Hopp til innhold

Ein person til er død etter ulukka i Østerdalen

Personbilen fekk sleng og trefte eit vogntog torsdag kveld. Ein mann i 20-åra som vart skadd i ulukka døydde på sjukehuset laurdag.

Det skriv politiet i ei pressemelding.

Ulukka skjedde ved 17-tida torsdag på riksveg 3 mellom Opphus og Evenstad i Stor-Elvdal.

Ei 20 år gamal kvinne frå Lier kommune i Viken fylke vart bekrefta omkomen same kveld.

Tre andre som var i bilen vart skadde i ulukka. Ein av dei døydde på Ullevål sjukehus laurdag.

– Ein mann i 20-åra frå Drammen døydde etter trafikkulukka, skriv politiet i ei pressemelding.

Laster Twitter-innhold

Personbilen dei fire sat i snurra rundt og trefte vogntoget som kom i møte med dei. Sjåføren i vogntoget vart lettare skadd.

Operasjonsleiar i Innlandet politidistrikt, Dyre Antonsen, seier at han ikkje veit noko om tilstanden på dei to andre som var i personbilen.

– Stor sorg

20-åringen som omkom torsdag kveld var student ved NTNU i Trondheim. Der gjekk ho førsteåret på bachelor i økonomi og administrasjon.

– Våre tankar går til studentens nærmaste familie og venner, seier Monika Rolfsen, som er dekan ved fakultetet for økonomi.

Ho seier det var med stor sorg dei fekk bodskapen om ulukka.

– Å miste ein student er noko av det aller verste vi kan oppleve. Det rører ved oss som universitet, medstudentar og tilsette, seier Rolfsen.