Dr. Fridtjof Nansen

IKKJE KLAR TIL AVREISE: 22 år gamle Dr. Fridtjof Nansen. Forskingsskipet ligg her til kai i Las Palmas.

Foto: Espen Hobbesland / NRK

Skipet som ikkje ville heim

Etter 22 år på reis skal forskingsskipet Dr. Fridtjof Nansen segle heim til Bergen. Men den gamle er lite reiselysten, viser det seg.

22 år gamle Dr. Fridtjof Nansen er meir vidfaren enn dei fleste jamaldringar.

1 mill 1000 nautiske mil har fartøyet lagt bak seg, i vitskapens teneste. Ei strekning som svarar til 40 gonger rundt jorda.

Mannskapet er no klare for siste turen, som går heim til Bergen. Men det er ikkje Nansen. Nede i motorrommet går det føre seg ein kamp mot klokka.

dr. fridtjof nansen

ULYD: Dei to mekanikarane, servicemann Jarle Håvik og maskinsjef Kjell Hufthammer sveittar i maskinrommet

Foto: Halvor Folgerø / NRK

I FN-teneste

Skipet har oppdaga nye fiskeartar og kjempa mot tropiske stormar.

Men viktigast av alt: det har kartlagt fiskeressursar, lært opp havforskarar frå mange ulike land i å forvalte fiskebestandane på ein berekraftig måte.

– Dr. Fridtjof Nansen er eit flytande universitet, fortel Oddgeir Alvheim, teknikar ved havforskingsinstituttet i Bergen.

Oppdragsgivaren til skipet har vore FN fram til no. Før denne siste reisa heim, må FN-flagget ned.

Firer FN- flagget

FIRER FLAGGET: Oppdragsgivaren til skipet har vore FN fram til no. Før denne siste reisa heim, må FN-flagget ned.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Siste internasjonale oppdrag er unnagjort for denne utgåva av Nansen. No ventar nye oppgåver heime.

I Spania står ein ny og større Dr. Fridtjof Nansen klar til å bli sjøsett i løpet av hausten.

Det blir den tredje i rekka. Historia starta allereie i 1975, då den første Nansen blei sjøsett i Bergen.

1 mill 1000 nautiske mil har fartøyet lagt bak seg, i vitskapens teneste. Ei strekning som tilsvarer 40 gonger rundt jorda.
Dei har vore på tokt mange gonger til Namibia. Og der har Nansen verkeleg hatt stor betydning for landet si utvikling som fiskerinasjon.

– Det er ein ulyd her vi ikkje finn ut av

Dette fartøyet ventar ombygging og namnebyte når det kjem heim til Bergen. Dr. Fridtjof Nansen skal bli til "Kristine Bonnevie", og gå langs norskekysten.

Det blir dermed det første forskingsskipet som får kvinnenamn, etter Norge si første kvinnelege professor.

Men før det kjem så langt, må det heim. Nede i motorrommet går det føre seg ein kamp. Det er mann mot maskin.

Servicemann Jarle Håvik har reist heilt frå Wärtsila på Bømlo for å hjelpe maskinsjef Kjell Hufthammer, med å gjere den slitne motoren klar for turen nordover.

Det skal vise seg å bli ein tøffare jobb enn dei har trudd.

– Det er ein ulyd her vi ikkje finn ut av, seier Håvik, og klør seg i hovudet.

Dei trudde først det var ei oljetrykkspumpe, men den viste seg å vere i orden. Etter den andre prøveturen på to dagar, høyrer dei framleis ulyden frå motoren.

På akterdekket sit no to molefonkne og oljeflekkete motorekspertar og pustar ut ei stund.

– Vi gjer oss ikkje så lett, seier Hufthammer.

«Grand Old Man»

I mellomtida har Oddgeir Alvheim og kollegaen Unni Bernson frå Havforskingsinstituttet nok å gjere.

22 år med forskingshistorie skal pakkast bort og ryddast. Mikroskop blir løfta forsiktig over i pappesker, kunst blir skrudd ned frå veggene.

Sjølv Portrettet av Fridtjof Nansen, som har vakta over sofakroken i byssa med sitt strenge blikk, må ned.

Oddgeir Alvheim er teknikar, ikkje havforskar. Likevel blir han av kollegaene omtalt som ein Grand Old Man om bord på Nansen.

Forutan ein litt inntørka Juka-palme på brua, er Alvheim den einaste som har følgt skipet frå starten. Få, om nokon, har så god greie på fisk som han, får vi høyre. 71 åringen er eigentleg pensjonist, men klarer ikkje sleppe taket i jobben.

– Dette har vore min andre heim, og eg er veldig glad for at eg fekk bli med på denne aller siste turen. Men det blir rart å forlate skuta for siste gong, seier han, og ser tenksamt ut over den enorme hamna i Las Palmas.

