Hopp til innhold

Rapporten frå de sakkunnige er klar etter dobbeltdrapet på Otta

Eit eldre ektepar vart brutalt drepne i heimen sin på Otta i august. Dei sakkunnige meiner den sikta mannen var utilrekneleg da drapa skjedde.

Otta dobbeltdrap.

AVSPERRET: Politiet ved åstedet på Otta i Gudbrandalen etter dobbeltdrapet 1. august 2022. Både den sikta mannen i 40-årene og det eldre ekteparet som vart drepne budde i leilighetskomplekset.

Foto: Mathias Revheim-Rafaelsen

Politiadvokat Lars Rune Ringvik i Innlandet politidistrikt fortel at dei har fått den foreløpige rettspsykiatriske rapporten frå dei sakkunnige.

– Ein av konklusjonane er at den sikta ikkje var tilrekneleg da drapa skjedde. Politiet vil foreslå for statsadvokaten at det blir tatt ut tiltale med påstand om overføring til tvungent psykisk helsevern, seier han.

Ut over dette ønskjer han ikkje å kommentere dei vurderingane som er gjort av de sakkunnige nå.

Lars Rune Ringvik, politiadvokat i Gudbrandsdalen politidistrikt

POLITIET: Politiadvokat Lars Rune Ringvik seier dei ikkje er heilt ferdige med etterforskinga. Saka skal etter planen opp i slutten av mars.

Foto: Arvid Torsgard / NRK

Psykiatrisk sakkunnige

Det er psykiater Terje Tørrissen og psykolog Monica Flermoen som er sakkunnige etter drapa på det eldre ekteparet. Heile rapporten skal leggast fram når saka til den sikta mannen i 40-åra skal opp i Vestre Innlandet tingrett.

Ein person kan bli dømt til tvungent psykisk helsevern i staden for fengsel, dersom det viser seg at han ikkje var tilrekneleg da han utførte ei straffbar handling.

Dette er en såkalla særreaksjon som rettsvesenet kan gje personer som har gjort alvorlege, kriminelle valdshandlingar, men som er alvorleg psykisk syke.

Drap Otta

DRAPET: Politiet i arbeid etter drapet på Otta i august.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Dobbeltdrapet på Otta: Siktede svarer ikke på skyldspørsmål

Lang historie innan psykiatrien

Forsvarer Anders Bjørnsen har tidlegare sagt til NRK at mannen som utførte drapa har ei langvarig historie innan psykiatrien. Han har også lese rapporten.

– Konklusjonen er som den er, den overraskar meg ikkje, seier Bjørnsen.

Han vil ikkje kommentere den meir.

– Diskusjonen om den tar vi i retten.

Han fortel at mannen også i dag er på ein psykiatrisk institusjon med høg grad av sikkerheit, altså ikkje i fengsel.

drap-Otta-forsvarer-Anders-Bjørnsen

IKKJE OVERRASKA: Forsvarar Anders Bjørnsen seier han ikkje er overraska over konklusjonen til rettspsykierane.

Foto: Roar Berntsen / NRK

Les også Otta-drapene: Siktede var innlagt på nå nedlagt psykiatrisk sykehus

Mista tilbodet

Mannen som drap dei to, kom til Otta som pasient ved Bredebygden psykiatriske senter. Instutusjonen vart lagt ned og han vart buande i området etter det.

Drapet på dei to eldre personane i august i år verka heilt umotivert og tilfeldig.

Politiadvokat Lars Rune Ringvik opplyser at dei ikkje er heilt ferdig med etterforskinga, og dei har ennå ikkje komme med innstillinga si til statsadvokaten. Saka skal opp i retten i slutten av mars neste år.

Les også Kjente de drepte: – Meningsløst at det kan skje noe slikt på Otta

Mann på bakeri på Otta

Flere saker fra Innlandet