Hopp til innhold

Varmare klima gav Glittertind ny lillebror

Nok ein ny totusenmeterstopp har dukka opp i Jotunheimen. Klimaforskar seier dette er eit kraftig signal om at heile naturen og landskapet er i rask endring.

Dag Inge Bakke legg fyrste varde på toppen av de som snart blir Noregs nyaste totusenmeterstopp.

VARDE: Dag Inge Bakke legg fyrste varde på det som snart blir Noregs nyaste totusenmeterstopp.

Foto: Even Lusæter / NRK

Midt ute på Grotbreen, i den mest alpine delen av Jotunheimen, har det tina fram ein ny topp på over 2000 meter over havet.

Breen der det nye fjellet kjem fram, er ein brearm av Gråsubreen, som er den austlegaste av dei høge breane i landet. Breen ligg under Glittertind.

At så mykje av breen no har smelta er urovekkande, meiner klimaforskar.

Stadig nedsmelting

Breforskar Liss Marie Andreassen i NVE seier at denne breen i lang tid har vore i ubalanse og er under stadig nedsmelting.

På 16 år har breoverflata smelta ned 13 meter «vassekvivalentar». Det er meir om vi reknar det om til is, seier breforskaren.

Breforsker Liss Marie Andreassen ved brehytta på Hellstugubreen i Jotunheimen.

FORSKING: Liss Marie Andreassen i NVE forskar på brear og har sett i lang tid at denne breen har minka mykje.

Foto: Even Lusæter / NRK

– At det forsvinn nesten ein meter is i året er veldig mykje, seier Andreassen.

I fjor tina eit anna fjell fram på Styggebreen under Galdhøpiggen. Nå har også Noregs nest høgaste fjell fått ein ny lillebror.

Og i fjor var også året då ein fann ut at iskappa på Glittertind var lik som høgda på fjellet:

Går raskare enn vi frykta

Dei siste åra har den nye totusenmeterstoppen vore synleg som svart morene på flybilde. Men med rask nedsmelting har den nye fjelltoppen vorte stadig meir markant.

Førsteamanuensis ved Nibio, Anders Bryn, seier det er urovekkande å sjå kor raskt landskapet endrar seg i høgfjellet.

Førsteamanuensis Anders Bryn ved NIBIO ved Jotunheimens nyaste totusenmeterstopp.

SMELTAR RASKT: Anders Bryn i Nibio var med for å sjå den nye totusenmeterstoppen. Han er redd breane vil smelte for raskt.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Det er ikkje kvar dag det dukkar opp nye fjell. I starten er det litt morosamt, men når ein tenkjer på det, er det ganske alvorleg, seier Bryn.

Når breen gradvis forsvinn, så blir mindre energi reflektert. Da fangar steinen opp meir energi og det blir lokalt varmare. Nedsmeltinga vil da eskalere.

– Eg er redd dette vil gå raskare enn vi trur, og det er det dei siste modellane også viser, at det går raskare enn det vi trudde for berre fem til ti år sidan, seier Anders Bryn.

Han håpar dei raske endringane vi ser i høgfjellet snart blir tatt på alvor.

Glittertind no
Glittertind, 1920

STOR ENDRING: Her ser ein korleis iskappa på Glittertind har minka frå 1910 til 2020.

ANDERS BEER WILSE/KARTVERKET

– Konsekvensane blir berre større og større til lenger vi ventar med å ta tak i dei klimaskapte endringane, seier Anders Bryn.

Fjellspesialistane slit

For dei som samlar totusenmeterstoppar betyr det nye funnet berre at dei må ta ein ny tur til fjells. Men dette er dramatisk for dyreartane som har spesialisert seg på eit liv i alpint terreng.

Dag Inge Bakke og Anders Bryn under austre Grotbreen i Jotunheimen.

Her under austre Grotbreen i Jotunheimen fann Dag Inge Bakke ei 4000 år gamal pil. – Eg fann ho her i haust, så her har det med andre ord vore isbre i tusenvis av år som nå smeltar, seier Bakke.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Vegetasjonen og økosystemet flyttar seg nå høgare oppover i fjellet slik at det blir mindre plass til artar som har spesialisert seg på eit liv i høgfjellet.

Både villrein og fjellrev er døme på slike artar. Og forskaren seier at dette er artar som allereie er under stort arealpress frå vegar, hyttebygging og vindkraftanlegg,

– Det skumle er at dette verkar saman og gjev mindre boltreplass for artane som lever her.

Dag Inge Bakke ved Klimapark 2469 viser til ei steinrøys nedst på breen som enda ikkje har grodd til av mose.

– Vi ser det også på terrenget rundt her, at heile breen har minka med fleire titals meter på få år, seier Dag Inge Bakke.

Steinrøysa i botnen av austre Grotbrean viser kor høgt isen låg for berre få år sidan.

RØYS UTAN MOSE: Bakke viser til ei steinrøys på fleire titals meter nedst på breen som enno ikkje er grodd til av mose. Han seier at ein ser det godt på terrenget rundt at heile breen har minka med fleire titals meter på få år.

Foto: Even Lusæter / NRK

Han har følgt utviklinga av den nye toppen på Grotbreen, og har sett korleis breen har minka og fjellet år for år har vorte meir markert.

– Det er ein topp som ikkje har vore der tidlegare, det er fjell, og toppen er langt over 2000 m.o.h, så det er ein ny totusenmeterstopp, seier Dag Inge Bakke.

Fjell som stikk opp av breen blir ofte kalla nunatak eller brehest. Men denne toppen har enda ikkje fått noko namn.

  • Fekk du med deg saka om Linn Therese som vart den yngste nokon gong til å ta alle totusenmeterstoppane i Noreg? Les om den historiske jenta her:

Flere saker fra Innlandet