Hopp til innhold

Noreg ligg an til å utrydde livmorhalskreft innan 2039

Forskarar forventar at sjukdommen vil vere tilnærma utrydda i Noreg innan 2039. Det er godt nytt for sju månader gamle Johanne.

Vilde Ehamparam og dottera Johanne

BEKYMRINGSFRI: Forsking syner at Johanne (7 md.) truleg aldri vil måtte bekymre seg for den alvorlege sjukdommen livmorhalskreft.

Foto: Synne Sørenes / NRK

– Det er heilt fantastisk. At det går an å unngå ei kreftform på grunn av ein vaksine, er nesten utruleg, fortel Vilde Ehamparam.

Ho er 30 år gammal, og på veg inn i alderen der livmorhalskreft oftast rammar.

Kreftforma tek årleg livet av rundt 300.000 kvinner verda over, og dei som vert diagnostiserte har lav gjennomsnittsalder.

På armen har ho den sju månader gamle dottera Johanne. Forsking syner at dottera truleg slepp å bekymre seg for å få sjukdomen.

– Så godt som utrydde

Forskarar forventar nemleg i ein ny, internasjonal studie at livmorhalskreft i Noreg vil vere «tilnærma utrydda» eller «eliminert» innan 2039.

– Noreg ligg an til å så godt som utrydde livmorhalskreft i år 2039, seier lege og forskar Lill Trogstad ved FHI på deira eigne nettsider.

«Eliminert» er ordet som vert nytta når det dreier seg om færre ein fire tilfelle av sjukdommen i året.

Grunnen er eit velfungerande vaksinasjonsprogram, og livmorhalsscreening av alle kvinner etter fylte 25 år.

Rekna seg fram til året

Hovudårsaka til at kvinner får livmorhalskreft er humant papillomavirus, betre kjent som HPV.

Viruset er seksuelt overførbart, og kan førebyggjast ved å ta HPV-vaksinen, helst før du er seksuelt aktiv for første gong.

– Utan denne vaksinen ville livmorhalskreft aldri blitt eliminert i Noreg, seier Kine Pedersen.

Kine Pedersen

FORSKAR: Kine Pedersen har saman med fleire andre forskarar rekna seg fram til året livmorhalskreft vil forsvinne i Noreg.

Foto: Geir Anders Rybakken Ørslien

Saman med ei gruppe forskarar frå Noreg, USA og Australia har ho rekna seg fram til året livmorhalskreft ikkje lenger vil vera eit folkehelseproblem i Noreg.

Året dei kom fram til ligg 18 år fram i tid.

Mykje skuldast at norske 7.-klassejenter har fått tilbod om HPV-vaksinen sidan 2009.

I 2018 vart vaksineprogrammet utvida til å inkludere gutar, då gutar ofte er berarar av viruset.

Noreg toppar statistikken over HPV-vaksinasjon, med 91 prosent, samanlikna med Island, Sverige og Danmark på høvesvis 85, 80 og 62 prosent.

– 85 liv for mange

I snitt vert 400 kvinner i Noreg ramma av livmorhalskreft årleg. I 2019 tok sjukdommen 85 liv.

Det er 85 liv for mange, meiner leiar i Gynkreftforeningen, Marit Høgås.

Ho har sjølv hatt livmorhalskreft, og er letta over nyheita om at kreftforma vil forsvinne dei neste 18 åra.

– Det er ein utruleg tøff diagnose å få. Ikkje berre skal du gjennom ein tøff behandling, ofte med cellegift og stråling, men du må leve med grufulle etterverknadar etterpå.

Dottera hennar fekk tilbod om HPV-vaksine på barneskulen.

– Det betyr alt for meg at dottera mi ikkje skal få same sjukdom som meg. Det er forferdeleg å få sjukdomen, og det er forferdeleg å kome seg igjennom det.

Marit Høgås.

FORFERDELEG: Leiar i Gynkreftforeningen, Marit Høgås, har sjølv hatt livmorhalskreft og skildrar det som forferdeleg.

Foto: Privat

Ei bekymring mindre

Vilde Ehamparam tok HPV-vaksinen for nokre år sidan. Ho er nøgd med at også gutar får vaksinen, og vil at sonen skal ta den når den tid kjem.

I tillegg tek 30-åringen celleprøvar regelmessig, slik det er anbefalt.

– Eg veit om fleire veninner som har tatt celleprøve som har vist celleforandringar. Det har gjort at eg har vorte meir obs på det sjølv, fortel ho.

Ho legg til:

– At korkje eg eller Johanne treng å bekymre oss for at ho får denne krefttypen i framtida, er fantastisk.

Vilde Ehamparam med dottera Johanne.

MOR OG DOTTER: Vilde Ehamparam synest det er fantastisk at livmorhalskreft kan verta utrydda innan dottera er vaksen.

Foto: Synne Sørenes / NRK