Forlenga Fløyfjellstunnel tilbake i debatten

Arbeidarpartiet kastar forslaget om ein forlenga Fløyfjellstunnel tilbake igjen i den oppheta debatten om bybanen til Åsane.

Geir Steinar Dale

I FORHANDLINGAR: Geir Steinar Dale frå Arbeidarpartiet forhandlar med Frp og Høgre om bybanetrasèen til frå Bergen sentrum til Åsane.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Forslaget som Ap no skal ha kasta på bordet i debatten om bybane- og tunnelutbygging i Bergen sentrum, opnar opp att for å bygga ein forlenga Fløyfjellstunnel.

Ifølge Bergens Tidende skal Ap ha føreslege å droppa Skansentunnelen i sentrum. Tunnelen, som også går under namnet Bymiljøtunnelen, er meint å sikra ein bilfri Bryggen. Men partiet meiner pengane heller bør nyttast på å forlenga Fløyfjellstunnelen.

– Ein av tinga vi vil prioritera i forhandlingane er å få på plass ei betre trafikkløysing i Ytre Sandviken, seier Ap sin fraksjonsleiar i byutviklingskomiteen, Geir Steinar Dale.

Forlenge Fløifjellstunnelen

FORLENGING LIKEVEL?: Slik kan det bli sjåande ut i Ytre Sandviken om Fløyfjellstunnelen vert forlenga til Eidsvåg.

Foto: Norconsult

– Gjer same nytta

Å forlenga Fløyfjellstunnelen og heller la ein ny bybanetrasé mot Åsane gå i det sørgåande løpet av dagens motorveg i Ytre Sandviken, har lenge vore ein del av diskusjonen.

Høge kostnader har gjort at Høgre og Frp har skrinlagd alternativet, men det kan bli prisen dei to partia må betala om dei skal få med seg Arbeiderpartiet på bybanetunnel ved Kjøttbasaren i sentrum.

Dale i Ap meiner ein kan spara sentrum for Skansentunnelen, fordi ein forlenga Fløyfjellstunnel i hans auge vil gjera same nytta.

– Bymiljøtunnelen er tenkt å koma ut i området ved Bystasjonen, ikkje langt frå utløpet til Fløyfjellstunnelen. Får vi bygd nokre avkøyringsramper frå Sandviken og inn i Fløyfjellstunnelen, vil det gjera same nytta.

– Då kan ein bruka pengane ein sparar på ikkje bygge sentrumstunnnel til Fløyfjellstunnelen, seier Dale til BT.

Siste video

Planetaten i Bergen kommune har lagt frem sitt forslag til ny trasé for Bybanen til Fyllingsdalen. Se hvordan de ser for seg den ti kilometer lange skinnegangen som vil koste minst 6,2 milliarder kroner.
En meteor eksploderte og brant opp i atmosfæren vest for Bergen i natt. De som var våken fikk seg et spektakulært show på nattehimmelen.
Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.