Den sokalla «Trekant-tomta» på Nygårdstangen i Bergen sentrum er svært attraktiv. Dei siste åra er det bygd svømmehall, vidaregåande skule og ny brannstasjon like ved tomta.
I årevis har den vore reservert for eit nytt politihus i Bergen. Hemmelegstempla dokument syner at dette er tomta som politiet sjølv ynskjer å bygga nytt på.
Men Dag Skansen (H) er lei av å venta. På dagens bystyremøte vil han føreslå at bystyret kastar visjonen om politihus på båten, og går heilhjarta inn for å etablera ein is- og kulturhall på tomta slik næringslivet lenge har drømt om.
Mens investorer vil støtte en toppidrettshall med hockey, hotell og konferanser, har Trond Mohn signalisert at han vil støtte en breddeidrettshall for håndballen, skriv BT.
– Bergensarane må bestemma seg
– Dette er det siste tilgjengelege arealet i Bergen sentrum som kan gi bergensarane ein skikkeleg byarena, seier Skansen.
Området husar i dag lastebilar og bussar.
– Bergensarane må bestemme seg for kva dei vil bruka slike tomter til. Det er den einaste tomta som passar til ein byarena.
I fleire år har politihusplanane vore gjennom ei ørkenvandring mellom regjering, direktorat og politidistriktet.
No viser hemmelegstempla utgreiingar NRK har fått tak i at nybygg på Nygårdstangen kjem best ut på nesten alle parameter. Ifølgje politidistriktet si konseptvalutgreiing kjem alternativet best ut på beredskap, effektivitet i politiarbeidet, førebygging av kriminalitet og tryggleik for tilsette og arresterte.
LES OGSÅ:
– Nytt for oss
Rapporten har ikkje vorte offentleg – fordi justisdepartementet ønskjer fleire utgreiingar.
– Det er nytt for oss. Vi har etterlyst eit svar frå politiet og justisdepartementet om dei er interessert i trekant-tomta eller ikkje, seier byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) til NRK.
Han ynskjer likevel ikkje noko diktat frå bystyret om kor ein ny byarena bør hamna.
– Vi trur det er klokt å halde ulike tomter opne for akkurat det, og ikkje låse oss til ei konkret tomt, seier Schjelderup, som reknar med å halde eit møte med politiet i nær framtid.
– Det er snart på tide med ein konklusjon. Vi må høyre om dei har ein konkret interesse for tomta.
Ber politikarane tenkje seg nøye om
Dag Skansen (H) meiner både det førre og noverande byrådet har vore for redde for å skjera igjennom – og meiner bystyret i dag bør gje eit tydeleg svar.
– Eg er redd for at vi ikkje får noko byarena dei neste 20 åra, om vi ikkje syner litt pågangsvilje no. Det er ikkje slik at om politiet ikkje får bygge på akkurat denne tomta, så forsvinn dei frå Bergen, argumenterer han.
Peter Christian Frølich (H) i justiskomiteen på Stortinget forstår godt at det verkar forlokkande å etablera ein ny byarena på «Trekant-tomta», men ber bystyrepolitikarane tenka seg godt om.
– Eg håpar bystyrepolitikarane hugsar at byen har behov for ein ny, større og betre rusta politistasjon enn det den har i dag.
LES OGSÅ: