Hopp til innhold

Snoka i over 100 journalar: Nå er kvinna dømd

Ei kvinne i slutten av 20-åra er dømd til fengsel på vilkår for å ha snoka pasientjournalane til 108 pasientar.

Kvinne som skriver på tastaturet.

DØMT: Ei kvinne er dømd til fengsel på vilkår etter å ha snoka i fleire pasientjournalar.

Illustrasjon: Mette Vollan / NRK

Ifølgje dommen frå Østre Innlandet tingrett skal ho ha innrømma nokre av journalsøka, men hevda at nokre av dei var nødvendige i jobben.

Det meinte ikkje tingretten.

Nå er kvinna dømd for grovt brot på tenesteplikta og for brot på helsepersonellova.

Ho er dømd til vilkårsbunde fengsel i 36 dagar. Ho må også betale ei bot på 10 000 kroner, i tillegg til sakskostnader på 5000 kroner.

Stort omfang

Kvinna jobba ved Sjukehuset Innlandet da ho snoka i journalane til 108 pasientar.

Aktor bad om at kvinna skulle bli dømd til 36 dagar fengsel.

Ettersom ho vart dømd til fengsel på vilkår, vil no påtalemakta vurdere om dei skal anke dommen.

– Eg er tilfreds med at tingretten er einig i at det uretteleg har blitt snoka i journalane til 108 pasientar. Når det gjeld utmålinga av straff, så er det noko vi må sjå nærare på, seier aktor Henning Klauseie til NRK.

Sykehuset Innlandet, Lillehammer

Kvinna var tilsett ved Sjukehuset Innlandet då ho snoka i journalane. Ho jobbar ikkje der lengre.

Foto: Ruth Barsten / Ruth Barsten

Han meiner det store omfanget av ulovlege søk gjer til at straffa burde vere fengsel utan vilkår.

– Bakgrunnen for påstanden var jo det svært store omfanget av ulovleg søk i journalar, seier Klauseie.

Bad om frifinning

Advokat André Lillehovde van der Eynden forsvarer den domfelte kvinna.

I retten bad han om at kvinna skulle bli frifunnen, og at dommen skulle reknast på mildaste måte.

Advokat André Lillehovde van der Eynden.

Kvinna er ikkje einig i dommen, men kjem ikkje til å anke saka, seier forsvarar André Lillehovde van der Eynden.

Foto: Frode Meskau / NRK

– Ho er openbert ueinig i det ho no er domfelt for, det har ho vore heile vegen, seier forsvararen til NRK.

Likevel er det ikkje aktuelt for kvinna å anke.

– Det har gått såpass lang tid, og det har påverka ho på ein måte som gjer til at ho kjem til å akseptere dommen for å kome seg vidare, seier Lillehovde van der Eynden.

Vurderer anke

Aktor Henning Klauseie omtalar saka som spesiell fordi det finst ingen anna rettspraksis som er mogleg å samanlikne saka med.

Henning Klauseie, politiadvokat, Innlandet politidistrikt.

Aktor Henning Klauseie seier dei vurderer om det er aktuelt å anke dommen. Påtalemakta bad om at kvinna skulle bli dømd til fengsel utan vilkår i 36 dagar.

Foto: Ola Bjørlo Strande / NRK

I tidlegare likande saker som har vore ført for retten, har det vore mindre omfang og langt færre dokument.

I desse sakene har det blitt gitt bøter eller fengsel på vilkår.

– Difor er denne saka godt eigna til å avklare kor grensa går mellom vilkårsbunden og vilkårslaus fengselsstraff. Det utfordra eg retten til i min prosedyre.

– Retten falt ned på fengsel på vilkår, og det må vi vurdere om vi skal løfte til lagmannsretten, seier Klauseie.

Alvorleg

Administrerande direktør i Sjukehuset Innlandet, Alice Beathe Andersgaard, seier saka er alvorleg.

– Vi er glade for at saka har fått ei grundig etterforsking med etterfølgande rettsbehandling.

Alice Beathe Andersgaard, adm.dir., Sykehuset Innlandet

Administrerande direktør i Sjukehuset Innlandet, Alice Beathe Andersgaard, omtalar saka som alvorleg.

Foto: OLE MARTIN SPONBERG / NRK

Ho seier at tausheitsplikt, kompetanse rundt dette og korleis ein skal handtere det i praksis, er i fokus ved Sjukehuset Innlandet.

– Det er viktig at pasientar veit at det er trygt å gi frå seg nødvendige opplysningar om seg sjølv og sin helsetilstand for at vi skal kunne yte best mogleg helsehjelp.

– Pasientane skal kjenne seg trygge på at opplysningar som blir gitt i forbindelse med helsehjelp ikkje blir brukt i andre samanhengar eller tilkjem uvedkommande, seier ho.

Les også Nå blir det enklere å avsløre journalsnoking

Lege peker på dataskjerm

Flere saker fra Innlandet