Hopp til innhold

Vil kasta lovbrytande bustadspekulantar ut av Bergen sentrum

BERGEN SENTRUM (NRK): Bergen kommune har unnlate å ta tak i ulovleg bygging i mange år. Fleire fryktar at dette fører til mindre respekt for lovverket og farlege buforhold.

Tormod Carlsen

FARLEGE BUFORHOLD: Tormod Carlsen, styreleiar i Bergen Byliv, peiker på fleire problem ved at kommunen ikkje tar tak i ulovlegheiter.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Trass i at Bergen kommune kjenner til ulovleg bygging, er det mange som år etter år slepp unna.

Sondre Båtstrand (MDG) er redd for at mangelen på reaksjonar fører til at folk mistar respekten for lovverket.

– Når ein ser at så mange slepp unna med ulovlegheiter, kan det føra til at fleire bygger ulovleg.

Farlege buforhold

Ved årsskiftet hadde kommunen over 1300 saker liggande. I fjor gjennomførte byggesaksetaten nær 400 tilsyn, og i over 20 prosent av sakene skjedde det aldri noko meir.

– Det er veldig mykje som ikkje er følgt opp. Ein del saker er såpass lite undersøkt at me ikkje eingong veit om bygginga er lovleg eller ikkje, seier Sondre Båtstrand.

Sondre Båtstrand

MISTAR RESPEKTEN: Sondre Båtstrand (MDG) meiner at praksisen til kommunen fører til at folk mistar respekten for lovverket.

Foto: Sølve Rydland / NRK

MDG-politikaren meiner at kommunen må starta med å finna ut kor mange lovbrot ein har.

Styreleiar i Bergen Byliv, ein paraplyorganisasjon for velforeiningane i Bergen sentrum, Tormod Carlsen, er einig i at ulovleg bygging er eit stort problem i Bergen.

Carlsen meiner utbyggarar som ikkje følger lover og reglar kan by høgare på hus enn andre, fordi dei driv høgare utnytting av eigedommar, som kan føra til farlege buforhold.

– I fjor sommar trefte eg ein ung student i Sydnesgaten, som hadde trudd ho skulle flytta inn i eit nydeleg hus like ved universitetet. Men rommet og leilegheita var så trong og overutnytta at ho måtte ut for å pusta, seier Carlsen.

Lover innsats

I 2007 oppretta Bergen kommune ei eiga gruppe for tilsyn med ulovleg bygging. Samstundes vart innbyggjarane oppfordra til å koma med tips.

Tormod Carlsen fortel at Bergen Byliv har rapportert om ulovleg ombygging mange gonger, og at kommunen like ofte fastslått at det dei rapporterer om er ulovleg, men ikkje følgt det opp.

– Dei einaste som tener på dette, er spekulantane. Byen taper på denne mangelen på reaksjonar, seier Carlsen.

Byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti (Ap) stadfester at ulovleg bygging har vore nedprioritert i mange år, og grunngir dette med mangel på ressursar. Men no lover ho å setja inn støyten.

– Me kan ikkje ha det sånn, så her må det friske pengar inn, så etaten kan gripa fatt i ulovlegheiter. Dette er det brei einigheit om, både hos posisjon og opposisjon.

Sondre Båtstrand (MDG) meiner dette er positive taktar frå byråden.

– Fram til no har veldig mange fått brev frå kommunen om at ein veit om ulovleg bygging, men at dei ikkje vil gjera noko med det. Det gir eit veldig uheldig signal. No trur eg me kan snu på det, og få ein ny praksis.

Dei som blir tekne for ulovleg bygging risikerer tvangsmulkt og pålegg om riving.

Anna Elisa Tryti

VIL TA TAK: Byråd Anna Elisa Tryti fortel at ulovlege byggesaker har blitt nedprioritert, men vil ta tak i problemet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK