Hopp til innhold

Stengte veg til marinebase etter mistenkeleg koffertfunn

Politiet har opna fylkesveg 558 ved marinebasen Haakonsvern i Bergen etter at det vart funne ein koffert i vegbana.

Politibiler ved Haakonsvern

VEGEN OPNA: Politiet har opna vegen att, ein time etter at den mistenkelege gjenstanden vart funne ved marinebasen.

Foto: Christian Lura / NRK

Innsatsleiar Rune Vedeler avdramatiserer situasjonen.

–Det var rett og slett hittegods, ein gammal koffert, ikkje noko meir enn det. Men sidan dette var like ved eit militæranlegg, måtte vi ta det alvorleg.

Politiet fekk melding klokka 10.50, og veien vart stengt like før klokka 11.00.

Etter nesten ein time var faren avblåst og vegen vart opna.

Operasjonsleiar Stein Rune Halleraker ved Hordaland politidistrikt seier at funnet vart gjort like ved marinebasen i retning Alvøen.

Dei sperra av området rundt hovudblokka som ligg nærast vegen.

– Politiet undersøkte om dette var eit reelt trugsmål, eller hittegods. Kofferten er nå klarert og sperringane oppheva, seier Halleraker.

Han vil ikkje uttala seg om bombegruppa vart kontakta.

Laster Twitter-innhold