Hopp til innhold

Fleire melder seg på Birken etter utsett renn

Birken går av stabelen ein dag seinare enn planlagt. Nokre gjekk rennet fredag, medan arrangøren seier rundt 1500 har meldt seg på i siste liten før sundagsrennet.

To skiløparar ved Sjusjøen langrennsarena 16. mars, dagen før det utsette Birkebeinerrennet. Birken blei utsett på grunn av melding om uvær den 16. mars.

VIND: To skiløparar ved Sjusjøen langrennsarena 16. mars, dagen før det utsette Birkebeinerrennet. Birken blei utsett på grunn av melding om uvêr.

Foto: Helge Tvedten / NRK

– Me har faktisk pågang frå folk som vil melde seg på i dag for å gå i morgon når vêrmeldinga ser veldig bra ut.

Hans Otto Olsen er konstituert dagleg leiar for Birken.

Hans Otto Olsen er konstituert dagleg leiar for Birken.

Foto: Helge Tvedten / NRK

Det seier Hans Otto Olsen som er konstituert dagleg leder for Birken. Han seier før 15.00 laurdag er det er 7583 påmelde til rennet sundag. Det kjem stadig fleire påmeldingar.

Torsdag kalla Birken-leiinga inn til hastemøte på grunn av varsla uvêr renndagen.

Birkenbeinerrennet og halvbirken blei flytta for første gang i rennet sin 92 år lange historie. Dermed går ikkje rennet laurdag 16. mars, men heller sundag 17. mars.

– På Birkebeiner skistadion ser det fint ut, men i fjellet forholda heilt annleis, seier Olsen.

Les også Historisk beslutning: Birken flyttes for første gang

S01ISRo9uzw

– Riktig avgjerd

NRK møter japanske Masako Ishida ved Birkebeineren skistadion laurdag. Ho meiner det er rett at rennet blei flytta, for då hadde ho fått testa skia også på Sjusjøen.

Masako Ishida er japansk skiløpar som skal gå Birken i 2024.

Masako Ishida skal gå Birken.

Foto: Helge Tvedten / NRK

– Der oppe er det så sterk vind, og det er betre her, seier Masako Ishida.

Ifølge Olsen, var det dårleg vêr då eliten skulle ha starta 07.45 laurdag. På Raufjellet var det vind på 17,1 meter per sekund, minus 5,8 grader, og det snødde tett.

– Så dette var ei riktig avgjerd. Me er glade for at me ikkje har sendt løparar over fjellet i dag, seier Olsen.

Birken melder laurdag at Barnebirken på Lillehammer sundag er avlyst. Heile 1483 er påmeldte til ungdomsbirken og 465 på Halvbirken.

Det er mykje vind på Sjusjøen.

Det er mykje vind på Sjusjøen laurdag.

Foto: Helge Tvedten / NRK

– Plass til fleire

Olsen seier det har vore mange utfordringar med å flytte rennet. Dei har måtte få over tusen frivillige til å jobbe ein annan dag enn planlagt.

Dei har transportutfordringar i og med bussane må gå sundag i staden. Dei har elles hatt mykje logistikkendringar.

Dersom løparane ikkje kunne gå sundag var alternativet å gå rennet fredag. Over 600 av dei over 6000 påmelde personar valde å heller gå fredagsbirken.

Olsen seier det kome spørsmål frå fleire om dei kunne melde seg på Birken når den går sundag.

– Dei får gå, og det er plass til fleire, stadfestar Olsen.

Han seier at av dei som startar sundag er det 40 prosent debutantar. Det er også mange unge med der klassen 20–34 år har veldig stor auke i deltakarar. Kvinneandelen aukar også.

– Det er også veldig gledeleg, seier Olsen.

Løypemaskinene byrjar å gå for fullt når vêret lettar.

Sjusjøen langrennsarena dagen før det utsette Birkebeinerrennet.

Ved Sjusjøen langrennsarena var det godt med vind laurdag.

Foto: Helge Tvedten / NRK

Les også OL-helt går Birken med teip over munnen

Kjersti Buaas