Hopp til innhold

Thomas gjekk med eit sår i ni månader før han oppdaga at det var hudkreft

Færre fekk påvist føflekkreft i 2020. Det betyr ikkje at færre har fått den alvorlege kreftforma, seier Kreftforeningen.

Færre fekk påvist føflekkreft i 2020. Det betyr ikkje at færre har fått den alvorlege kreftforma, seier kreftforeningen.

FÆRRE SJEKKAR SEG: Thomas Svarre oppdaga seint at han hadde hudkreft. No oppmodar han andre til å ikkje vente like lenge som han.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

26. mai er Hudkreftdagen. Dei siste åra har talet på kor mange som får melanom, eller kreft i føflekkar, berre auka.

Men i fjor var det 162 færre som fekk dette påvist.

41 år gamle Thomas Svarre på Hamar, hadde eit sår i hovudet som ikkje ville gro. I ni månader prøvde kona hans å få han til å sjekke dette hos legen.

– Til slutt måtte eg gi meg og ta kontakt. Eg fekk beskjed om at dette var dei 99 prosent sikre på at var hudkreft, fortel Svarre.

Færre fekk påvist føflekkreft i 2020. Det betyr ikkje at færre har fått den alvorlege kreftforma, seier kreftforeningen.

MEIR ENN EIT SÅR: – I løpet av dei ni månadane eg gjekk med sår på hovudet streifa det meg mange gonger at det kanskje var meir enn eit sår og at eg kanskje skulle gått til legen, seier Svarre. Der det før var ein føflekk, har Svarre no berre eit lite arr.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Færre har sjekka

Det har vore saker det siste året om at færre har oppsøkt lege under pandemien.

Berit Jevnaker jobbar i Kreftforeningen i Innlandet. Ho trur også at dette er grunnen til at færre fekk påvist føflekkreft.

– Det viser seg at det er færre melanom i 2020 enn i 2019. Det veit vi ikkje skuldast at færre har fått føflekkreft. Men folk har vore redde for å oppsøke fastlegen, seier ho.

Risikoen for å utvikle føflekkreft aukar jo eldre ein blir. Og sola er framleis den største verstingen som ein skal passe seg for, seier Jevnaker.

– Vi seier ikkje at du ikkje skal vere i sola, men det å bruke faktor 30, ta ei handfull solkrem og smørje seg godt. Ikkje berre når du skal sole deg, seier ho.

Berit Jevnaker , Kreftforeningen Innlandet

SJEKK: Berit Jevnaker i Kreftforeningen seier det er ekstra viktig å passe seg no som det blir varmare og vi kastar kleda.

Foto: Stein S Eide / NRK

Ho oppmodar også om å følgje godt med på føflekkane sine. Melanom er blant dei mest alvorlege formene for kreft. Men også ei av dei som er enkel å følge med på og førebyggje.

– Sjekk føflekkane på kvarandre i familien. Sjå om det er endring i farge, symmetri eller størrelse, seier ho.

Kreftforemingen har også utvikla ein føflekktest du kan ta HER.

– Urovekkande

I år er markeringa av Hudkreftdagen viktigare enn nokon gong, ifølgje Xiaotong Li.

Han er spesialist i hudsjukdommar ved Volvat, og ser teikn til at fleire av oss har utsett å gå til legen under pandemien.

– Det er urovekkjande. For jo tidlegare kreft blir påvist, jo betre er prognosen. Derfor må vi bli flinkare til å oppdaga hudforandringar tidlegare. Her kan vi gjera mykje sjølv, og her må vi nordmenn bli mykje meir medvitne.

Hudlege Xiaotong Li

VIKTIGARE ENN NOKON GONG: Årets Hudkreftdag blir markert 26. mai. I år er denne markeringa viktigare enn nokosinne, ifølgje Xiaotong Li. Dei ser teikn til at fleire av oss har utsett å oppsøka helsehjelp under pandemien.

Foto: Terje Borud

Li håper at markeringa av dagen kan bidra til at fleire får augo opp for farleg soling.

– Har du hudforandringar må du kontakte lege. I løpet av koronapandemien har mange hatt for høg terskel for å søkje helsehjelp for andre helseutfordringar. Så i år er dette viktigare enn nokon gong.

Li fortel at nordmenn ligg heilt i verdstoppen for føflekkreft, sjølv om vi bur i ein del av verda med lite sol.

– Kanskje er det nettopp derfor vi er utsette, fordi vi ikkje er flinke nok til å ta nødvendig omsyn når vi først kan nyta den etterlengta sola, seier han.

Forskjell på kvinner og menn

Det er menn som er dårlegast på å ta kontakt med lege for å få sjekka føflekkane sine. I 2019 døydde 307 personar av melanom. 182 av dei var menn.

– Menn kan vere litt seinare med å ta kontakt med fastlegen når dei har mistanke om eitt eller anna. Vi er uroa over at det er så store forskjellar, seier Berit Jevnaker.

Thomas Svarre trur det stemmer at menn er dårlegare på å søke legehjelp.

– Eg trur dei fleste av oss menn tenker: «eg skal ikkje gå til legen utan at det er alvorleg». Så lenge du ikkje har brekt beinet eller har eit ope kjøtsår så går du liksom ikkje til legen, seier han.

Tre månader etter Thomas Svarre fekk påvist hudkreft, fekk han heldigvis beskjed om at den var godarta. Men det var tungt å vente på det svaret.

Han har difor ei klar oppmoding til andre menn om å ikkje vente like lenge som han.

– Kom over staheita eller stoltheita, seier Svarre.

Færre fekk påvist føflekkreft i 2020. Det betyr ikkje at færre har fått den alvorlege kreftforma, seier kreftforeningen.

HÅPER FLEIRE GJER SOM HAN: Svarre trur det stemmer at menn er dårlegare på å søke legehjelp. No oppmodar han andre til å ikkje vente like lenge som han med å sjekka seg.

Foto: mARTE iREN nORENG tRØEN / nrk