Hopp til innhold

Bønder demonstrerer mot regjeringa – skal sova utanfor Stortinget

Bønder frå heile landet har tatt plass føre Stortinget onsdag kveld. I morgon skal det stemmast over den omstridde inntektsberekninga for landbruket.

Bønder

OPPRØR: Onsdag kveld har fleire bønder samla seg utanfor Stortinget.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

– Dette kjem til å definera jordbruket i fleire tiår framover. Me krev at me skal ha like moglegheiter som andre.

Det seier leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Tor Jacob Solberg, til NRK.

Han står føre Stortinget saman fleire andre bønder frå heile Noreg i kveld.

Fleire av dei skal sova utanfor i natt.

bønder Tor Jacob solberg

Solberg er skuffa over regjeringa sitt forslag til bøndene.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Skal stemma over bøndenes framtid

I morgon skal Stortinget stemma over nye inntektsberekningar for landbruket, som ein del av ein plan for å løfta inntektene til bøndene.

Tala som Ap, Sp og Høgre nyleg blei einige om, inneber at bonden skal jobba 1845 timar i året, mot 1700 timar for ein lønnsmottakar – gitt at dei to har lik årsinntekt på 500 000 kroner.

Bilde av bønder med protest-plakater utenfor Stortinget.

Onsdag kveld var fleire bønder på plass utanfor Stortinget for å markere.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Men mange bønder er ueinige i talgrunnlaget som blei lagt fram for å samanlikna bøndenes inntekter med vanlege lønnsinntekter.

Derfor har fleire bønder demonstrert over heile landet den siste tida.

Bilde av ei "kiste" utenfor Stortinget

Bøndene meiner morgondagens avgjersle kan bli kroken på døra for den norske bonden.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

– Å krevja at me skal jobba 145 timar meir enn alle andre i landet er ugreitt, seier Solberg.

– Kva forventar du av politikarane?

– Me kan ikkje akseptera noko over 1700 timar. Me skal ha det som andre folk i samfunnet, seier han.

Sjå video av markeringa utanfor Stortinget:

Skrota bondefrukost framfor Stortinget

Demonstrasjonane føre Stortinget starta allereie onsdag morgon.

Då avlyste Bondelaget den tradisjonsrike frukosten utanfor Stortinget, og stilte heller ut tomme kjøleskap.

– For å visa at me meiner alvor med at det må forbetringar i talgrunnlaget, erstattar me god norsk bondefrukost med tomme kjøleskap, seier Guro Bjørnstad Heimly, kommunikasjonsrådgivar i Noregs bondelag, til NRK.

Bondeopprør stortinget.

Onsdag morgon hadde Noregs bondelag sat ut tomme kjøleskap framfor Stortinget.

Foto: TRULS ALNES ANTONSEN / NRK

Talgrunnlaget som Stortinget skal stemma over torsdag dannar grunnlaget for årets jordbruksoppgjer. Det avgjer kor mykje støtte bøndene skal få frå staten det neste året.

– Me har ikkje lyst til å by på frukost når næringskomiteen på Stortinget serverer ei innstilling som ikkje tar omsyn til realitetane når bondeinntekta skal målast, seier Heimly.

Les også Bønder sperra E6 i protest: – Det er mange som er frustrerte

Traktorer sperrer E6 i Gudbrandsdalen

Statsministeren: – Villig til å sjå på justeringar

Vedum lova i ein tale til partiet denne veka å jobbe fram mot torsdag for å få ned timetalet, mot 1750 timar.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier i dag at regjeringa har politisk vilje til å løyva «ordentlege pengar» for å komma sinte bønder i møte.

– Me har lagt fram eit godt og balansert opplegg. Så registrerer eg at det går føre seg diskusjonar om dette med timetalet. Det kan føra fram til at me får ei einigheit der, seier Støre.

bondeaksjon i Sørlandsparken

Landbruksminister Geir Pollestad blei møtt av ei stor gruppe sinte bønder før Senterpartiets årsmøte i Agder i mars.

Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRK

– Me er villige til å sjå på justeringar, men det overlèt eg no til dyktige forhandlarar her i Stortinget.

Han avviste å sjå på andre delar av avtalen, som blant anna budsjettpartnar SV også har kritisert. SV-leiar Kirsti Bergstø utfordra Støre i spørjetimen i dag.

Ho meiner det «ikkje er nok» å gjera endringar i timetalet og tok i bruk bøndene sine eigne ord då ho bad om «ærlege tal» og åtvara mot «luftpengar» til bøndene.

Les også Reagerer på regjeringas planer: – Mye ord og fett flesk

Grim jardar åsgård

Innlandet Ap kalla inn til hastemøte

Innlandet Arbeiderparti kalla i kveld politikarane deira til eit dialogmøte om bondeoppgjeret.

Leiar i Innlandet Ap, Lise Selnes, grunngir hastemøtet med at det er ei sak som vekker stort engasjement blant politikarane og at det er nødvendig med dialog.

– Det er ikkje mykje anna enn at vi vil innleie med saka som står på Stortinget, og få tilbakemelding frå partiorganisasjonen om det, seier leiar i Innlandet Ap, Lise Selnes.

Lise Selnes i Arbeiderpartiet

Lise Selnes i Innlandet Arbeiderparti seier hastemøte omhandlar bondeoppgjeret.

Foto: Arbeiderpartiet

Ved 20.30-tida var møtet ferdig. Selnes opplyser at folk i partiet fikk legga fram si meining og spørje om ting.

– Det var tydeleg blant fleirtalet at ein reduksjon i timeantalet er viktig å få på plass, seier ho.

Selnes legg til at dei kryssar fingra for eit best mogeleg resultat.

Demonstrasjonar på E6

Småbrukarlaget varslar stordemonstrasjonar fleire stader i landet det neste døgnet.

Klokka 20 onsdag går det ei traktorkolonne på E6 frå Soknedal og sørover til Berkåk, opplyser bonde Mona Granmo frå Soknedal til Adresseavisen.

Dette er ei lokal markering av stordemonstrasjonen Småbrukarlaget arrangerer på Eidsvoll plass, etter Arbeidarpartiet og Senterpartiet har søkt samarbeid med Høgre og Venstre for å få fleirtal for sitt forslag til talgrunnlag.

Det skriv Småbrukarlaget på sine heimesider.