Hopp til innhold

Vil ha lege sikta for aktlaust drap etter at Djabrail (6) døydde

Advokatane meiner legen som sette sprøyta i hovudet på Djabrail (6) kan tiltalast for aktlaust drap. – Ikkje ei sak for strafferettspleia, meiner ekspert på helsejuss.

Djabrail

FEILBEHANDLA: Seks år gamle Djabrail Sulejmanov døydde etter å ha blitt feilbehandla på Haukeland sjukehus. Foreldra ynskjer at legen som gjorde feilen skal møta framfor ein domstol.

Foto: Privat

Jan Inge Thesen og Thorsteinn J. Skansbo frå advokatfirmaet Robertsen representerer foreldra til Djabrail Sulejmanov, som torsdag døydde på Rikshospitalet etter å ha blitt offer for feilbehandling på Haukeland universitetssjukehus.

Foreldra til Djabrail vurderer å gå til erstatningskrav mot sjukehuset og legen som sette sprøyta på sonen.

– Viss det er grovt aktlaust, som mykje tyder på så langt, så er det heilt klart aktuelt, sa Thesen til NRK fredag.

Djabrail (6) blir fraktet med luftambulanse-fly fra Bergen til Oslo

FLYTRANSPORT: Seksåringen blei transportert til Rikshospitalet i Oslo etter sterkt ynskje frå familien. Etter nesten to veker i respirator, blei han kopla frå og døde 14. september.

Foto: John Arnt Nøstdal / NRK

– Openbart at politiet kan tiltala for aktlaust drap

Helsetilsynet granskar hendinga. Dei reknar saka som svært alvorleg, og jobbar med ein rapport

Fredag sende tilsynet brev til politiet med oppmodinga om å etterforska feilmedisineringa av 6-åringen, skriv VG.

I går sa politiet til NRK at dei ikkje kunne sjå bort frå ei tiltale for aktlaust drap i saka.

Advokat Thesen meiner feilen som blei gjort er så grov at det absolutt kan bli tilfellet.

Lom-Ali og Fatima, Djabrails foreldre

MOR OG FAR: aLom-Ali Sulejmanov og Fatima Jusjukajeva har fått Jan Inge Thesen som advokat. – Foreldra ynskjer at saka skal bli godt opplyst og forfølgt av politiet og det offentlege, seier han.

Foto: Privat

– Slurvefeil skal ikkje førekoma

Men det skal mykje til at for ei slik sak hamnar i strafferettspleia, meiner advokat og jusstipendiat Anne Kjersti Befring ved Universitetet i Oslo.

Befring, som har bakgrunn frå Helsedirektoratet og Helsetilsynet, vil ikkje uttala seg om den aktuelle saka, men meiner på geneell basis at det blir gjort for mange feil.

– Slurvefeil i omgang med potensielt dødeleg legemidlar, bør ikkje førekoma. Det må både sjukehuset og helsepersonell ta ansvar for. Det er óg av betydning korleis sjukehuset kommuniserer til dei pårørande i ein slik situasjon.

Anne Kjersti Befring

EKSPERT PÅ HELSEJUSS: Stipendiat og advokat Anne Kjersti Befring ved UiO har bakgrunn frå Helsetilsynet og Legeforeningen.

Foto: Universitetet i Oslo (UiO)

– Straffeforfølging er sjeldan

Ho meiner likevel terskelen for straff er høg når det gjeld helsepersonell.

– Straffeforfølging i denne type saker er sjeldan. Folk som står i fare for å døy av sjukdom, kan bli redda av legar på sjukehus. Men det kan òg tenkast at pasienten likevel døyr, også fordi det blir gjort feil under behandling, seier Befring.

Ho poengterer at legane som oftast reddar liv, er dei same som oftast gjer feil. Det er forklaringa på kvifor straffesystemet historisk sett har spela ei mindre rolle i saker der helsetilsynet har etterforska forhold.

– Ved å gi straffesystemet ei større rolle innanfor helsesektoren, får ein eit dårlegare helsesystem. Konsekvensen kan bli eit dårlegare tilbod ved behandling av alvorleg sjuke og at dyktige legar som gjer feil, mister autorisasjonen og forsvinn.

Dei aller fleste legar som jobbar med alvorleg sjuke pasienter opplever å gjera feil. Dei aller fleste opplever at feilen ikkje får direkte og konsekvensar.

Anne Kjersti Befring, seniorforskar og professor i helserett

Meiner presset på sjukehusa har auka

Befring seier det er viktig at tilsynsstyremaktene og politiet no får undersøka alle omstenda i saka.

– Det er forståeleg at foreldra vil at den ansvarlege må stå til rette for feilen som har ført til så fatale konsekvensar. Då er det naturleg å peika på nokon. Men det er ikkje nødvendigvis den aktuelle legen som er den rette å peika på. Her må ein snu alle steinar.

Befring, som er tidlegare forhandlingsdirektør i Legeforeningen, meiner presset på sjukehusa har auka sterkt dei siste åra. Ho kallar sjukehus for risikoverksemder som i for liten grad blir leia og styrte som risikoverksemder.

– Det betyr at sjukepleiarar, legar og andre i større grad enn tidlegare føler at risikoen for feil har auka.