Hopp til innhold

Brilleskilje utan å reise på påskefjellet

RONDANE (NRK): Sjølv om mange ikkje kjem seg på påskefjellet i år kan ein få lagt ut dei klassiske brilleskilje-bileta på Insta. Med eit bilde-filter.

Brilleskille-filter

BRILLE-FILTER: Instagram-filteret legg på solbrille-skiljet og det finst i tre variantar.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Kva er det mest unike du får meg deg heim frå påskefjellet? Det er som regel dette brilleskiljet ditt då, seier Martin Amble Ruge.

Han er innhaldsprodusent for Nasjonalparkriket som er destinasjonsselskap for heile Nord-Gudbrandsdalen. Dei representerer dei seks nasjonalparkane i Gudbrandsdalen.

Denne påska kjem ikkje turistane for å nyte påskesola. Derfor har dei i staden laga eit bilde-filter til Instagram slik at ein likevel kan legge ut dei klassiske påskebileta.

– Viss ikkje folk kan reise til påskefjellet, så kan påskefjellet komme til dei. Som eg høyrde dei sa på afterski ein gong, ler Amble Ruge.

Filter brilleskille Martin Amble Ruge nasjonalparkriket

TRE VARIANTAR: Filteret har tre brille-skilje-moglegheiter. Martin Amble Ruge demonstrerer her på Instagramkontoen til Nasjonalparkriket.

Foto: Nasjonalparkriket

Laga det sjølv

Facebook og Instagram har opna for at ein kan lage slike bilde-filter sjølv. Martin Amble Ruge fortel at dei også må spare pengar om dagen, så han sette i gong og sjå på YouTube-videoar for å lære seg å lage filteret sjølv.

– Det var nokon «corny» forsøk før vi kom fram til eit toleleg greitt brilleskilje, men det ser alltid litt snålt ut uansett, så det er greitt, seier han.

For å skaffe seg det opphavsmannen kallar «eit ganske frekt brilleskilje», kan ein anten søke opp filteret «Brilleskille 2020» i Instagram-appen eller finne det på profilen til Nasjonalparkriket.

Allereie populært

Amble Ruge fortel at dei har fått enormt mange gode tilbakemeldingar frå folk som har tatt det i bruk. Og han har sett det dukke opp i land som USA og Sverige også.

– Det er ikkje berre i Noreg ein sit og er litt brakkesjuk no om dagen, fortel han.

NRK Sporten har også tatt i bruk filteret:

NRK Sporten har tatt i bruk filteret

NRK Sporten har tatt i bruk filteret

Amble Ruge fortel at dei laga filteret for moro skuld, og for å gi folk som ikkje kan reise til nasjonalparkane i påska, eit slags alternativ.

Filteret finst i tre variantar. «Raske briller-skiljet», «skibrille-skiljet» og den «klassiske fattern som har sovna i sola-skiljet.»

Og for enno meir påskestemning: