Hopp til innhold

Meiner færre flyktningar gjer at opplæringstilbodet blir dårlegare

Det kjem færre flyktningar til Noreg under koronapandemien. Det gjer det vanskelegare å tilpasse opplæringa for dei som er her.

Astrid Arstad og Shirin Abo Hashish

FÆRRE KLASSAR: Norsklærar Astrid Arstad underviser Shirin Abo Hashish på Lillehammer læringssenter. Her har dei færre klassar fordi det har kome færre flyktningar til landet dei siste åra.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Shirin Abo Hashish går på Lillehammer læringssenter. Det beste med læringssenteret er ho veldig klar på kva er.

– Norsk! Å lære eit nytt språk, seier ho.

Shirin Abo Hashish

ATTENDEFØRT: Då Shirin kom frå Syria og til Noreg i desember 2019, med dei fire jentene sine, så var det for å bli attendeført med sonen som hadde kome i førevegen. Shirin sitt største håp for framtida er at borna hennar skal studere, og fullføre studiane sine.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

I timen sit norsklærar Astrid Arstad tett på. Ho fungerer også som tolk når Shirin blir spurt om kva ho vil gjere fem år fram i tid:

– Snakke godt, jobbe, og bu, og ha det bra saman med borna, seier Abo Hashish.

Men, for at Shirin skal lære språket godt, så treng ho god norskopplæring.

Samtidig har regjeringa bestemt at elevane må få tilpassa opplæringa. Men det blir vanskelegare fordi ein må sette saman klassar med elevar på ulike nivå.

Utfordringar i opplæringa

Innsiktsrapporten Livshendelsen Ny i Norge vart utarbeida, vart det gjort intervju med 274 flyktningar.

I rapporten, som vart gitt ut 25. mars 2021, kjem det fram at deltaking i introduksjonsprogram opplevast som variert, og noko av det som blir peika på er samansetning av kompetansenivå for deltakarar i norskklassene.

Dette påverkar den enkelte sin motivasjon for læring og progresjon i programmet for alle grupper av kompetansenivå, står det i rapporten. Det står også at dette medfører utfordringar for lærar i å legge opp eitt godt undervisningsprogram.

Jon Erik Rønning

ENDRING: Avdelingsleiar Jon Erik Rønning ved Lillehammer læringssenter meiner grunnen til at det kjem færre flyktningar kan vere pandemien med stengde grenser, men han seier at det også skuldast politikk. – Det har blitt vanskelegare å bli asylsøkjar og komme seg gjennom Europa til Noreg. Så har me har fått ei dreiing der det er meir overføringsflyktningar som kjem direkte frå flyktningleir med fly til Gardermoen, som me hentar der, seier Rønning.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Busetting og integrering av flyktningar er ei kommunal oppgåve, og kommunar som buset flyktningar får tilskot frå staten. Sjølv om Lillehammer, Øyer og Gausdal samarbeider er det likevel ei utfordring for Lillehammer læringssenter med færre flyktningar som skal busettast.

Der dei i skuleåret 2016/17 hadde fjorten klassar som tok introduksjonsprogrammet, hadde dei hausten 2020 redusert talet til elleve. Til hausten 2021 må dei truleg ned til åtte klassar.

– Med færre klassar må me kanskje sette saman fleire nivå i klassane, som gjer at det kan bli stort sprik i ein klasse, seier avdelingsleiar Jon Erik Rønning.

Endra undervisningsløp

Morten Tjessem, divisjonsdirektør i Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) seier at situasjonen med færre flyktningar påverkar fleire kommunar enn Lillehammer.

– IMDi gjer det me kan for å fordele flyktningane mellom kommunane. Det betyr at alle kommunar blir påverka når behovet blir endra frå eit år til det neste, seier Tjessem.

– Det er ingen tvil om at det er krevjande for kommunane å planlegge tenestetilbodet når behovet varierer såpass mykje, seier han.

Tal frå IMDi viser at det i 2019 vart busett 4822 flyktningar i Noreg, og at det i 2020 vart busett 2819 flyktningar. Der fleirtalet av dei som vart busett i Noreg i 2016 var asylsøkjarar, er no fleirtalet overføringsflyktningar, eller såkalla kvoteflyktningar som blir henta i flyktningleirar.

Tal på busette flyktningar i perioden 2015-2020

År

Asylsøkjarar

Overføringsflyktningar

Sum

2015

8977

2365

11342

2016

12016

3275

15291

2017

8240

2838

11078

2018

2423

2480

4903

2019

2016

2806

4822

2020

1296

1523

2819

Kjelde: Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi), IMDi årsrapport 2019, og Busettingsrapport desember 2020.

Norsklærar Astrid Arstad og Shirin Abo Hashish

ENDRING: At nivået i klassane no er endra, det er noko norsklærar Astrid Arstad stadfestar. – Me merkar det på elevane våre, at dei har med seg mykje bagasje, at dei brukar lang tid på å lande og finne seg til rette i samfunnet, seier Arstad.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Rønning seier at det er ei utfordring er at rundt 70 til 80 prosent av dei som går på Lillehammer læringssenter no er overføringsflyktningar.

Det gjer, seier han, at fleire enn før truleg må ta introduksjonsprogrammet over tre år i staden for over to år.

– Mange av dei som kom hit for fem år sidan hadde ei utdanning då dei kom. Dei trengde berre å lære seg norsk og komme seg ut i jobb. Dei som kjem no har ein litt lengre veg å gå, seier Rønning.

Lillehammer læringssenter

LIVSGRUNNLAG: Rønning meiner det verste som kan skje for læringssenteret er viss det stoppar heilt opp med flyktningar. – Då har me ikkje noko livsgrunnlag med å halde på med vaksenopplæring, sjølv om dette også er eit tilbod for norske, med spesialundervisning for vaksne, seier Rønning.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Ny integreringslov

Statssekretær i kunnskapsdepartementet, Grunde Almeland (V) viser til integreringsreforma når han får spørsmål om kva regjeringa gjer for at dei flyktningane som er her får eit best mogleg læringstilbod.

Ny integreringslov er vedtatt å gjelde frå 1. januar i år.

Statssekretær i kunnskapsdepartementet, Grunde Almeland (V)

TILPASSE: Statssekretær i kunnskapsdepartementet, Grunde Almeland (V), meiner det er opp til kommunane å innrette tilboda for flyktningane på ein god måte.

Foto: Vergar Erstad / NRK

– Den skal i større grad gjere at ein skal tilpasse opplæringstilbodet til den enkelte som kjem hit, seier Almeland.

– På den måten skal me sørge for at me tar utgangspunkt i den kompetansen som den enkelte flyktning har, og tilpasse programmet etter den, slik at ein får relevant utdanning og påfyll slik at ein kan lykkast, og har moglegheiter i Noreg seinare, seier han.

Han peikar på at for læringssenter, så er det fleire enn flyktningar som er i målgruppe for norskopplæring og samfunnsfagopplæring.

Når det gjeld økonomisk støtte seier han at det er tilskota som kommunane får er det som ligg til grunn, nemleg introduksjonstilskot og tilskot for norskopplæring.

– Det er den måten me finansierer dei tilboda på, og så vil det vere opp til kommunane å innrette tilboda på ein god måte, og det er nok også behov for at mange kommunar samarbeider meir om tilbod som skal treffe då ulike målgrupper, seier han.

Vanskeleg å følge opp

Å følge krava frå regjeringa om betre oppfølging kan bli vanskeleg.

Lillehammer læringssenter kutta 7,5 årsverk i 2020, og innan august 2021 kuttar dei 8,5 nye årsverk. Norsklærar Astrid Arstad innrømmer at ho er redd for å miste jobben.

Astrid Arstad

TETT PÅ: Astrid Arstad er ofte tett på dei ho underviser. – Eg brukar mykje tid på relasjonar, gjere dei trygge, gi dei meistringskjensle, at dei skal ha ei god kjensle kvar dag når dei går frå skulen. At dei har blitt sett, seier Arstad.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Me kjenner absolutt på den frykta for endå strammare økonomi, og færre elevar, seier Arstad.

– Me prøver så godt me kan å gi eit endå betre tilbod, med færre elevar, at me er tettare på kvar enkelt og gir eit så breitt og godt tilbod som me overhovud kan. Men det er absolutt noko me er uroa for, seier ho.

Om færre flyktningar kan bety at nokre av dei tilsette kan miste jobben seier Rønning at han ikkje kan svare på:

– Per no held me ganske høg aktivitet, men eg kan ikkje utelukke at faste tilsette får andre oppgåver. Mange vikarar har dessverre måtte slutte eller kjem til å måtte slutte, seier han.

Flere saker fra Innlandet

Steinras-Gjende

Tre personer evakuert etter steinras ved Gjende i Jotunheimen