkje kunne vere der sjølv, er ho glad for å kunne glede andre.

– Det kjem fleire påsker og slik situasjonen er no skal ein ikkje dvele lenge ved det. Det viktigaste er at nokon får brukt hytta, seier ho.

– Hytta er deleobjekt

Marianne Elisabeth Lien er professor i sosialantropologi ved Universitetet i Oslo. Ho har forska på nordmenn sitt forhold til hytta og synest det er veldig fint at folk vil dele.

– Nesten annankvar nordmann har tilgang på hytte fordi barnebarn, søsken og andre får bruke den. Så det er ikkje så langt skritt å seie at ein annan familie også kan låne den, seier ho.

Hytteforsker Marianne Lien

GREIE SEG SJØLV: Marianne Elisabeth Lien har forska på hytteliv og seier det er naturleg å søke til hytta i ei krise. Det gjorde dei også under krigen, seier ho.

Foto: Anne Mone Nordahl / NRK

Ho synest heller ikkje det er rart at vi ønsker oss til fjells når det blir påske, sjølv om det kanskje betyr at ein skal vere i nokon andre si hytte i år.

– Vi strever alle med å markere at det er påske. Og med å lage eit brot i denne kvardagen der ein ikkje kan gjere dei vanlege tinga, seier Lien.

Ho seier vi er opptekne av å gjere det same som vi alltid gjer i høgtidene. Men understrekar at ikkje alle brukar å vere på hytta.

– Det er også ei forankring i tid. Om påska går forbi som ei vanleg veke, tenker vi: «er det allereie vår? Det har jo ikkje vore påske?».

Forstår hytte-instinktet

Hytteforbodet har skapt stor debatt. Og det har vore skrive om folk som har prøvd ulike kreative løysingar for å omgå forbodet.

Professoren meiner det er ei naturleg kjensle at ein søker til hytta i ein krisesituasjon. Fordi vi tenker at vi kan greie oss sjølv der.

– Det er nok fleire enn meg som har tenkt at om det er krise så kan eg reise på hytta. Då kan eg sette nokre poteter og kanskje skyte hare, seier Marianne Lien.

Etter koronakrisa ramma oss er det fleire gonger nemnt at det ikkje har vore ei større krise i Noreg sidan krigen.

– Og kva gjorde vi då? Alle som budde i Oslo som kunne reise ut frå byen, gjorde det. Det var heilt logisk. Det er slik ein tenker no og. Oslo er episenteret, så ein skjønar at folk vil vekk, seier Lien.

Hytteforsker Marianne Lien

FORSTÅING: Marianne Elisabeth Lien har forska på folk og hytte. Ho forstår kvifor vi gjerne vil dit i påska.

Foto: Anne Mone Nordahl / NRK

Flere saker fra Innlandet