Hopp til innhold

DAB-dekninga vurdert på ny

NRKs DAB-sendernett dekker no 99.7 % av befolkninga.

Her monteres lyden av fremtiden

Når 99,7 prosent av befolkninga: Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) har vurdert DAB-nettet på nytt etter at det har blitt forsterka med nye sendarar ein rekke stader i Noreg. Her kjem DAB-sendaren på Steigen i Nordland på plass.

Det er Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) som på oppdrag frå Kulturdepartementet har vurdert NRKs DAB-dekning på nytt.

Les rapporten: Nkom om NRKs DAB-dekning

Nkom har tidlegare vurdert NRKs dekning. Den var då på 99,5 prosent. Sidan har NRK bygd ut nettet ytterlegare, og dekninga har med det auka med 0,2 prosentpoeng.

Forsterka DAB-nett

Radio på FM kan høyrast i stereo eller mono. Sistnemnte har ikkje like god lydkvalitet, for signalet er svakare (6 dB til 20 dB lågare enn FM stereo), men dekninga er betre. Per 1. januar 2015 hadde FM-nettet hadde ei befolkningsdekning på ca. 98,6 prosent i FM stereo, mens mono-dekninga låg på 99,6 prosent, i følgje Nkom.

DAB-nettet har blitt forsterka med nye sendarar ein rekke stader i Noreg sidan den førre Nkom-målinga. Derfor har dei målt på nytt og funne ut at 99,7 prosent av befolkninga no kan høyre radio via DAB.

Les meir: