Hopp til innhold

Planteinfluensar vil gjere stueplantene meir berekraftige

«Alle» vil ha plantar, men mange av dei blir importerte. Det vil @Arcticgardener gjere noko med.

Anders Røyneberg og sambuaren Erik Schjerven

INSTAGRAM: Anders Røyneberg har kontoen @arcticgardener og har skrive fleire bøker saman med sambuaren Erik Schjerven. Schjerven jobbar med marknadsføringa.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Gjennom pandemien har nordmenn fylt opp stovene sine med grøne plantar. Anders Røyneberg har delt plantekunnskapen sin i to bøker og på kontoen @arcticgardener i fleire år.

Han og kjærasten, Erik Schjerven merkar at interessa har auka.

– Det er tida vi lever i. Folk ønsker meir natur og kunnskap om det. Og under covid var folk mykje meir heime. Når vi er mykje heime vil vi også ha det fint rundt oss, seier Røyneberg.

Ifølge dei to blir mange planter importert frå Europa. Difor er dei no i gang med å produsere på Hadeland. No har dei fått 250 000 kroner av Innlandet fylkeskommune til prosjektet.

Anders Røyneberg

UT AV BYEN: Røyneberg og Schjerven flytta ut av Oslo og til Brandbu. Der driv dei med planter, held kurs og skriv bøker. Denne igloen er som eit drivhus.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Kortreist og berekraftig

Midlane har dei fått gjennom ei ordning Innlandet fylkeskommune har som heiter «Grøn framtid». Der har fleire bedrifter søkt om tilskot til nye, grøne idear. Ei rekke bedrifter har fått pengar.

Blant dei er Røyneberg og Schjerven. Målet for prosjektet deira er å kunne produsere opp populære planter i Noreg, så dei ikkje treng å bli importerte.

Eitt av kriteria for å få midlar er at prosjektet skal ha ein tydeleg klimaeffekt. Anne Marie Sveipe, som er rådgjevar i fylkeskommunen meiner dette prosjektet treff veldig bra på dette punktet.

Platene til anders røyneberg

PLANTEDILLA: Paret på Brandbu har mellom 200 og 300 planter heime. Dei merkar godt at fleire har blitt interesserte i grøne plantar.

Foto: Alexander Nordby / NRK

– Vi tenker vi må prøve å i størst mogleg grad vere sjølvforsynt i staden for å køyre plantene halve jorda rundt. Det er midt i blinken, seier ho.

Ho seier dei treff ei aukande interesse i befolkninga. I tillegg kan dei lage både arbeidsplassar og gjenbruke gamle lokale.

– Det å produsere lokalt, kanskje også i nedlagde drivhus som kan brukast på nytt, det var veldig spennande.

  • «Trips» er mange planteelskarar sitt mareritt:

– Lystprega klimabevisstheit

Anders Røyneberg og Erik Schjerven seier mange allereie ser på plantar som miljøvennlege. Men at mange ikkje tenker over reisevegen dei har hatt.

– Vi tenker at grøne plantar går under radaren på berekraft. Viss plantar blir produsert i Nederland på ein ikkje-berekraftig måte, blir transportert til Noreg for utsal og har utslepp på vegen, er det antakeleg ikkje så miljøvennleg, seier Erik Schjerven.

Anders Røyneberg

ENTUSIAST: Røyneberg er utdanna agronom. Heime hos paret har dei 2–300 plantar, men dei har mista teljinga. Dei har skrive bøkene Plantebonanza og Plantelykke.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Dei fortel at dei reiser rundt og har kurs. Der møter dei mange unge no som har teke opp plantehobbyen, og som er opptekne av miljøet.

– Det handlar også litt om lystprega klimabevisstheit. Det blir prata mykje om skam for kjøttkonsum og fly. Kanskje grøne planter er noko du kan ta meir inn av. For tar du vare på det i stova di set du kanskje meir pris på at jungelen i Amasonas blir bevart, seier Schjerven.

Anders Røyneberg
I første omgang er det planten Coleus dei skal produsere.
Anders Røyneberg
Ifølge Røyneberg er Coleusen enkel å formeire. Og den har lang historie som norsk stueplante.
plante
Etter kvart vil paret utvide og produsere andre populære artar på denne måten.

Trua på prosjektet

Røyneberg og Schjerven samarbeider med De Haes gartneri på Jevnaker. Der produserer dei plantene økologisk. Det, og at dei er laga lokalt, meiner dei gjer plantene meir berekraftig.

Birgitte Udo De Haes driv gartneriet dei samarbeider med. Ho har også merka ei enorm auke i interessa under pandemien.

– Også dette med å dyrke sjølv. Folk har hatt tid til å vere heime og passe på plantene. Vi har fjerna oss meir frå naturen. No er ein kanskje er klar for å kople seg på naturen igjen, seier ho.

Ho har stor tru på at denne måten å produsere plantar på er meir miljøvennleg. Og at det er betre for plantene.

– Planter likar ikkje å bli transportert langt. Det er godt for dei å komme rett frå gartneri til forbrukaren. Det er ikkje kvalitetsforbetring å reise langt, seier ho.

Birgitte Udo de Haes

ØKOLOGISK: Birgitte Udo de Haes har gartneriet på Jevnaker. Der driv ho økologisk og samarbeider med planteparet.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Røyneberg og Schjerven seier at om prosjektet blir ein suksess, kan det opne dører for andre til å gjere det same.

– Vi trur at «grønplante-bølga» har komme for å bli. No er det i mange heimar over heile landet. Det står mange gartneri ubrukt. Dette kan kanskje vere ei moglegheit for nokon av dei, seier Schjerven.

No er dei spente på om prosjektet vil lukkast og om kundane er villige til å betale for berekraftige, norske planter.

Flere saker fra Innlandet