Opp gjennom åra har han arbeidd saman med forskarar frå mange ulike land, særleg i Afrika og Søraust-Asia.

Oddgeir Alvheim

PÅ SISTE TUR: Oddgeir Alvheim er teknikar, ikkje havforskar. Likevel blir han av kollegaene omtalt som ein Grand Old Man om bord på Nansen.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Ein fisk har fått namnet hans

– Når vi er på tokt, har vi alltid med oss forskarar frå dei landa vi har oppdrag i. Målet er at vi skal gjere oss sjølv overflødige på sikt. Særleg i Namibia har vi hatt suksess, fortel Oddgeir Alvheim.

Dei har vore på tokt mange gonger til Namibia. Og der har Nansen verkeleg hatt stor betydning for landet si utvikling som fiskerinasjon.

Til saman seks år av livet sitt har Oddgeir Alvheim budd om bord på Dr. Fridtjof Nansen. Og strevet har ikkje vore forgjeves.

For nokre år sidan blei det oppdaga ein ny fiskeart utanfor Mauritius, ein slags flyndrefisk. Den fekk namnet Novaculops alvheimi, kalla opp etter teknikaren sjølv.

– For meg kom det som ei stor og gledeleg overrasking, seier mannen, som også har lånt bort namn til ein snigel. – Det er ikkje Iberia-snigelen, understrekar han, og ler.

For nokre år sidan blei det oppdaga ein ny fiskeart utanfror Mauritius, ein slags flyndrefisk. Den fekk namnet Novaculops alvheimi, oppkalt etter Alvheim sjølv.

Kjærleiken har blomstra om bord

Nansen har også sett sine spor på det heilt nære planet. Fleire har treft sin livspartnar om bord, eller i hamnar der skipet har lege til kai under tokt.

Om det er tette buforhold eller heftige Afrikanske solnedgangar som har sett fart i hormona, er ikkje godt å seie.

Blant dagens mannskap er det i alle fall to som får litt ekstra raudfarge i kinna når akkurat dette emnet kjem på bane. Matros Børge Torsvik frå Øygarden og

Møtte kvarandre ombord

PAR: Matros Børge Torsvik frå Øygarden og forpleiingsassistent Signe Roska frå Bergen har funne kjærleiken om bord på Dr. Fridtjof Nansen.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

forpleiingsassistent Signe Roska frå Bergen har funne kjærleiken om bord på Dr. Fridtjof Nansen.

– Du får høyra med Signe, seier ein lett sjenert matros på spørsmål om korleis det skjedde.

Men det har også vore mindre hyggelege hendingar

Kuleholet

Den som ferdast i afrikanske farvatn, må nemleg også vere budd på dramatikk. Dr. Fridtjof Nansen er ikkje noko unntak.

Eit kulehol i masta på styrehuset talar sitt tydelege språk. Det skjedde utanfor Ekvatorial-Guinea

– Ikkje alle får med seg at dette er ein FN-båt i fredeleg oppdrag, seier han. Skyteepisoden bygde på ei misforståing, og vi får berre vere glad at ikkje liv gjekk tapt, seier kapteinen Nils Hufthammer. Han har berre fått historia fortalt.

Oddgeir Alvheim var heller ikkje med på dette toktet, men har sjølv opplevd nifse situasjonar.

– Eg hugsar godt ein gong utanfor Jemen. Då gjekk det hylande granatar rett over hovudet på oss. Til alt hell var det ingen som trefte, og dermed var det berre å komme seg unna fortare enn svint.

Eit kulehol i masta på styrehuset talar sitt tydelege språk. Det skjedde utanfor Ekvatorial-Guinea.

Kampen i maskinrommet

Dei to mekanikarane sveittar enno i maskinrommet. Kampen langt frå over. Gamle Nansen snudd vrangsida til, og nekta å forlate sol og varme i Las Palmas.

Fire dagar er gått sidan den planlagde avreisedagen, og den mystiske ulyden er enno ikkje lokalisert.

– No har vi berre ein ting å gjere. Det er å gå systematisk gjennom alle deler, komponent for komponent, seier radarparet Hufthammer og Håvik.

Dermed er det klart for tredje prøvetur. Og endeleg kjem beskjeden alle har venta på: Den gamle Wickmann-motoren er friskmeld.

Dr. Fridtjof Nansen kan endeleg ta fatt på si aller siste reis, heim til Bergen.

Dr. Fritjof Nansen

AVREISE: Fire dagar er gått sidan den planlagde avreisedagen. Dr. Fridtjof Nansen kan endeleg ta fatt på si aller siste reis, heim til Bergen.

Foto: Espen Hobbesland / NRK