Hopp til innhold

Bekymra for hjelpa til dei svakaste

Tilsette i barnevernet fryktar at kutt i kommuneøkonomien skal svekke hjelpa til dei mest utsette borna. Nå slår Fellesorganisasjonen (FO) alarm.

Veronicha Johnsen Plasstillitsvalgt i barnevernstjenesten i Østre Toten kommune.

BEKYMRA: Tillitsvald for dei barnevernstilsette i Østre Toten, Veronicha Johnsen, seier det er risikabelt å kutte årsverk i barnevernet nå.

Foto: Inger Johanne Solli / NRK

I Østre Toten kommune i Innlandet ligg det føre eit forslag til å kutte to årsverk i barnevernstenesta neste år.

Veronicha Johnsen er tillitsvald for barnevernstenesta og er veldig bekymra.

– Forslaget om å kutte to årsverk gjer oss urolege, mange søkte seg bort når det vart kjent.

For i langtidsplanen for Østre Toten ligg det føre forslag om kutt også i 2023 og 2024.

– Vi meiner dette er heilt feil når vi samtidig skal gjere store endringar, fortel ho.

Etterlyser ein tydelegare plan

Store endringar blir det neste år. Kommunane får fleire oppgåver når den nye lova om barnevern gjeld frå 1. mars 2022. Mellom anna skal oppfølginga av fosterheimar flyttast hit.

Frå da får også kommuneleiinga det overordna ansvaret for alle born som treng hjelp. Også for barnevernet.

Veronicha Johnsen seier ho støtter endringane, men meiner det er feil å kutte årsverk før ny organisering er på plass.

NRK forklarer

Kva er nytt i den ferske barnevernslova?

Kva er nytt i den ferske barnevernslova?

Fornyelse etter 30 år

Dagens barnevernslov blei innført i 1992 og er revidert fleire gonger. I juni i år vedtok Stortinget ein ny lov som skal bidra til betre fagleg arbeid, styrke barns og foreldres rettstryggleik og bidra til auka vekt på førebygging og tidleg innsats. Den nye lova trer i kraft 1. januar 2023, men enkelte endringar trer i kraft 1. januar 2022.

Kva er nytt i den ferske barnevernslova?

Kommunane får fleire oppgaver

I den nye lova er norske kommunar pålagt å sjå barn og ungdoms tilbod i samanheng. Blant anna skal kommunestyra vedta planar for korleis arbeidet blir fordelt mellom ulike kommunale tenestar. 

Frå før plikter kommunestyra jamnleg å kontrollere om kvaliteten og bemanninga i barnevernet er god nok.

Kva er nytt i den ferske barnevernslova?

Styrker rettssikkerheten for barn og foreldre

Regjeringen meiner den nye lova med meir førebygging og auka diaglog skal styre rettstryggleiken til dei involverte. Blant anna skal det leggast betre til rette for at barnet skal kunne forklare seg mest mogleg fritt både til barnevernstjenesta og fylkesnemnda.

Østre Toten har dei siste åra rusta opp barnevernstenesta si. Dei har jobba systematisk for å forbetre tenesta, mellom anna med å auke kompetansen til dei tilsette.

Nå burde vi jo heller fått fleire folk for å gjennomføre reformene. Men i tillegg til kutta hos oss blir det jo kutt i dei områda som skal ta over ein del av arbeidet, mellom anna i skulen, seier Johnsen.

Ho etterlyser også ein tydelegare plan for korleis arbeidet skal bli organisert nå.

– Dette har vi etterlyst, men det har vi ikkje sett noko av.

Veronicha Johnsen Plasstillitsvalgt i barnevernstjenesten i Østre Toten kommune
Foto: Inger Johanne Solli / NRK

Fagforbundet er bekymra

Leiar i FO (Fellesorganisasjonen) i Innlandet støtter sine medlemmar i Østre Toten og står saman med dei om to varslar til kommuneleiinga der dei åtvarar mot det som skjer. FO organiserer 31.000 barnevernstilsette, sosionomar og vernepleiarar

Dette er heilt spesielt, eg kjenner ikkje til andre kommunar som har planlagde kutt i barnevernet over år, seier Olav Neerland, FO-leiar i Innlandet.

Olav Neerland Fylkesleder FO Innlandet

STØTTER VARSEL: Olav Neerland i FO seier dei følger med på kva som skjer ute i kommunane i samband med ny barnevernslov.

Foto: Inger Johanne Solli / NRK

Han meiner det er risikabelt det kommunen legg opp til her.

Vi er bekymra for kva som skjer rundt den nye barnevernslova, og dette uroar oss.

Samtidig med reforma kjem også krav til auka kompetanse, mange tilsette skal ut av teneste for å ta vidareutdanning.

  • For åtte år sida blei Linn Cathrin avskilta som mor etter nokon få møter med ein psykolog. Sidan den gang har ho kjempa for å fjerne stempelet som uskikka.

Mindre dobbeltarbeid

Kommunalsjef for barn, oppvekst og opplæring i Østre Toten kommune, Anne Grethe Hole-Stenerud, seier ho forstår at dei tillitsvalde er bekymra.

– Det er klart dei ikkje vil miste ressursar til det gode barnevernsarbeidet. Men dei reduserte rammene har vi visst om ei stund nå.

Ho kjenner seg ikkje igjen i påstanden om at det ikkje er lagt plan for endringa.

Vi har eit overordna strategiarbeid for oppvekstområdet og er i gang med mange enkeltprosjekt som handlar om å få til eit godt samarbeid, og som bygger opp under reforma.

Anne Grethe Hole-Stenerud Kommunalsjef barn, oppvekst og opplæring. Østre Toten kommune

MEIR SAMARBEID: Kommunesjef for barn, oppvekst og opplæring meiner den nye barnevernslova oppmodar kommunen til å gjere mindre dobbeltarbeid og samarbeide meir.

Foto: Inger Johanne Solli / NRK

Kommunane får fleire oppgåver innanfor barnevern, medan det andre apparatet må ta ein større del av tenestene.

– Vi må unngå å jobbe parallelt. Det er ei utfordring at fleire ofte er involvert i dei same sakene, skule, spesialpedagogar, BUP, barnevern osv., både for innbyggaren og med tanke på ressursbruk. Vi må heller sørge for brei tverrfagleg innsats i tidleg fase og vi jobbar blant anna med å få på plass eit tverrfagleg team for familiar med små born.

Hole-Stenerud seier at ho også oppfattar den nye lova også som ei oppmoding til å få til meir interkommunalt samarbeid om barnevernstenester.

Her har vi allereie et godt samarbeid med Vestre Toten om arbeid på fosterheimsområdet.

  • Da guten som drap Alma Gabriela hadde permisjon, var det ingen sjølvfølgje at foreldra blei varsla. Deira opplevingar førte til lovendringar.

Flere saker fra Innlandet

Steinras-Gjende

Tre personer evakuert etter steinras ved Gjende i Jotunheimen