Vil stoppa 3400 bustadar fordi dei ligg for langt til skogs

Frykt for at 10.000 bebuarar i gigantprosjektet må køyra bil gjer at planen til Bergen kommune kan bli stansa.

Vårheia boligplaner Arna

FOR LITE SENTRALT: Fylkeskommunen vil stoppa bygging av Vårheia bustadfelt i Arna. Grunn: Det vil ligga for langt unna sentrum og skapa biltrafikk.

Foto: Illustrasjon / Multiconsult

Bergens minste bydel har knapt hatt folkeauke dei siste tretti åra. Men blant Arna sine 13.000 innbyggjarar vil kommunen laga plass til 10.000 nye – fordelt på 3400 bustadhus i området Vårheia.

Bergen kommune går inn for prosjektet, som no er ute på høyring.

Men Hordaland fylkeskommune meiner det er ein dårleg idé, fordi området over Indre Arna ligg for langt unna sentrum.

– Dette vil generera biltransport. Det vil kunna gje 30 gongar større utslepp av CO₂ enn alternativ utbygging, meiner direktør for regional utvikling, Bård Sandal.

Trur folk blir avhengig av bil

Bustadvekst i Bergen skal skje slik at innbyggjarar skal kunna gå, sykla eller reisa kollektivt til sitt sentrumsområde.

Planane i Vårheia står dermed i sterk kontrast til Bergen sine tankar om kompakt byutvikling. Fylkeskommunen meiner planane er i strid med fleire delmål i kommunedelplanen.

Bård Sandal

FRYKTAR BILTRAFIKK: Direktør for regional utvikling Bård Sandal meiner Bergen vanskeleg vil kunna oppfylla sine klimaforpliktingar ved å tillata utbygginga. Han vil ha utbygging nærare sentrum.

Foto: Christian Lura / NRK

Det vil verta dyrt og vanskeleg å laga eit kollektivtilbod som vil kunna konkurrera med bil, meiner fylkesdirektøren. Då passar det dårleg å leggja til rette for biltransport for 3400 husstandar.

Sandal fryktar at både regionale og nasjonale mål om redusert bilbruk vil bli totalt overkøyrt.

– I ytterkant ligg feltet fire kilometer frå sentrumsområdet og høgdeskilnaden er 250 meter. Me er redde dette vil føra til bruk av bil.

Ifølgje utrekningar gjort av fylkeskommunen vil ei utbygging i Vårheia kunna gje mellom fem og 30 prosent høgare utslepp enn ei utbygging nærare sentrum.

Fagfolka på fylkeshuset sitt råd er difor klart: Utbygginga bør stansast.

Også Statens vegvesen og Fylkesmannen har vore kritiske til prosjektet tidlegare, som BA omtalte i haust.

Arna fra Arnanipa

SENTRUM: Det er området til høgre i biletet som etter planen skal husa fleire tusen bustadhus. Planområdet strekk seg vidare i retning Ytre Arna, ut av biletet.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– For negativ tankegang

Det trur bystyrepolitikar og arnabu Geir Steinar Dahle (Ap) vil vera ein stor feil.

– Rekneskapen er gjort ut frå at alle i området skal køyra bil med fossilt drivstoff. Slik utviklinga går vil me få meir miljøriktig transport.

Dale, som leiar byutviklingskomiteen, meiner folketalet rettferdiggjer eit nytt busstilbod til bustadfeltet.

– Buss eller anna transport til jernbanestasjonen vil bli brukt så mykje at eg trur det vil betala seg nokså greitt.

Men fylkesdirektøren trur ikkje ei ny kollektivlinje i fjellsida langs Arnavågen vil svara seg.

– Det inneber fem-seks millionar i ekstrakostnader i året.

Geir Steinar dale

VIL BUSSA: Leiar i komite for miljø og byutvikling Geir Steinar Dahle (Ap) frå Arna meiner fylkeskommunen tek feil. – Her bør ein legga til rette for buss.

Foto: Christian Lura / NRK

Saknar utvikling i Arna

Dale er sterkt kritisk til at fylket set bremsen på i arbeidet med å skaffa fleire bustader til bydelen lengst aust i Bergen.

– Arna er den bydelen som ikkje har fått ta del i befolkningsauken. Det offentlege tilbodet er under press fordi folk blir eldre og skular blir truga med nedlegging. Det er trong for ein utvikling i vår bydel, seier komitéleiaren.

Bystyret vil truleg endeleg handsama utbyggingsplanane seinare i år.