Hopp til innhold

Her er det 30 grader varmare enn på same tid i fjor: – Veldig uvanleg

FOLLDAL (NRK): På denne dagen i fjor var det nesten 20 minusgrader i Folldal. Fredag viste gradestokken over 12 raude.

Folldal, 6. november 2020

UVANLEG: Dette er eit uvanleg syn i Folldal i november. På denne tida i fjor var det rekordmykje snø i dalen.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

– Det er veldig høge temperaturar til å vere på denne tida av året, seier statsmeteorolog Eldbjørg Moxnes.

Fredag vart det målt 12,8 varmegrader i Folldal. Det er over 30 grader varmare enn på same dag i fjor.

– Det er veldig uvanleg. Det er jo sommartemperatur, seier Moxnes.

Soloppgang i et snødekt landskaå landskap

VANLEGVIS: Slik er vi vane med at det ser ut i Folldal i Innlandet i november. 6. november i fjor kraup gradestokken ned til -19,7. I år er situasjonen ein heilt annan.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Varmare i november enn i juli

Folldal er kjend for å ha svært kalde vintrar. Dalen er blant dei stadene i Noreg med lågast temperatur om vinteren, men også kjølige somrar.

Gjennomsnittstemperaturen i Folldal i juli var 9,5 grader. I løpet av sommarmånaden, slo dalen Hedmark sin kulderekord for juli, med minus fire grader.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

KALD SOMMAR: I juli slo Folldal kulderekorden for Hedmark i juli med minus fire grader. Gjennomsnittstemperaturen i Folldal i juli i år var 9,5 grader.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Fredag derimot viste gradestokken nærare tre grader varmare enn gjennomsnittet i juli.

– Det er uvanleg. Når ein har sommartemperaturar i november, så er det veldig spesielt, seier Moxnes.

Sommarnatt fleire stader i landet

Varme luftmassar kombinert med fønvind gav sommarnatt fleire stader i Sør-Noreg natt til fredag.

På Otta vart det blant anna meldt om 15,5 grader, Sande i Vestfold hadde 16,7 grader, medan Drammen kunne stikke av med den varmaste natta, med 17,1 varme.

Det er også sett fleire varmerekordar for november dei seinaste dagane.

Laster Twitter-innhold

Ifølgje statsmeteorologen er tida med dei høge temperaturane snart forbi. Allereie natt til laurdag vil det bli lågare temperaturar i Sør-Noreg.

– Det var nok den siste varme natta no. Temperaturen vil falle gradvis gjennom helga, seier Moxnes.