Hopp til innhold

Opp til 10 cm snø på Austlandet 1. mai

Det kan komme opp mot ti centimeter snø på Austlandet natt til 1. mai. Meteorologen seier det er vinterdekk som gjeld.

Rekordmykje snø i Sjusjøen 28. april

MYKJE SNØ: Løypekøyrar Johannes Haukåssveen har køyrt løyper i førti år, og har aldri sett så mykje snø på Sjusjøen på denne tida av året. Dei målte 170 centimeter før helga. Natt til 1. mai kjem det meir snø.

Foto: Roar Berntsen / NRK

– I dei områda som får mest nedbør ser det ut til at me kan ende opp mellom fem og ti centimeter med snø, seier Martin Granerød som er vakthavande meteorolog.

Han seier det er eit lågtrykk som skal passere Sør-Noreg 1. mai, og med framleis forholdsvis låg temperatur er det venta at nedbøren nokon stader kjem som sludd og snø.

Dette er det størst sjanse for å sjå natt til 1. mai og i morgontimane.

Bilde som viser sør- og midtnorge. store deler av kartet er blått og indikerer dermed snø. Et område på østlandet er ringet rundt med gult og har en gul varseltrekant med et snøfugg i midten.

SNØ: Yr skriv på sine sider at det måndag 1. mai er gult farevarsel for snø på Austlandet.

Foto: Meteorologene / Twitter

– I dei kystnære strøka går denne nedbøren raskt over til regn, men litt oppi høgda, ikkje særleg høgare enn 100 til 200 meter så ventar me at det kan vere periodar kvar snø legg seg på bakken, seier Granerød.

Granerød seier ein stad sørvest for Mjøsa, vidare innover i Viken og Telemark er dei områda som får mest.

– Det er dei som kan få mellom fem og ti centimeter, men samtidig er det ein front som er i rørsle her. Me vil nok sjå lokale forskjellar, seier Granerød.

Skiføre på Frognerseteren 30. april 2023

Det er framleis skiføre på Frognerseteren 30. april.

Nøgd skiløpar på tur på Frognerseteren 30. april. Det er nokre grønne flekkar, men midt på er det gode skiløyper.

Snorre Corneliussen seier det er litt hardt føre på Frognerseteren dagen før 1. mai. Han har gått 1100 kilometer denne sesongen.

To på tur på Frognerseteren

Jonathan Brown og kameraten er på besøk i Oslo. Det er første gong australier Jonathan går på ski. Dei har gått litt fram og tilbake. Nokon gonger klarer Jonathan å stå på føttene, så det er små sigrar.

Åtvarar køyrande

Granerød seier særleg bilistar bør vere obs på at snøen kan legge seg, i og med mange truleg har lagt om til sommardekk.

– Ein del av morgondagen er det vinterdekk som gjeld, seier meteorologen.

Martin Granerød

NEDBØR: Vakthavande meteorolog Martin Granerød seier nedbøren kjem som snø natt til 1. mai.

Foto: Kamilla Pedersen/MET

Snøen vil legge seg gjerne mest i områda som ligg litt oppi dalstrøka og høgareliggande strøk, men også i låglandet er det venta at det kan bli nokon centimeter med snø på vegane.

Det er forholdsvis langt sør på Austlandet det kjem mest 1. mai. Jo lengre nord ein kjem, di mindre nedbør vil det komme, og då får ein også mindre snø.

Det er gult farevarsel for snø i heile Troms og Finnmark frå tysdag, og snøen vil kunne legge seg på vegane i periodar.

Snø i nord frå tysdag

I Troms og Finnmark er det venta fem til 15 centimeter på 12 til 24 timar, og enkelte stader kan få 20 til 30 centimeter på 12 til 24 timar, melder Varsom.no.

Statsmeteorolog Eirik Samuelsen seier det er venta snø i heile Nord-Norge, heilt ned til fjæresteinen.

– Det er vanskeleg å seie kvar det kjem mest, det vil vere store variasjonar i fylket.

Han seier også at det venta uvanleg kald luft i nord.

Det er ikkje uvanleg med snøfall i mai, i fjor blei det sett ny snørekord i Tromsø, med eit totalt snøfall på 54 centimeter snø i mai.

Gult farevarsel for snø i Troms og Finnmark 2. mai

GULT: Det er varsla gult farevarsel for Troms og Finnmark frå tysdag. Det er også venta periodevis nord- og nordvestleg stiv til sterk kuling på kysten og i høgare strøk i delar av området.

Foto: Meteorologene / Skjermdump

Også skredfare

Det er meldt moderat snøskredfare i store delar av landet den siste dagen i april og 1. mai. Sundag 30. april er det meldt betydeleg snøskredfare for Ofoten, Trollheimen, Jotunheimen, og Indre Sogn.

Det er meldt betydeleg snøskredfare også 1. mai for Jotunheimen og Indre Sogn.

– For Jotunheimen og Indre Sogn er det betydeleg snøskredfare grunna ein kombinasjon fokksnø, men også at det er eit vedvarande svakt lag høgt i snødekket som kan gi skred.

Solveig Kosberg, snøskredvarslinga NVE

FØLG MED: Vaktleiar Solveig Kosberg på snøskredvarslinga hos NVE rår folk til å følge med på varsel når dei skal ut på tur.

Foto: Solveig Kosberg

Det seier vaktleiar Solveig Kosberg på snøskredvarslinga hos NVE.

– I Trollheimen og Ofoten er det vind i kombinasjon med nysnø som gjer at det er litt meir snøskredfare enn andre landsdelar.

Der det kjem snø i kombinasjon med vind vil det legge seg i ustabile fokksnøflak i leområda. Der vil snøen vere ustabil ei lita stund før den får festa seg.

– I leområda i høgda bør ein vere forsiktig når ein beveger seg i bratt terreng.

Kosberg rår folk til å tenke at snøen som ligg no er kald vintersnø, ikkje stabil vårsnø. Og at dei skal vite når dei er i skredterreng, og unngå det viss dei kan.

– Eg rår folk å bruke varsom-appen og brattheitskartet der, slik at ein er klar over kvar skredterrenget er og kan ta medvitne val. Les oppdatert varsel kvar dag.

Sjusjøen 28. april 2023

SKI: Dei som ikkje har lagt vekk skia kan gle seg over endå meir snø natt til 1. mai. Her frå Sjusjøen 28. april.

Foto: Roar Berntsen / NRK

Les også Bør forberede seg på ødeleggende flom

flom-brumunddal

Flere saker fra Innlandet

Steinras-Gjende

Tre personer evakuert etter steinras ved Gjende i Jotunheimen