Hopp til innhold

- Fredsprisen kan føre til problem

Dekan Morten Irgens ved Høgskolen i Gjøvik reiser i dag til Shanghai for å samarbeide med kinesiske kolleger. Han fryktar at utdelinga av fredsprisen til den kinesiske fredsaktivisten Liu Xiaobo kan gjere arbeidet vanskelegare.

Morten Irgens og Liu Xiaobo

Morten Irgens er usikker på korleis kinesarane vil reagere på at Liu Xiaobo har fått Nobels fredspris.

Foto: Høgskolen i Gjøvik / Reuters (Montasje)

Litt provoserande kan vi kanskje samanlikne dette med at Kina hadde gjeve fredsprisen til Arne Treholt i 1984.

Morten Irgens

Utdelinga av Nobels fredspris til den fengsla fredsforkjemparen Liu Xiaobo har provosert kinesiske styresmakter.

Dekan Morten Irgens ved Høgskolen i Gjøvik reiser i dag, saman med fleire teknologiforskarar, til Shanghai for å samarbeide med kinesiske forskarar. Han legg ikkje skjul på at dette kan gjere møtet vanskelegare.

– Det fyrste eg tenkte var at dette kan gje oss litt problem neste veke. Det andre eg tenkte var at det var eit modig val, det neste var at eg håpar at det gjev resultat på sikt.

– Ein provokasjon

Irgens er usikker på korleis dei kinesiske kollegene og det kinesiske folket vil reagere på tildelinga av fredsprisen til ein fengsla medborgar.

– Det er jo ikkje så mykje informasjon i Kina om fredsprisen. Men dette er ein provokasjon for den kinesiske stat, og da blir det også ein provokasjon for mange kinesarar.

Han tykkjer at tildelinga er modig, men er usikker på om det vil hjelpe dei demokratiske prosessane i Kina.

– Ikkje vårt val

– Når vi reiser til Shanghai kan det hende vi må bruke noko tid på å fortelje at korkje vi eller norske styresmakter kan styre kven som får fredsprisen.

Og han trur ikkje det vil hjelpe at dei kjem for å preike om demokrati og menneskerettar når dei møter dei kinesiske kollegaene.

– Eg trur det vil virke mot si hensikt. Eg trur at vi, ved å samarbeide med Kina, kan hjelpe til auke demokratiseringsprosessane på sikt. Men det er ein lang, lang veg å gå.