Også i år ferierer fleirtalet av befolkninga innanlands.
Ifølgje NHO Reiseliv planlegg 65 prosent av dei som skal på sommarferie, å reise i Noreg.
Å dra på hytta eller å dra på friluftsferie, er framleis høgt på lista.
Og for tredje sommar på rad skal Sivert Bjørnsrud jobbe i Besseggen-patrulja. Ikkje berre aukar patrulja tryggleiken for fotturistane:
Ein til to gonger i veka ryddar dei også opp etter ferdsel i fjellet.
SOMMER I FJELLET: Utsikt mot Knutshøe i Jotunheimen. I bakgrunnen ligg Besseggen. Turen til Knutshøe blir stadig meir populær, ifølgje Marius Haugaløkken, vertskap på Gjendesheim turisthytte.
Foto: Sun Iren Bjørnås / NRKNaturen skal vere like fin
Norsk friluftsliv er ein fellesorganisasjon for norske friluftsorganisasjonar, som jobbar for å sikre allemannsretten.
Men dei er også opptekne av pliktene vi har når vi bruker naturen.
– Å oppleve norsk natur er noko av det finaste ein kan gjere i ferien. Men som alltid er det viktig å hugse plikta til sporlaus ferdsel, seier Bente Lier, generalsekretær i Norsk Friluftsliv.
Ho meiner det handlar om å ta omsyn til dyr og plantar, og ikkje minst til andre turfolk.
– Vi må snakke med barna, og sjølv også vere merksame på at vi skal late etter oss naturen minst like fin som han var då vi kom.
ÅRLEG KAMPANJE: Bente Lier, generalsekretær i Norsk Friluftsliv, seier organisasjonen har årlege kampanjar om omsynsfull ferdsel. – Vi ser særleg i pressområde som har fått auka besøk, så er det også ei auka utfordring at vi legg igjen spor.
Foto: Gard Eirik ArnebergLier oppmodar til å planleggje før ein skal ut på tur – ikkje berre turløype, men også korleis ein skal handtere avfall og «dobesøk».
Det tek til dømes om lag to månader før eit bananskal eller ein epleskrott forsvinn frå naturen:
LANG TID: Sjølv det som går i matavfallet heime, kan bli liggjande lenge i naturen før det forsvinn.
Illustrasjon: Strøk DesignGeneralsekretæren trur mykje forsøpling handlar om at vi ikkje tenkjer oss om. Ho meiner bestemt at auka medvit kan bidra til at folk tek betre vare på naturen.
– Vi har fleire undersøkingar som viser at vi nordmenn er veldig opptekne av å ta vare på naturen, seier ho.
Lagt til rette for trafikk
Like ved foten av Besseggen ligg Gjendesheim.
Med om lag 60 000 menneske over Besseggen kvart år, ventar den populære hytta i Jotunheimen aukande besøk utover sommaren.
– Vi trur og håpar på at det blir attraktivt å gå i fjellet i sommar. Det ser lovande ut, seier Marius Haugaløkken, som er vertskap på hytta.
POPULÆR EGG: Besseggen ligg i Jotunheimen nasjonalpark, og er ifølgje Den Norske Turistforening eit av dei mest populære turmåla i Noreg. Besseggen-patrulja vart starta etter eit lokalt initiativ i 2017.
Foto: Even Lusæter / NRKTuristverten fortel at på Besseggen er det lagt til rette for at fotturistane blir styrt bort frå sårbar natur.
Men det finst andre flotte toppar i området som toler mindre trafikk.
Når Besseggen-patrulja er ute, fjernar dei det dei finn av søppel og spor etter «dobesøk».
– Når vi går Besseggen-patrulje har vi med oss gassbrennar, og vi brenn opp det vi finn av papir og andre ting.
Haugaløkken peiker på at det er lagt til rette med søppeldunkar og toalett på begge sider av eggen. Samtidig trur han at ryddejobben verkar førebyggjande.
– Ligg det litt søppel, så er det mykje lettare at det kan kome meir. Så vi prøver å halde det nede og kjenner sjølv at vi har veldig god kontroll på det.
VERTSSKAP: Saman med kona Anne og barna Erland, Aune og Olea, er Marius Haugaløkken vertskap på Gjendesheim turisthytte i Jotunheimen. Like ved hytta ligg det populære turmålet Besseggen.
Foto: PRIVAT«Fjellkarma»
Sivert Bjørnsrud har inntrykk av at fjellfolket generelt passar på å ta med seg søppel tilbake frå tur.
Samtidig er det ikkje uvanleg at småting fell ut av lommer eller blæs av sekken.
Og den fjellvande 24-åringen meiner alt du treng for å gjere det litt trivelegare for nestemann, er å ha ein liten pose til søppel utapå sekken eller i lomma.
– Konseptet er jo at du plukkar opp det du ser, faktisk. Kanskje du får litt betre samvit, og då blir turen og kanskje hakket betre.
RYDDAR OPP: Kollegaene Amund Tessnes (til venstre) og Sivert Bjørnsrud (t.h.). Her er dei avbilda ved foten av eggen ved sesongstart i 2023.
Foto: PrivatPå utfordrande turar som krev sikring, står gjerne slyngjer og andre sikringsmiddel igjen i fjellet.
I nokre fjellsportmiljø seier ein derfor at «du skal ta med deg ned igjen, meir enn det du lèt etter deg». Moralen er: Når du tek vare på fjellet, får du fint vêr og ein god tur som løn.
Inn mot ferietida, oppmodar Bjørnsrud oss til å overføre denne tankegangen til kvardagsturar og utflukter som passar for dei fleste.
– Dette gjeld like mykje om du går i gatene i Oslo, ute i skogen, parken eller i høgfjellet. Det gjeld same kvar du går.