Den tidlegare kulderekorden for juli frå 1964 var på minus 3,5 grader ved Atnsjøen i Stor-Elvdal.
Klokka fem fredag morgon vart det målt minus fire grader i Folldal.
– Juni og juli har vi hatt sju kuldenetter her. Det er mange, og når det byrjar å krype ned til så mange minusgrader, då er det uvanleg, seier folldøl og NRK-reporter, Geir Olav Slåen.
Sjølv om det ofte er kjølig der, er det sjeldan at temperaturen kryp langt over på minussida i juli.
– Det har lett for at det bikkar på ei kaldnatt her i juni og juli som øydelegg statistikken.
Sjølv om kulderekorden for Hedmark er slått, er det ikkje ny kulderekord for Innlandet i juli.
Den vart sett 4. juli i år då gradestokken på Sognefjellshytta viste minus 7,2 grader.
Lågtrykk frå Finland
– Dei låge temperaturane kjem som følge av ein kombinasjon mellom lågtrykket over Sverige og Finland, som gir nordavind over Noreg og klar himmel, seier statsmeteorolog Charalampos Sarchosidis.
– Når det er klar himmel forsvinn all varmen som elles blir fanga av skyene.
Natt til torsdag var det minus 0,2 grader på Evenstad i Stor-Elvdal.
Også Nesbyen i Hallingdal hadde ei kjølig natt med 2,3 grader.
Medan det er nattekaldt fleire stader på Austlandet, kan dei nyte sommaren andre stader i landet.
Lågtrykket har plassert seg slik at det blir varm luft i Nord-Noreg og kaldare luft lengre sør. Det fører til at det i nord vil bli det beste vêret i landet.
Ei kald natt til
Trass minusgrader på natta, stig temperaturane når sola kjem fram. Klokka ni hadde temperaturen i Folldal stige til seks grader, og den kjem til å stige meir i løpet av dagen.
Statsmeteorologen fortel at i løpet av helga vil vêret skifte, men vi må rekne med ei natt til med grader på minussida østafjells.
– Sundag blir det meir skya og det blir slutt på dei låge temperaturane på natta. Etter det vil nok temperaturen halde seg på plussida.
GRILLSESONG: Det freistar kanskje ikkje så mykje å grille når gradestokken viser fleire minusgrader.
Foto: Geir Olav Slåen / NRKDet er godt nytt for dei som synest det har vore litt for kjølig dei siste nettene.
– Vi er vand med minusgrader oppi Folldal, også om sommaren, seier Slåen.
Han legg til at han ikkje synest det er så artig når terrassen rimar og blir glatt i juli.
– Men vêret får vi ikkje gjort noko med, det er berre å godta det.