Hopp til innhold

Då breen smelta fekk Noreg ein ny totusenmeterstopp

LOM (NRK): Steinrøysa under Noregs mest trafikkerte bre skulle vise seg å vere ein ny fjelltopp på over 2000 meter.

Jubel for ny 2000-meterstopp ved Galdhøpiggen

HEILT TOPP: – Då er det berre å plante flagget, seier Dag Inge Bakke, som oppdaga fjelltoppen.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Me har lurt på om det berre er ei steinrøys på breen, men her er det fast og fint fjell, seier Dag Inge Bakke.

Han er naturrettleiar ved Klimaparken 2469, og har nyleg utforska det som kunne vore ei steinrøys, men som viste seg å vere noko heilt anna.

– Det er ein liten bismak ved denne nye toppen, for breen har smelta mykje. Men, me skal vere glade for å ha gjort ei ny bestigning, seier Bakke.

Galdhøpiggen i bakgrunnen, i forgrunnen - en splitter ny totusenmeterstopp.

HØGT OPPE: Toppen ligg på Noregs tak. I bakgrunnen kan du sjå Galdhøpiggen, med toppunkt på 2469 meter over havet.

Foto: Even Lusæter / NRK

Ligg langs ruta til «Piggen»

Styggebreen er mogleg ein av dei mest trafikkerte breane i Noreg. Kvar sommar blir den passert av tusenvis av turistar på veg opp til Noregs høgaste fjell, Galdhøpiggen.

Namnet har breen fått for dei «stygge», skumle, sprekkane sine.

Som på andre brear i Noreg, har mykje snø smelta vekk frå Styggebreen.

Trass bismaken med at breane smeltar, er det kor høgt Styggebreen-toppen ligg som gjer den spesiell. Kan den føye seg inn i det selebre selskap med dei over 300 andre 2000-meterstoppane i Noreg?

Kontrollmålingar må til, men her og no blir GPS-ein til Bakke trekt fram. Den tikkar oppover og oppover, over 1900, og så:

Dag Inge Bakke måler kor mange høgdemeter den nyoppdaga fjelltoppen ligg på.

MÅLER: Dag Inge Bakke kjem med GPS fram til at den nye toppen truleg ligg på 2048 meter over havet.

Foto: Even Lusæter / NRK

– No bikkar det 2000 her, så no skal det gå. No er me rimeleg sikre, 2049, her eg står no. Men, me står oppå ein stein, så om me er litt snille så kan me seie 2048, seier Bakke.

Han er sikker på at det er ein totusenmeterstopp.

– Den er høgare enn mange andre totusenmeterstoppar, så dette er med god margin, seier han.

Dag Inge Bakke på den nye totusenmeterstoppen på Styggebrean.

VARDE: Etter å ha bygd ein varde står eit namn att å finne. Bakke meiner «Styggebreahesten» kan vere passande.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Ein ny topp i Oppland

Det er fleire andre brear i Jotunheimen som har slike topp-punkt ute på breflata, blant anna Veobreahesten og Nørdre og Søre Hellstugubreahesten.

Steinrøysa som nyleg har smelta fram, midt på breen, gjorde at Trond Eilev Espelund i Statens kartverk også vart nyfiken.

– Her ser eg noko rart, her er det ein liten buktning. Me kan ta ein nærmare kikk. Jada, her er det noko, seier Espelund.

Han studerer nye flyfoto av Styggebreen.

– Dette er ein ny topp på over 2000 meter, kanskje 30–40 meter over. Dette var interessant, ein ny topp i Oppland. Dette var gledeleg, seier han.

Senioringenør i Statens kartverk, Trond Eilev Espelund, har regnet ut data til sikteskiver i 17 år. Han ser at etterspørselen øker.

OVERSIKT: Trond Espelund har på eige initiativ starta med ei nyregistrering av alle fjelltoppar i Noreg. Han kan dermed seiast å vere den mest opplyste på temaet i Noreg.

Foto: Even Lusæter / NRK

Sjeldan registrering

I nyare historie har det ikkje skjedd at nye 2000-meterstoppar har blitt registrert.

Det høgaste som nyleg er oppført er ein topp i Romsdalen, Karlsskråtind, som kom med på lista over 1800-meterstoppar.

Spørsmålet Espelund i Kartverket no stiller seg, er kor høg primærfaktoren på den nye totusenmetringen er, altså kor mykje toppen hevar seg i forhold til terrenget rundt.

I Noreg er det eit vanleg skilje på primærfaktor på 10 og 30 meter for dei som samlar på totusenmeterstoppar.

– Akkurat no er ikkje primærfaktoren så stor for den nye toppen, for den har jo bre på alle kantar. Men den kan bli større ettersom breen minkar, seier Espelund.

Ny topp ved Galdhøpiggen

NYTT PUNKT: Då Styggebreen trekte seg tilbake, dukka dette punktet opp. Rett vest for punktet går ruta mellom Juvasshytta og Galdhøpiggen. Ein ny totusenmeterstopp vart oppdaga. – Det trur eg er lenge sidan. Me har nok fleire kandidatar, så heilt unikt er det ikkje, seier Bakke.

Foto: Skjermdump, Kartverket

Viktig for samlarar?

Morten Helgesen er forfattar av boka «Norges Fjelltopper over 2000 meter», som nyleg kom i nytt opplag. Han seier det er overraskande med ein ny topp.

– Det er ein del folk som samlar på toppar over 2000 meter, så dette blir nok interessant for fleire, seier Helgesen.

Galdhøpiggen

TURMÅL: Med Galdhøpiggen som turmål har mange passert den nye toppen på Styggebreen.

Foto: Even Lusæter / NRK

Han driv nettstaden Peakbook, der det finst ulike lister over toppar ein kan samle på.

Av dei såkalla 2k-toppane er det timeterstoppane som er mest populære. Det vil seie at skardjupna til neste topp er på ti meter eller meir.

Helgesen ventar no spent på kor stor primærfaktor den nye toppen får.

– Viss den hamnar innanfor timeterstoppane er det nok fleire «fjellnerdar» som må ut og plukke den, seier Helgesen.

Ny toppvarde på ny topp

NY TOPP: Ny totusenmetertopp på Styggebreen. I bakgrunnen går eit taulag på veg til Galdhøpiggen. – Sjølv dei som har gått opp og ned her dagleg, heile sommaren, har nok ikkje tenkt på at det dukkar opp ein totusenmeters topp her no, seier Bakke.

Foto: Even Lusæter / NRK

SJÅ DRONEBILETE: Styggebreen som ligg på austsida av Galdhøpiggen må kryssast på ved til Galdhøpiggen dersom ein går frå Juvasshytta. Sjå dronebilete frå Styggebreen under Galdhøpiggen – minutt for minutt i august 2018.

Flere saker fra Innlandet