Hopp til innhold

Tar grep mot vald og narkotika

Lillehammer vidaregåande skole set i verk tiltak for å hindre vald i ungdomsmiljøa.
På begge avdelingane på skolen blir det ein ekstra miljøarbeidar for å jobbe med skolemiljøet, skriv GD.
Det har vore fleire alvorlege valdshendingar med ungdom frå byen dei siste månadane, og kjøp og sal av narkotika blir trekt fram som ein årsak.

Leiinga ved skolen understrekar at utfordringane gjeld svært få elevar.

Lillehammer vidaregåande jobbar tett saman med politiet, men også med skolar i Gjøvik og Hamar som har liknande utfordringar.

Lillehammer videregående skole
Foto: Anne Storaunet