Hopp til innhold

Derfor helser vi på folk til fjells

Eit «hei» og eit nikk er standard for mange når dei går i fjellet. Men helser du på folk i nærmiljøet?

Ut på tur

TIL FJELLS: Når ein går på sti langt frå folk er det for mange naturleg å helse. Illustrasjonsbilete frå Steigen i Nordland.

Foto: Lien / SCANPIX

Dei fleste nordmenn tar sommarferien i Noreg i år, og då er det mange som legg ut på ein fjelltur eller to.

Då er det gjerne tradisjon for å helse på og slå av ein prat med dei ein treffer på.

Men kvifor er det slik?

Ute i same ærend

– Det er vanskeleg å svare på kvifor vi seier hei, men eg trur det kjem frå bondekulturen. Når ein er få folk på eit stort område helsar ein, seier Klara Sjo.

Klara Sjo, NHH

KONTEKST: Nordmenn treng ein kontekst for å snakke saman, meiner Klara Sjo. På fjellet har ein noko felles å snakke om der og då, seier ho.

Foto: privat

Ho er universitetslektor ved NHH i Bergen og har forska på korleis folk helsar.

Ifølge forsking Klara Sjo gjorde for nokon år sidan verka det som det var vanleg å helse på kvarandre i fjellet allereie i etterkrigstida, men ho utelukkar ikkje at tradisjonen starta lenge før det og.

Sjo meiner nordmenn er veldig avhengig av å ha ein god grunn, noko til felles, for å snakke til folk ein ikkje kjenner. Når ein møter nokre få andre på ein fjelltur er ein ute i same ærend og anerkjenner kvarandre.

– Det funkar likt når ein står på busstoppet i regnet. Ein kan klage på regnet og spørje når bussen kjem. Det er jo derfor folk med hund også snakkar med kvarandre. Vi må ha ei unnskyldning, seier Sjo.

Utsikt fra Besseggen

POPULÆRT TURMÅL: Kvart år tar over 60 000 turen over Besseggen. Kanskje så mange at det ikkje blir naturleg å seie hei til alle du går forbi?

Foto: Karianne Stordal / NRK

Turlengde kan ha betydning

– Det er noko med at dersom ein er på langtur, så helser ein på folk. Dersom turen er kortare så er det ikkje like mange som helser. Det har også med at ein treffer fleire menneske då.

Det seier kommunikasjonssjef i DNT, Mette Øines Habberstad. Ho meiner at det ikkje nødvendigvis går ei geografisk grense for når det er naturleg å helse på ukjende.

Mette Øinæs Habberstad, kommunikasjonssjef DNT

KOMMUNIKASJONSSJEF: Mette Øines Habberstad i DNT trur at fleire ting speler inn på når det blir naturleg å ta kontakt på tur.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / DNT

– Dess lenger inn i skogen, marka eller fjellet ein er, dess lengre blir ofte samtalane. Fordi då er det lengre sidan ein har sett folk, seier Habberstad.

Mengda folk ein møter på har altså ein innverknad. På dei populære turmåla Besseggen og Preikestolen møter ein så mange at det nok ikkje er like naturleg å helse.

Habberstad samanliknar det med ein tur i butikken.

– Mange av oss seier ikkje hei til alle vi møter i ein daglegvarebutikk. Men viss det er berre ein person i butikken så seier ein kanskje hei, og ein gjer jo det til den som sit i kassa, seier ho.

Fjelltur

LANGT FRÅ FOLK: – Dersom ein er på langtur, så helser ein på folk, seier Habberstad.

Foto: Robert André Heggset

Naturleg å ta kontakt på fjellet

Jxy2CN_TIIs

– NATURLEG: Sidan ein møter færre folk på fjelltur, blir det meir naturleg å ta kontakt, trur Tom Stiansen.

Foto: Gorm Kallestad / NTB Scanpix

Tidlegare alpinist og programleiar for landets kanskje mest kjende turprogram 71 grader nord, Tom Stiansen, har den same oppfatninga som Habberstad.

– Om ein går rundt Sognsvann på ein laurdag, så helser ein ikkje på alle. Då helser ein på dei ein kjenner.

Han peiker på at det er annleis i fjellheimen.

– I fjellet er det meir spreitt med folk. Ein møter ikkje andre heile tida, og då er det meir naturleg å helse, seier Stiansen.

Illustrasjonsfoto

SOGNSVANN: Rundt Sognsvann i Oslo er det stor trafikk. Då blir det ikkje like naturleg å helse på alle, meiner DNT.

Foto: Larsen / SCANPIX

Sei hei med avstand

Habberstad i DNT synest at det er ein fin tradisjon som det er viktig å halde fram med.

Sjølv om vi for tida må passe på å halde avstand til andre, også på tur, meiner ho at ein må hugse på å seie hei.

– Det går an å halde ein meter avstand og framleis helse, smiler Habberstad.